Bjørn Båsens kunstnarskap omfattar måleri, skulptur og teikneseriar og ber referansar til mytologi, fortid- og nåtidsdekadanse, eventyr og realisme. Til Institutt for lærarutdanning og pedagogikk i Tromsø har han laga to verk: Arctic Cabinet og Chronicle X (Tromsø). Foto: Aksel Jermstad.
Aktuelt

Kontekstar for læring

For Bjørn Båsen har kunstprosjektet til Institutt for lærarutdanning og pedagogikk i Tromsø resultert i ny kunnskap og nye sider ved kunstnarskapet.

Eggedal er ei fjellbygd i Sigdal kommune i Buskerud, med Numedalsfjella i vest, Norefjell i aust og litt over 1000 innbyggarar. Ei sightseeing i sentrum via Google Maps viser einebustader, småbruk og skogkledde fjell som omkransar ein liten kjerne med daglegvarebutikk, jernvarehandel og kafé. I sentrum ligg også Eggedal kyrkje, eit kvitt trebygg frå 1878. Kunstnar Bjørn Båsen kan sjå kyrkjespiret frå vindauget, fortel han på telefonen.

Han voks opp her, som odelsgut.

– Men eg begynte å teikne allereie da eg var bitte liten, så foreldra mine forstod ganske kjapt at eg ikkje var noko bondeemne.

Han ler ein lun, lite sjølvhøgtideleg latter, den første av fleire gjennom samtala.

Fanatisk forfall

Søstera overtok garden, mens Båsen drog til Bournemouth og kunststudium i 2001. Da han kom tilbake frå England, blei eit av stabbura på familiegarden gjort om til atelier, der han jobba mellom masterstudiet ved Kunsthøgskolen i Oslo og ein periode i Berlin.

I dag har både arbeidet og kunstnaren vendt tilbake til røtene for godt. Stoiske Eggedal er bakteppet for Båsens dekadente, fargerike og komplekse univers, som er gjennomsyra av personlege mytar, horror, sci-fi, rokokko og teikneseriar. Det er handverksmessig imponerande, innhaldsmessig forseggjort. Ideane manifesterer seg som måleri, skulptur eller grafiske noveller. Eit tilsynelatande attraktivt ytre lokkar sjåaren nærmare, før eit mørke, ein bismak, blir avslørt – som heksa i kakehuset eller gifta i eplet til Snøkvit.

Sjølv oppsummerer han det slik: «Eg liker at etter eit godt førsteinntrykk så får du eit skikkeleg dårleg andreinntrykk.»

– Eg jobbar med det som er igjen av fordums prakt, og brytninga mellom det vakre og det forderva. Eg trur mykje av tematikken blei sådd da eg var liten. Garden eg voks opp på, hadde vore forlate i 20 år og ikkje vore pussa opp på sikkert 100 år. Det var mange flotte ting der, men alt var veldig forfalle.

– Sci-fi-forfattaren J.G. Ballard sa ein gong i eit intervju at han trong eit rutineprega, roleg forstadsliv for å få rom til å skrive ut fantasiane i romanane sine. Kan du kjenne deg igjen i det?

– Ja, men kanskje på ein litt annan måte. Eg hentar inspirasjon frå byar, frå Oslo, frå Berlin eller andre stader i utlandet. Men eg må tilbake til Eggedal for å jobbe. Eg klarer ikkje å bearbeide inntrykka skikkeleg før eg kjem til ein plass kor det er rolegare og ikkje fullt så høg puls.

Kunstnar Bjørn Båsen (f. 1981) bur og arbeider i Eggedal, i eit stabbur på familiegarden som er gjort om til atelier. Her har han laga eit av verka til Institutt for lærarutdanning og pedagogikk i Tromsø (ILP), eit over 100 kilo tungt vitrineskåp. Foto: Aksel Jermstad. Tekninga er ei skisse av skåpet, laga av kunstnaren sjølv.

Ein ny funksjon

Båsen er ein av seks kunstnarar som har bidratt i KOROs kunstprosjekt til Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP) ved Universitetet i Tromsø. Han er den einaste utan direkte tilknyting til byen, men han har vore i Tromsø fleire gonger – blant anna i samband med utstillinga Sort romantikk ved Nordnorsk Kunstmuseum i 2009.

