Eit golvverk blir til. Det ligg mykje detaljarbeid bak det fleire kvadratmeter store golvverket Brusebroene. Kunstnar Ida Helland-Hansen under monteringa hausten 2022. Foto: Pål Hoff
Intervju

Fabulerande fristader



På dei nye Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus løner det seg å sjå kvar du går. Nokre av golva er nemleg kunstverk av Ida C. Helland-Hansen – opne, fargerike pustepausar for pasientar, besøkjande og tilsette.

Ein anar ein rytme i arbeida til kunstnar Ida C. Helland-Hansen, men taktskifta er mange. Mønster som er starta, held sjeldan fram i tråd med forventningane, medan lag på lag med materiale og teksturar skjuler og avdekkjer ulike historier.

– Hjernen leitar alltid etter system, etter noko matematisk som skal gå opp. Eg likar å forstyrre det mønsteret slik at du må sjå éin gong til på verket – du blir ikkje ferdig med det.

Ho seier «du», men pratar vel så mykje om sin eigen motivasjon.

– Eg prøver heile tida å overraske meg sjølv i arbeida mine. Eg legg til rette for at det oppstår nye ting, ting eg ikkje visste eg hadde i meg. Det skaper ein fridom, det gjer meg leiken, og dette vil eg skal skine gjennom når arbeidet er ferdig.

Helland-Hansen er utdanna tekstilkunstnar frå Kunsthandverkskolen i Bergen. Tradisjonen og tilnærminga frå tekstilfaget – ornamenteringa, rytmen, taktiliteten – har blitt ein klangbotn i kunstnarskapet, sjølv når ho jobbar i andre materiale. Papir, til dømes. Ho har laga ein eigen kollasjteknikk med tynne papirkvalitetar som blir limte på store lerret i bomull, som gjer at ho kan jobbe med papir i format på to–tre meter. Ikkje fordi ho har behov for å ta plass – bak dei blonde, ufarleggjerande krøllene ligg det ei sjølvsikkerheit som avfeiar den typen ego. Nei, vi er tilbake ved overraskingsmomentet igjen.

–Eg likar å jobbe stort, kanskje fordi eg då mistar litt kontrollen. Eg likar det, at eg ikkje kan styre kvar millimeter.

Ei ny forteljing

Vi møtest over kaffi på Deichman Bjørvika, eit steinkast frå Oslo S, der Helland-Hansen nettopp har kome med tog frå Sverige. Ho har nokre timar før turen går vidare heim til Bergen, nok tid til å fortelje om kunstverka ho har utført til det nye barne, ungdoms- og kvinnesenteret ved Haukeland universitetssjukehus.

Når Glasblokkene blir klare i 2023, er mellom anna alle tilbod innan psykiatri og somatikk til dei under 18 år samla på éin plass, noko som er nytt i Norden. På oppdrag frå KORO har Helland-Hansen levert arbeid til både første og andre byggjefase. Første del stod klart i 2017, med verket hennar Det var en gang på eit av golva.

Ho har gjort fleire offentlege kunstprosjekt opp gjennom. I 2017 laga ho eit papirverk til Strandebarm Kyrkjelydshus av gamle salmebøker, og i 2018 eit slags tredelt puslespel til Kleivane barnehage på Sandnes. Ho har utført kunstverk til skular, sjukeheimar og mottakssenter for flyktningar, og tre gonger tidlegare til sjukehus. Men aldri før på golv.

– Golv er eit stort ubrukt område som var heilt nytt for meg å jobbe med. Det var veldig moro! Den opphavlege ideen var å bruke fargar. Fargar er livgjevande i alle samanhengar, og kanskje særleg på eit sjukehus der det er så mykje kvitt, grått og sterilt, så mange instrument og apparat.

Verket fyller ein lang korridor og er laga i gummi og vinyl – materiale som la føringar for eit klart og tydeleg formspråk. Abstrakte mønster i nyansar av gult, raudt og grønt viser veg til ulike undervisningsrom, og tittelen Det var en gang inviterer kvar enkelt til sjølv å halde fram forteljinga. Det er laga for å engasjere dei unge pasientane, men det er ikkje kunst for barn, seier ho. – Eg blir ofte provosert av teiknefilmar i dag som er så overtydelege, så metta. Akkurat som om ungane ikkje har eigen fantasi! Eg likar opne løysingar.

Kunsten er ikkje ulik for barn og vaksne, ein skal bere barnet med seg heile livet. Dersom det skal vere interessant for barnet, skal det også vere interessant for den vaksne.

Ida Helland-Hansen

Nokre stader lét ho formene gå frå gangen og litt inn i naboromma. – Og så lurte eg meg litt opp på veggen. Og eg såg at dette kan eg jo halde fram med!

Erfaringa frå det første golvarbeidet gjorde at ho byrja å jobbe med linoleum på vegg i andre prosjekt. Tidlegare hadde ho avskrive naturmaterialet som umogleg å forme – det var for hardt. – Men dersom du stryk det, kan du klippe i det, skjere mønster, måle og tørke av, lage nye linjer.

Til golvarbeida har ho mellom anna samarbeidd med handverkaren Saulius Sutula, som har hjelpt ho å fullføre verket: – Han har vore heilt super! Foto: Pål Hoff

Fargerike frirom

Då ho blei invitert til å delta også i byggjefase to av Glasblokkene, blei det naturleg å halde fram eventyret ho allereie hadde begynt på. Brusebroene er golvarbeid til fem ulike gangbruer over to ulike plan. Assosiasjonen til dei tre bukkane Bruse er implisitt, men Brusebroene viser ikkje geitebukkar eller andre konkrete hint frå det kjende eventyret, sjølv om visse element kan vere moglege å kjenne at – to horn som plutseleg stikk opp, noko som minner om hovudet til eit troll. Eller?

