Nostalgisk kapital

– Kunnskap gir auge for detaljar, seier Bjørn-Kowalski Hansen. Han likar å grave seg så langt ned i gammalt, grafisk materiale at han kan sjå kor designarar har stole ideane sine frå.

Bjørn-Kowalski Hansen. Foto: Privat

Tekst Merete Røsvik Granlund

Kunstnaren Bjørn-Kowalski Hansen er kjend for å arbeide med eldre, nærmast ikoniske logoar og symbol som fleire generasjonar av nordmenn kjenner til. Han leiter i private og offentlege arkiv, og er eit oppkomme av referansar og fantasirike måtar å bruke materialet på.

Med utgangspunkt i Statens vegvesens fotoarkiv og velkjende trafikksymbol har han laga ein serie på nær 30 fotografiske motiv som er sett opp som folie på innvendige glasveggar i nybygget i Steinkjer. Prosjektet har fått namnet On the Road Again, og kan med Hansen sin terminologi kallast kulturarkeologi i verksemda til Vegvesenet.

On the Road Again, Bjørn-Kowalski Hansen, Statens vegvesen i Steinkjer. Foto: Bjørn-Kowalski Hansen.

Dei tilsette i Vegvesenet er så begeistra for resultatet at dei vil leite fram fleire gamle bilete. Men kva synest kunstnaren sjølv om å få eit så bunde mandat frå KORO? Eg tok ein telefon til Bjørn-Kowalski Hansen for å få vite meir om måten han arbeider på.

Korleis starta prosjektet for Statens vegvesen?

– Eg blei kontakta av kunstkonsulent Harald Fenn. Han sa at Statens vegvesen var interessert i å bruke gammalt bildemateriale til eit kunstprosjekt i bygget i Steinkjer. Eg syntest det høyrdest spennande ut. Men prosjektet gav ikkje mykje rom for tolking, sidan det alt var bestemt at fotografia skulle monterast på skiljeveggane.

KORO sitt oppdrag til kunstnarar kan ha ein del føringar. I dette tilfellet skulle også kunsten ha ein nyttefunksjon som skjerming og HMS-merking på glasveggar. Gjer slike føringar det mindre interessant for kunstnarane å ta oppdraga?

– Eg trur det varierer frå kunstnar til kunstnar. Eg takka ja fordi eg jobbar med kulturarkeologi, eg likar å grave i historia og gammalt materiale, og dette var ei fin utfordring. For meg handlar det berre om det einskilde prosjektet. Er det eit godt prosjekt, spelar det inga rolle om ein definerer det som kunst eller noko anna. Eg var utdanna i design og typografi før eg kom inn i kunsten, så å tenke at det eg lagar skal ha ein funksjon, er naturleg for meg. Så lenge folk synest det har noko for seg, er eg berre kjempeglad for det.

On the Road Again, Bjørn-Kowalski Hansen.

– Er arkitekten og byggherren opne for samarbeid, kan integrert kunst bli ordentleg bra, men det handlar mykje om god kjemi. Ofte er det også mange praktiske omsyn som legg føringar. Men eg trur at kunst som blir integrert i heilskapen kan bli betre enn når kunstnaren kjem inn heilt til slutt og berre får tildelt ei flate som skal fyllast. Er kunstnaren med frå starten av, har ein sjansen til å finne på noko meir interessant.

Kunstkritikar Kjetil Røed har skrive at kunsten din viser «nødvendigheten av å grave ut og gjøre synlig forbindelseslinjene mellom kunst og virkelighet». Har kunstinstitusjonen rørt seg for langt bort frå liva til vanlege folk?

– Då eg var ferdig på Kunstakademiet, trudde eg at det berre var snakk om eit par år, og så ville eg stille ut på Gagosian. Eg meinte at eg hadde full oversikt. 15 år seinare begynner eg berre så vidt å få oversikt over kva kunst kan vere. Eg skjønar at mange synest at samtidskunst kan vere vanskeleg å tolke og få glede av, men som med så mykje anna må ein sjå mykje før ein veit kva ein skal sjå etter, og kjenner igjen kva som er kvalitet. Det gjeld anten ein er interessert i bilar, båtar eller frimerke. Ein kan sjølvsagt også ha glede av slikt ein ikkje har spesialkompetanse på, men kunnskap gir auge for detaljar. Slik vi som er interessert i fotball skjønar meir av det som skjer på banen, enn dei som ikkje er interessert.

«Biletkunstnar med samlargen» kalla du deg sjølv i eit intervju på programmet Nasjonalgalleriet på NRK. Kvifor er du så oppteken av å løfte fram historisk grafisk materiale?