Han fortel at både måleriet og skulpturen han har laga til ILP, beveger seg litt utanfor måten han vanlegvis arbeider på. Sistnemnde, eit over 100 kilo tungt vitrineskåp med ei kraftig, drivvedaktig ramme i furu, er laga til eit allereie eksisterande verk av kunstnaren Lars Korff Lofthus. I april la Båsen ut eit prosessbilde av arbeidet på Instagram med følgande bildetekst: «This is one of the strangest things I’ve made so far.»

– Eg har ofte laga skulpturar som kan minne om eit møbel, men dette er det første møbelet eg lagar som kan brukast. Det har glas og innebygd lys, komponentar eg ikkje har vore borti før. Det var pussig å sjå estetikken min møte ei form for funksjonalitet. Midt i prosjektet tenkte eg: Dette skal eg aldri gjere igjen, hehe. Men nå som eg er ferdig, kan eg tenke meg å lage fleire vitrineskåp til nye prosjekt, dra det enda lenger. Det er spennande å jobbe med avgrensingar. Du kjem inn på felt du ikkje hadde komme på sjølv. I utforminga av skåpet har Båsen vore opptatt av at verket skulle opplevast ufullenda utan skulpturen til Lofthus. Lofthus’ Store Norske er samansett av delar av ein trompet, eit norsk Krag-gevær frå 1919 og ein geværkolbe som kunstnaren sjølv har skåre ut. Det muskedunderaktige objektet gir assosiasjonar til Noregs økonomiske og territoriale nærvær i arktiske strøk og er laga i samband med Lofthus’ første møte med livet på Svalbard. Verket blei vist i Tromsø kunstforening som ein del av utstillinga PolArt i 2012.

Vitrineskåpet til Båsen er bygd til kunstnar Lars Korff Lofthus’ skulptur Store Norske, som blant anna består av eit norsk Krag-gevær frå 1919. Saman kastar dei lys over fortida, fangstnæringa og ettermælet til ein tidsepoke. Foto: Ingun A. Mæhlum og Lars Korff Lofthus.

Avgrensingas kunst

Båsens måleri til ILP er ei vidareføring av krønikebilda hans, ein serie puslespelbaserte oljemåleri som set to figurative motiv mot kvarandre. Fargerike, porselensaktige lag skjuler tidvis groteske bakteppe – nokon heng i galgen, det skranglar i skjelett, og desperate armar stikk ut av tronge fangehol.

Verket til ILP viser eit tofarga Tromsø anno 1890, som dannar baksida til ein fargerik 2019-versjon av byen. Oljemåleriet speglar ei byutvikling kor små trehus blir til store kontorbygningar og gamle treskip blir overtatt av Hurtigruta. I enden av Erling Viksjøs bru skimtar ein Ishavskatedralen.

Utrykket er umiskjenneleg båsensk, men snillare.

– Eg hentar inspirasjon frå byar, frå Oslo, frå Berlin eller andre stader i utlandet. Men eg må tilbake til Eggedal for å jobbe. Eg klarer ikkje å bearbeide inntrykka skikkeleg før eg kjem til ein plass kor det er rolegare og ikkje fullt så høg puls, seier Båsen. Foto: Bjørn Båsen.

– Ja, det er veldig idyllisk. Tanken var at måleriet skulle vere større og ha eit tredje lag mellom det øvste og det underste. Det skulle vise bybrannen i Tromsø i 1969, kor store delar av trebusetnaden blei øydelagd. Men det blei for lite tid. Eg måtte ned i skala og fekk ikkje plass til det mellomste laget. Perfeksjonisten i meg skulle gjerne hatt det med, men slik er det iblant. Det er eit resultat av avgrensingar, i dette tilfellet tidsavgrensingar.

– Korleis relaterer dei to verka dine seg til konteksten, til ILP?

– Begge verka handlar om historie, om fortid og om kva ettermæle ein landsdel eller ein tidsepoke har. Skåpet med børsa handlar om fangstnæring. Ramma illuderer drivved for å ha litt av den materielle historia i seg. Måleriet handlar om utvikling i Tromsø, men også om at når vi beveger oss i ein by, beveger vi oss i eit historisk landskap. Vi går gjennom fleire tiår, om ikkje hundreår. Lærarutdanninga handlar om å overføre kunnskap, men også om å sette ting i kontekst. Ting står ikkje aleine, dei er delar av ei utvikling.

Båsens måleri til ILP er ei vidareføring av krønikebilda hans, ein serie puslespelbaserte oljemåleri. Verket viser eit tofarga Tromsø anno 1890 med ein fargerik 2019-versjon av byen delvis pusla over. Foto: Bjørn Båsen.

