Lina Viste Grønlis skulptur HEI (2015) helser oss velkomen utanfor Statens Vegvesen i Leikanger. Foto: Ingvild Brekke Myklebust
Aktuelt


Undersøking om kunst i offentlege rom

KORO vil gjerne kartleggje korleis kommunar og fylkeskommunar arbeider med kunst i offentlege rom. Difor vert det frå 4. til 15. desember gjennomført ei spørjeundersøking, der vi fokuserer på korleis kommunar og fylkeskommunar arbeider med produksjon av ny kunst, registrering og forvalting av eksisterande kunst, og oppfølging av kunstsamlingar.


Målet med undersøkinga er å få eit mest mogleg representativt bilete av status og behov på feltet i dag, og kva rolle ein ventar KORO kan spele framover for å styrke kommunar og fylkeskommunar si evne til å ivareta behova innan kunstfeltet. Undersøkinga vert gjennomført i samarbeid med Respons Analyse.

Alle kommunar og fylkeskommunar vil få ein e-post frå Respons Analyse med ein lenke til eit nettbasert skjema.

Vi håpar på høg deltaking, slik at resultat frå undersøkinga kan gi eit korrekt og representativt bilete av dagens situasjon.