Formene insisterer ikkje, motivet blir forma av auget som ser. Golva i gangbruene har ulike grunnfargar – markørar, som gjer det enklare for folk å orientere seg. Nyansane er baserte på atriumhagane mellom dei opne bygningskroppane, som kvar representerer ideen til arkitektane om myra, skogen og fjellet. Helland-Hansen har bygd vidare på konseptet og lånt fargar frå dei ulike hagane – gult frå myra, grøntonar frå skogen, blågrått frå fjellet.

– Opphavleg skulle alle gangbruene vere i same, lyse farge, som eg skulle lage mønster i. Men eg ville ha ulik farge på kvar gangbru for å gje dei kvar sin identitet. Eg ville at dei skulle vere som avgrensa rom, små eventyr, gje eigne opplevingar. Men eg har éin ting som går att i alle fem, som er ein liten ball som trillar frå bru til bru. Den inneheld stort sett alle fargane i alle golva og bind dei saman.

Medan golvet i første byggjetrinn var tufta på barn og unge, innlemmar gangbruene i andre byggjefase også kvinneklinikken med barsel og føde. Med sine fargerike, fabulerande mønster håpar Helland-Hansen å kunne invitere brukarane til å drøyme seg litt vekk. Når du kjem ut på gangbruene, er det eit lukka areal, eit lite frirom. Kanskje er det ein liten gut som har fått ei «dum» veslesøster, som går ut med pappa og vil gjere noko anna enn å høyre på den grinebabyen.

Kanskje kan golvet oppmode til leik eller til andre ting å tenkje på, setje fantasien i gang. Med golvarbeida har ho ønskt å gje brukarane nokre friminutt frå alt dei står i, anten dei er innlagde, besøkjande eller arbeidande på sjukehuset:

Fargane blei viktige for å gje energi og liv og noko anna å fabulere over. Det skulle heller ikkje vere for konkret, men noko meir abstrakt som kunne bryte med det elles så ordentlege og systematiske.

Med sine fargerike, fabulerande mønster håpar Helland-Hansen å kunne invitere brukarane til å drøyme seg litt vekk frå kvardagen og inn i kunstverket si leikande verd. Foto: Pål Hoff

Kunst i kontekst

Helland-Hansen har lært mykje av utsmykkingsprosessen ved Haukeland universitetssjukehus. Ho pleier stort sett å jobbe åleine på atelieret, anten det er på USF Verftet i Bergen eller i låven på garden til familien i Strandebarm i Hardanger. Men til golvarbeida har ho mellom anna samarbeidd med den profesjonelle handverkaren Saulius Sutula, som har hjelpt ho å fullføre verket på byggjeplassen. Ho har også fått kjenne på at raudt er ein farge som skal brukast med varsemd på sjukehus. Den runde forma i ein blodstorkna raudtone som ho opphavleg hadde skissa inn i golvet til ei av gangbruene, måtte erstattast av ein annan farge for å unngå uønskte assosiasjonar. Golvet skulle også vere sklisikkert. På eit tidspunkt blei det diskutert om vinylen ho hadde brukt på enkelte detaljar, kanskje var for glatt.

– Men vi kom fram til at det gjekk bra. Heldigvis, for eg var så glad for det store fargespekteret eg kunne velje i når eg kunne bruke vinyl, det gjev meir liv. Det er kjekt når flatene spelar opp mot kvarandre, når eg kan jobbe med kontrastar i fargar og mønster. Og heilt reine flater. Og litt mønstrete flater, og litt meir mønster. Ho ler: – Sånn elskar eg å halde på! Det gjer eg også med papir og trykking og måling.

Ein ny type overrasking

Golvarbeida har kravd nøye planlegging, utan mykje rom for avvik frå den opphavlege ideen. Overraskingane har likevel oppstått, om enn på litt andre måtar enn Helland-Hansen vanlegvis legg til rette for – dei små prikkane som er plasserte på golvet langs veggene, til dømes. – Dei er sjølvlysande, så om det blir brann og mørkt, så finn du vegen ut. Eg hadde ikkje full kontroll med kvar dei blei lagde, men då blir det jo berre litt meir tivoli! Då blir eg glad. Om ikkje det er alle stader det fungerer på millimeteren, så synest eg heilskapsbiletet sit.

Å gje frå seg kontrollen er også ein viktig del av å jobbe med offentlege kunstprosjekt, ifølgje kunstnaren. For eit år sidan kom eg inn på ein sjukeheim der dei hadde flytta biletet mitt – og hengt det opp ned! Eg synest det er komisk, seier ho, og smilet stadfestar at det ikkje stikk djupare enn som så. – Du kan ha laga eit bilete som nokon plutseleg plasserer ein brusautomat eller ei kjempeplante framfor. Du må berre sleppe det.

Positive tilbakemeldingar

Medan Helland-Hansen jobba med å installere golva i gangbruene, var det tilsette på sjukehuset som kom bort til henne for å fortelje kor mykje det første golvarbeidet ho laga, har hatt å seie for dei i kvardagen.

– Fleire som jobbar der, seier at dei er så glade i det golvet. Det er kanskje noko med det leikne i det, i ein litt tung arbeidssituasjon kanskje, som løftar blikket litt. Det har mykje å seie at det fungerer.

Ida Helland-Hansen i atelieret sitt i Bergen. Foto: Pål Hoff

Arbeidet med golva har også prega ho som kunstnar. – Eg har måtta jobbe med reinare linjer, klarare, det må ein nødvendigvis i eit golv. Eg likar begge delar om kvarandre, dei veldig reine tinga mot dei meir oppløyste. Eg kan ikkje seie akkurat kva, men eg ser at arbeidet har gjort noko med tanken og måten eg jobbar på.