Skissa frå KHR arkitekter viser ein av hagane mellom bygga.  Kunstverket/kunstverka som kommer her kan opplevas av alle, enten dei er inne eller ute.
Aktuelt

Kjempar om monumentalt kunstprosjekt

75 kunstnarar frå heile verda deltok i prekvalifiseringa for kunst til hagane ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Nå har juryen plukka ut fire som skal delta i ein lukka konkurranse. Resultatet skal bli eit monumentalt kunstverk ved det nye sjukehusbygget.

Hausten 2019 utlyste KORO ei open prekvalifisering for det monumentale kunstprosjektet til hagane ved Haukeland universitetssjukehus. Målet var å finne kandidatar til ein lukka konkurranse i forbindelse med nybygget som skal huse barne- og ungdomssenteret for somatikk og føde- og kvinneklinikken. Leiar av juryen, kunstkonsulent Jørgen Blitzner, synest utveljinga har vore spennande, men også krevjande.

– Først og fremst fordi vi hadde så mange sterke kandidatar å velje mellom. Men også fordi koronasituasjonen gjorde det vanskeleg for juryen å møtast fysisk. Men nå har vi hatt dei gode meiningsutvekslingane vi synest var nødvendige, og er godt nøgde, seier Blitzner.

Sidan 2011 har KORO produsert og realisert fleire store kunstverk ved Haukeland. Prosjektet det blir konkurrert om nå, vil inngå i ein større heilskap saman med kunst, bygningar og landskapsarkitektur. Dei som er inviterte til den lukka konkurransen, er kunstnargruppene A Kassen og INGES IDEE, kunstnarduoen Annika Oskarsson og Thomas Nordström samt Christine Aspelund

– Dei fire som er valde, har sterke merittar, viser ei klar oppgåveforståing og har eit uttrykk og ei tilnærming som svarer godt til det som var etterspurt. Vi ser eit stort spenn i uttrykk, og juryen trur vi vil få overraskande og interessante forslag, seier Blitzner.

Dei valde kandidatane har nå fram til 1. februar 2021 til å utarbeide forslaga sine. Forslaga vil så bli stilt ut på eigna stader på Haukeland universitetssjukehus, og før påske same år skal juryen kåre vinnarutkastet. Kunstprosjektet blir eit av hovudverka ved det nye sjukehuset og kjem til å få ei prominent plassering.

– Heilt sidan oppstarten i 2011 har det vore bestemt at hagane skal vere eit viktig satsingsområde for kunst. Hagerommet vi snakkar om her, ligg i fleire plan over to etasjar, og kunsten vil også i stor grad kunne opplevast frå innsida av bygningane, forklarer Blitzner.

Ambisjonen er at kunsten skal vektlegge dei spesielle behova og rettane til brukarane. Den skal treffe barn og unges erfaringsverd, verdsforståing og refleksjonsnivå. Juryen styrer etter klare kriterium når den vurderer forslaga som kjem inn.

– Kunsten skal vere visuelt slåande og gjerne invitere til interaksjon, vere utforma med tanke på skiftande årstider og lysforhold, gripe fatt i arkitekturen og samtidig utfordre denne og ikkje minst forstå hagerommet, møtet mellom ute og inne, seier Blitzner.

Kunstprosjektet skal ferdigstillast i årsskiftet 2022/23.

Desse kunstnarane er inviterte

  • A. Kassen (Morten Steen Hebsgaard (f. 1977), Søren Petersen (f. 1977), Tommy Petersen (f. 1975), Christian Bretton-Meyer (f. 1976))
    A Kassen er ei dansk kunstnargruppe som består av fire personar som alle er utdanna ved kunstakademiet i København. Gjennom samarbeidet sitt har dei utvikla ein praksis som vektlegg kompleksiteten knytt til einkvar situasjon som involverer kunstverk – sosialt, politisk, økonomisk, materielt og romleg. Verka deira har ein subtil og leiken tone som lett opnar for dialog med publikum.
  • Christine Aspelund (f. 1966)
    Aspelund bur og arbeider i Oslo og er utdanna ved KHiO (daverande Kunst- og Håndverksskolen og Statens Kunstakademi), kor ho også har vore gjestelærar. Arbeida hennar er prega av ein sterk handverksmessig kunnskap og merksemd. Aspelund jobbar både figurativt og abstrakt, og skulpturane hennar tar utgangspunkt i kroppslege volum som blir formidla gjennom finstemte nyansar i formuttrykket.
  • INGES IDEE (Georg Zey (f. 1962), Axel Lieber (f. 1960), Hans Hemmert
    (f. 1960), Thomas Schmidt (f. 1960)).
    INGES IDEE er ei tysk-svensk kunstnargruppe med bakgrunn frå Düsseldorf og Berlin som har samarbeidd om fleire monumentale kunstprosjekt over heile verda. Uttrykket deira er overraskande og ofte humoristisk. Verka viser ei sterk romforståing både reint fysisk og sosialt ved at dei skyver opplevinga vår av grenser mellom privat og offentleg sfære.
  • Annika Oskarsson (f. 1967) og Thomas Nordström (f. 1967)
    Den svenske kunstnarduoen Oskarsson og Nordström har både saman og kvar for seg bidratt med ei lang rekke offentlege kunstprosjekt. Uttrykket kan gi assosiasjonar til levande organismar eller naturfenomen, og inviterer publikum til samhandling. Lys eller vatn er ofte integrerte element i verka deira, noko som bidrar til at dei endrar karakter gjennom døgnet og årstidene.

Eksempel på tidlegare arbeid frå dei valgte kunstnarane:

Inges Idee: SNOWWOMEN, 2019, Seoul Hospital.
A Kassen: NU och IMORGON, 2020, skisseforslag til svensk skule.
Oskarsson og Nordström: Vågor från förr, nu och sedan, 2016, Ängelholm.
Christine Aspelund: MELES MELES, 2017, Voksen skole i Oslo.

Juryen har bestått av:

Frå KORO:
Jørgen Blitzner Kunstkonsulent (leiar)
Harald Fenn Kunstkonsulent

Frå Haukeland:
Marte Christine Jettestad, Anne-Jorunn Langeland, Knut H. P. Opheim, Siri Larsen, Cathrine Ebbing og Lars-Petter Smidt

Arkitekt: Siri Rørholt/Rambøll
Landskapsarkitekt: Torben Schønherr/Schønherr