Slik vert eit kunstverk til

Kunstnar Erlend Leirdal i arbeid på verkstaden. Fotograf: Andreas Schille

Høyr kunstnar Erlend Leirdal fortelja om arbeidet med treskulpturane Stort og smått ved NTNU Campus Gjøvik.

Installasjonen utanfor skulen består av ei lang plattform av tre med tre skulpturar forma som forstørra pollenkorn. Skulpturane er rundt tre meter lange og nær to meter høge, med ein omkrins på høvesvis åtte og fem meter.

– Eg tok utgangspunkt i små ting i naturen. Små, viktige ting, fortel Erlend Leirdal.

Fotograf Andreas Schille har filma kunstnaren, sjå videoen her:

Del denne artikkelen