Kva er rolla til kunsten og kunstnaren i dagens minnekultur? Korleis kan kunst gi rom for refleksjon, deltaking og motstand i ei tid prega av uro? Og kva verdi har slike bidrag i den offentlege samtalen om fellesskap, ansvar og demokrati? Velkommen til panelsamtale i Arendal tysdag 12. august. Foto: Mona Hauglid, Arendalsuka 2023.
Aktuelt

Kunst, minne og demokrati – KORO deltek på Arendalsuka

I år er det 80 år sidan frigjeringa i 1945 og 14 år sidan terroren 22. juli 2011. Meir enn på lenge møter vi no krefter som utfordrar det opne, demokratiske samfunnet. Autoritære straumdrag veks, og polariseringa aukar – òg i etablerte demokrati.

I ei slik tid blir arbeidet med historiske minne meir relevant enn nokon gong. Korleis kan slike minne aktiverast for å forsvare og styrke demokratiske verdiar i notida? I denne panelsamtalen møtest fleire aktørar frå kunstfeltet som har engasjert seg i minnearbeid med nettopp dette som mål – å bidra til demokratibygging gjennom kunstnariske prosessar og uttrykk. Saman spør vi: Kva er rolla til kunsten og kunstnaren i dagens minnekultur? Korleis kan kunst gi rom for refleksjon, deltaking og motstand i ei tid prega av uro? Og kva verdi har slike bidrag i den offentlege samtalen om fellesskap, ansvar og demokrati? 

Trude Schjelderup Iversen, seniorkurator i KORO og ansvarleg for KORO sitt arbeid med ny nasjonal minnestad etter 22. juli i det nye regjeringskvartalet, deltek i samtalen.

Arrangementet er ein del av Frihetens pris, Falstadsenteret si programsatsing i 2025. Serien tek opp kva fridom betyr i dag – og kva det krev å verne om den, åtti år etter frigjeringa.

Medverkande

  • Ingeborg Hjorth – fagleg leiar, Falstadsenteret (ordstyrar)
  • Elisabeth Hansen – teatersjef, Trøndelag teater
  • Nina Wester – dramatiker
  • Siri Hermansen – biletkunstnar
  • Trude Schjelderup Iversen – seniorkurator, KORO

Stad: Menneskerettsteltet, ytst på Langbrygga

Når: Tysdag 12. august, kl. 11:30 – 12:30

Les meir om arrangementet her.

Kunstnar Matias Faldbakken skal utforme den nye nasjonale minnestaden etter 22. juli i regjeringskvartalet. Seniorkurator Trude Schjelderup Iversen snakker om KORO sitt arbeid med prosjektet i panelsamtalen «Kunst, minne og demokrati: Kva kan kunsten bidra med i urolege tider?» under Arendalsuka 2025. Foto: Vegard Kleven / KORO.