– Å plassere kunst i eit museum med naturvitskaplege samlingar var eit spennande, men også vanskeleg utgangspunkt, seier kurator Marit Paasche. Foto: Niklas Hart
Aktuelt

Dobbelt blikk på museet

– Universitetsmuseet er eit kjært bygg for mange i Bergen, difor har forholdet mellom museet og innbyggarane vore sentralt i kunstprosjektet, seier kurator Marit Paasche.

Johan Henrik Nebelong sitt ærverdige museumsbygg har dominert bylandskapet på Nygårdshøyden sidan 1866, og har i denne tida husa dei geologiske, botaniske og zoologiske samlingane til Universitetet i Bergen. I samband med restaureringa av bygget har Paasche dei siste to åra arbeidd med KORO-prosjektet Minervas stemme saman med kunstnarane Marthe Ramm Fortun og Mattias Härenstam.

– Restaureringa var såpass omfattande at den utløyste middel frå KORO. Å plassere kunst i eit museum med naturvitskaplege samlingar var eit spennande, men også vanskeleg utgangspunkt. Presentasjonen av samlingane er sjølvsagt den sentrale verksemda, men representantane for museet var svært positive til og opne for det kunstnariske prosjektet, seier Paasche.

 

Marthe Ramm Fortun si fotografiske serie «Vi skal ikke lage lærebøker» er montert i museets andreetasje. Her prøveheng Marthe eit av bileta før opninga. Foto: Marit Paasche.

– Stod du fritt til å bruke kva del av bygget du ville?
– Ja, nesten. Mykje hadde endra seg sidan eg såg museet for første gang, men eg tenkte raskt på forholdet mellom bygget og byen, det vil seie innbyggarane og byrommet, og på forholdet til tid – korleis tida blir vist fram i eit museum gjennom utstillingsarkitekturen og måten ein ordnar, kategoriserer og formidlar objekt på. Museum har ein særleg funksjon som behaldarar og vernarar av tid. Da eg hadde etablert ei forståing av bygget og konteksten det inngår i, kunne eg velje kunstnarar.

– Dei to kunstnarane er vel i utgangspunktet eit ganske umake par?
– Nokon vil kanskje meine det. Men det er noko i prosjekta til begge som styrkar kvarandre. Det er også synleg i dei to kunstprosjekta dei har utvikla; prosjekta snakkar med og lyftar kvarandre. Det trur eg også dei besøkande vil oppleve. Eg opplever at kunstnarane i fellesskap har valt å la kunsten stå i ein open og utsett posisjon – at dei verkeleg ønskjer å få dei besøkande i tale.

– Særleg bidraget til Ramm Fortun skil seg ut som ganske uvanleg i KORO-samanheng. Kan du skildre dei to kunstprosjekta?
– Bak vestibylen til museet ligg to rom, eitt til høgre for inngangspartiet og eitt til venstre. Begge desse romma har såkalla «kunnskapshol», det vil seie sirkelforma opningar i golvet mellom første etasje og underetasjen som skaper ein passasje for lyden og blikket. Til kunnskapshola har Härenstam laga to skulpturar i tre, Betraktere og Eksemplar. Begge er utruleg vakre, samtidig har dei noko ved seg som motset seg definisjon, seier Paasche.

Prosjektet til Ramm Fortun er tredelt. Ho har samarbeidd med fotograf Kristine Jakobsen om ein serie på ti fotografi, der kunstnaren sin nakne kropp relaterer seg til bygningskroppen og utstillingsarkitekturen. Fotografia blei tatt mens museet stod tomt, og er monterte i dei freda vitrineskåpa i andre etasje. Serien inngår dermed i dei faste utstillingane som ei lågmælt forstyrring.

Ramm Fortun vil gjere éin årleg performance i bygget dei neste ti åra. Slik vil ho gå hand i hand med tidsanden og få den i tale. Vi snakkar altså om ein samtale som begynner hausten 2019 og vil halde fram til 2028. Det er eit unikt kunstprosjekt og ei styrkeprøve som vitnar om ein enorm dedikasjon til museet og dei besøkande. Frå kvar årleg performance vil det bli tatt eitt dokumentasjonsfotografi som vil bli montert i rammer som heng klare på kvar side av toppen av trappeløpet. Slik vil det over tid bli danna ein ny serie med ti fotografi.

Mattias Härenstam har laga to store skulpturar i tre. Her sjekkar kunstaren ut tilstanden til «Betraktere» før den blir montert i det nye museumsbygget. Skulpturen består av fire individuelle organiske former i eik og ask. I botnen av kvar form kjem det ei handblåst glaskule. Foto: Marit Paasche.

– I kunstplanen for prosjektet snakkar Härenstam om å la det magiske eksistere side om side med det vitskaplege, og at forskjellen mellom eit aktivt subjekt og eit passivt objekt ikkje er så enkel som skiljet mellom menneske og natur. Det er mykje tankegods her som samstemmer med nyare tenking, som objekt-orientert ontologi og spekulativ realisme. Framgangsmåten til Ramm Fortun er meir uttalt politisk, da den skriv seg inn i ein feministisk tradisjon trass i det uvanlege i tilnærminga?