Ein evig prosess

Arbeida til Båsen har fått kunstkritikarar og -kjennarar til å plukke superlativ frå øvste hylle. «En billedbygger av rang», skreiv Aftenposten i 2009, og Astrup Fearnley Museet, Nordnorsk Kunstmuseum og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er blant institusjonane som har sikra seg verk til eigne samlingar. Kunsthistorikaren Siri Meyer blei så begeistra for måleriet Krønike II (2017) at ho troppa opp i Eggedal med ideen om å lage ei heil bok om Båsen. Kunstnaren sjølv tok det med ei klype salt, til han to månader seinare fekk manuset i innboksen.

– Altså, det er jo crazy. Eg har eit ganske stort ego, men for ein gongs skuld blei eg temmeleg audmjuk.

Kunstboka Wonderland kom våren 2020, utgitt på Meyers forlag Kalliope.

– Eg er alltid misfornøgd med det eg gjer. Men nå som ho har samla alt og ein les korleis ho tolkar ting, så ser eg at dei gamle … kva skal eg seie … feila mine, dei er faktisk ikkje så dumme likevel. Ho har laga ei oppsummering over kven som har inspirert meg, og eg har gjort det same. Ho har sett i gang ein prosess. Utstillinga eg jobbar med nå, har eigentleg blitt til på grunn av den boka.

I separatutstillinga Ghosts på Galleri LNM (Landsforeningen Norske Malere) i Oslo i oktober 2020 stiller Båsen ut ein serie skulpturelle måleriskåp inspirert av kunstnarar, komponistar og forfattarar som har betydd mykje for han: Walt Disney, H.P. Lovecraft, August Cappelen, Pjotr Tsjajkovskij, Marquis de Sade, Manolo Blahnik, Alexander McQueen og John Galliano. I tillegg lagar han teikneseriar som forklarar tilknytinga hans til kvar person, som ein alternativ utstillingskatalog.

– Eg har eit litt anna visuelt og konseptuelt språk enn mange andre samtidskunstnarar. Det kan ta litt tid å knekke koden viss ein ikkje har sett tinga mine før. Teikneseriane er der for å gi ekstra informasjon. Eg liker kompliserte konsept, men eg synest det er litt kjedeleg å presentere det som tekst.

– Du er opptatt av at sjåaren skal forstå intensjonen din med verka?

– Ja, men samtidig prøver eg å balansere det så det ikkje blir altfor in your face. At du likevel må tenke litt, forhåpentlegvis.

– Før vi legg på, må vi spole litt tilbake. For nokre setningar sidan sa du at du alltid er misfornøgd med arbeida dine? – Ja, eg kan bli toppen 85 prosent fornøgd. Eg ser alltid kva eg kunne gjort betre. Så ser eg også avgrensingar – tekniske avgrensingar eller ting eg ikkje har fått til reint idémessig. Det tenker eg er bra. Da prøver eg å oppnå det eg ikkje klarte i det førre verket, i det neste. Da søker eg heile tida vidare.

Foto: Aksel Jermstad/ byAksel

Bjørn Båsen ( f. 1981)

Båsen bur og arbeider i Eggedal. Han er utdanna ved The Arts Institute at Bournemouth (2001–2004) og har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Oslo (2005–2007). Kunstnarskapet omfattar måleri, skulptur og teikneseriar og ber referansar til mytologi, fortid- og nåtidsdekadanse, eventyr og realisme. Han har stilt ut i ei rekke galleri og institusjonar, blant anna QB Gallery, Blomqvist, Blaafarveværket, BGE Contemporary, Nordnorsk Kunstmuseum, Galleri Brandstrup, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Soft og Astrup Fearnley Museet. Verka hans er kjøpt inn av private samlingar som Astrup Fearnley Museet, Nordnorsk Kunstmuseum, Equinor og DNBs kunstsamling.

Om kunstprosjektet ved ILP

Filter arkitekter har teikna Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP) ved Noregs arktiske universitet, Campus Tromsø. På vegne av KORO har kuratorane Bjørn Hatterud og André Gali utarbeidd ein kunstplan for bygget, med verk av Solveig Ovanger, Bjørn Båsen, Lars Korff Lofthus, Alexander Rishaug, Mary Áilonieida Somban Mari og Tegson. ILP opnar i august 2020. Les meir om prosjektet her