Anders Sletvold Moe har forvandla himlingen over inngangspartiet til Volda og Ørsta lensmannskontor til opplyste skulpturelle former. «Opposite Mountain Lights» er inspirert av naturen i nærmiljøet. Foto: Werner Zellien
Aktuelt

Oppsøk kunst nær deg

KORO har gjennomført fleire hundre kunstprosjekt på offentlege plassar som sjukehus, postkontor, fengsel og høgskular. Er du klar for ei kunstvandring litt utanom det vanlege? Den oppdaterte kartfunksjonen vår hjelper deg med å finne kunst der du er.

KOROs kunstprosjekt har resultert i meir enn 8000 registrerte verk. Men sidan dei ikkje er på galleri eller museum, kan dei vere vanskelege å finne. Derfor har vi laga eit kart som viser veg. Gå inn på eit av våre registrerte kunstprosjekt og sjå kva verk som finst i nærleiken av deg.