– Etter mitt syn er det lite som er tradisjonelt over det Ramm Fortun gjer. Sjølv om arbeida hennar utan tvil har ein feministisk grunntone, handlar dei like mykje om museet sjølv, om historiene som omgir det, og korleis bygget relaterer seg til innbyggarane. Eg ville jobbe med Ramm Fortun fordi eg liker tilnærminga hennar til historie, og fordi ho arbeider med tid, tradisjon og ulike system av meining i prosjekta sine.

Kunst handlar om å dytte på noko, sette noko i bevegelse, reflektere på nye og andre måtar. Å plassere ein naken kvinnekropp i eit naturhistorisk museum peikar både på fråværet av kvinner i forskingshistoria og på forholdet mellom menneske og dyr: Kvinnekroppen har tradisjonelt blitt sett som, og assosiert med, natur. Slike aspekt er eksempel på noko av det som blir sett i spel i arbeida hennar. Det var også eit poeng for meg at Ramm Fortun fekk moglegheita til å være nærverande over tid, at ho kunne vere ein trekkfugl som fekk vende tilbake. Slik kunne vi også utfordre bruken av performance som underhaldning og punktnedslag.

– Kan du seie noko om korleis dei to prosjekta relaterer seg til tittelen, «Minervas stemme»?
– På den første felles inspeksjonen vår oppdaga vi at hovudet til Minerva var plassert på frontfasaden av museet. Den opphavlege Menrva var ei etruskisk gudinne for visdom, krig, skuler og handel. Romersk mytologi lånte skikkelsen og døypte henne om til Minerva. Namnet er avleidd frå gresk «mnemosyne» og «mnestis», omgrep som knyter minne og hugs til kvarandre. På museumsfasaden har Minerva blikket retta mot statuen av Wilhelm Frimann Koren Christie på plassen framfor museet. Christie var stortingspresident og ein av grunnleggjarane av Bergen Museum. Vi blei nysgjerrige på dette doble blikket, det som både ser tilbake og framover, og bestemte oss for å ta Minerva ned frå den opphøgde posisjonen og heller ta henne med oss inn i museet og til dei besøkande.

– Museum har ein særleg funksjon som behaldarar og vernarar av tid. Da eg hadde etablert ei forståing av bygget og konteksten det inngår i, kunne eg velje kunstnarar, seier kurator Marit Paasche. Foto: Niklas Hart

– Naturvitskaplege museum viser så tydeleg korleis mennesket har stått og står i verda, korleis det har forsøkt å forstå naturen ved å kategorisere den og nærmast stoppe tida, for eksempel ved å putte små kvalfoster på sprit. Mennesket har forsøkt å kartlegge naturen og samle den inn. Museet er ein kropp som rommar desse gjenstandane, men det rommar også tida og tankemodellane som gjenstandane blei samla inn under. Både Ramm Fortun og Härenstam nærmar seg vitskapens grunnleggande idé om kategorisering, og snakkar med tradisjonen og med bygningen som kropp, i prosjekta sine.

– Tidsaspektet ved performance er utfordrande. Anten er ein der, eller så går ein glipp av den. Det handlar om nærvær på fleire nivå?
– Ja, det gjer det. Her har Ramm Fortun gripe ei moglegheit til å jobbe i ein tidsperiode på ti år. Det opnar for svært mange variablar som kan gi prosjektet både pust og fleire dimensjonar. Ikkje berre vil verkelegheita som museet og dei besøkande er ein del av, bli gradvis endra; det vil også Ramm Fortun sjølv. Viss ei endring skal bli synleg og gi meining, må nokon lokalisere endringa og sette ord på den. Ingen som har vore med på performancane til Ramm Fortun har gått urørt frå dei, nettopp fordi ho klarer å analysere og bruke (kunst)historie, tradisjon og nærvær på ein så intelligent og hudlaus måte.

– Dei kunstnariske prosjekta skulle tilpassast den kulturhistoriske vernestatusen til bygget og dei permanente utstillingane. Det kan vel både vere ei avgrensing og ei potensielt perspektivutvidande utfordring?
– Det er klart det har vore utfordringar undervegs, men vi har likevel opplevd mest av den perspektivutvidande sorten. Å kunne legge seg inntil det eksisterande gir heilt andre moglegheiter for å «sparke frå», til å tenke omkring historie og samanhengar på nye måtar. Kunstnarane og eg har heile tida hatt fleire felles møte, og vi har jobba tett med folk frå Universitetsmuseet. Arbeidsforma har vore veldig givande. Vi har kunna tenke i fellesskap.

– Dette er det første engasjementet ditt for KORO?
– Ja. Eg søkte på oppdraget fordi eg har studert i Bergen og har eit forhold til bygget med den uhøyrt fine kvalsalen. Det er jo det vakraste museet i Noreg!

 

Vil du sjå korleis dei ferdige verka tar seg ut i det nyopna universitetsmuseet? Gå til prosjektsida.