– Ja, kvifor begynte eg å samle på glansbilete då eg var liten? Eg ville jo bli arkeolog, og historie var det gøyaste eg visste på skulen. Å bli kunstnar var ikkje noko eg hadde bestemt meg for på førehand, det berre blei slik.

Er det eit aspekt av aktivisme i kunsten din?

– Medan eg gjekk på Kunstakademiet i Trondheim, var eg med i ei gruppe som teikna, trykte og selde T-skjorter i eigne butikkar som del av eit prosjekt for å hjelpe ei fråflyttingstrua bygd i Nord-Sverige. Eg var inspirert av Nicolas Bourriauds teori om relasjonell estetikk. Spesielt det at det å vere DJ kunne vere kunst, vekte interessa mi fordi eg sjølv dreiv som DJ. Eg likte at kunst kunne vere samfunnsnyttig. Men T-skjorteprosjektet varte i nesten ti år og blei svært omfattande, så eg trur ikkje eg gjer noko slikt igjen. No er eg meir interessert i å grave.

Nostalgisk kapital, Bjørn-Kowalski Hansen. Foto: Bjarte Bjørkum.

Du har også gjennomført eit prosjekt for KORO ved Handelshøyskolen i Bergen som du har gitt tittelen Nostalgisk kapital. Kva legg du i det?

– Ja, dette var også arbeidstittelen på reklamebokprosjektet mitt. Det handlar om at nostalgi sel.

Men det er også ein annan verdi i det som vekkjer nostalgien?

– Ja, kulturell verdi er òg ein dimensjon. Det er mykje grafisk materiale som ikkje har blitt tatt vare på – i mange land har dei gjort det i større grad enn i Noreg. Eit unntak er Jorunn Veiteberg og Einar Økland, som i 1986 gav ut boka Reklamebildet om norske annonsar og plakatar. Det er kanskje den einaste boka som tek for seg norsk reklamehistorie. Men det som har med sal å gjere, er interessant: Eg synest det er noko spennande med figurane som er skapt for at du skal knyte band til dei. Dei skal gjere at du kjenner tilhøyrsel til produktet. Det er ekstremt få av figurane som ikkje smiler, for eksempel. Og så er det mangfaldet. Mange har «typisk norske» trekk. Men det er artig når eg ser i utanlandsk litteratur og oppdagar kor designarane har kopiert eksisterande figurar, kor dei har stole. Då kjenner eg at eg har nådd eit nytt nivå av nerding.

Før sommaren las eg ein artikkel om at Bob Dylan har vore ram til å bruke linjer frå andre i songtekstane sine. Til og med i Nobelforedraget han heldt, hadde han tatt mange formuleringar direkte frå nettstaden SparkNotes i omtalen av romanen Moby Dick.

– Blir ein kjend nok, så er det lov å gjere nesten kva som helst. Men gjenbruk av materiale kan jo gi nytt liv til andre sitt arbeid. I arbeidet mitt med nostalgisk kapital kom eg over science fiction-romanen The Space Merchants av Frederik Pohl og Cyril M. Kornbluth. Året er 2200, og to reklamebyrå styrer verda. Her er det snakk om eit fiktivt produkt kalla «coffiest». Eg patenterte det, klipte saman tre reklamefigurar frå samlinga mi og patenterte det som ein ny figur for merket Coffiest. Slik fekk dei tre reklamefigurane på ein måte eit nytt liv. I boka blir Moby Dick og annan høglitteratur omtala som reklame, medan reklame blir omtala som høglitteratur. Boka blei utgitt i 1953, og eg synest forfattarane tok framtida på kornet.

Apropos gjenbruk: I prosjektet for Statens vegvesen har du brukt symbol frå trafikkskilt som bokstavar og skrive ei tekstlinje frå låta On the Road Again.

– Sjølv om eg jobba mest med fotografisk materiale, måtte eg også nytte høvet til gjere noko med den grafikken. Låta On the Road Again passa fint, slik fekk eg kombinert musikkinteressa med typografiinteressa. Det ligg ikkje ei djupare meining i det. Det var eit lett og fint prosjekt å jobbe med.

On the Road Again, Bjørn-Kowalski Hansen.

Prosjektet har fått uvanleg god respons. Kjennest det som at du misser kontrollen over prosjektet når dei tilsette sjølv vil vidareføre det? Og er det framleis kunst?

– Nokre vil kanskje meine at dette ikkje er kunst, at det er noko anna. Men det kan ein seie om så mangt, så eg tar det med stor ro. Eg trur at kunsten har godt av å bli tatt ned frå pidestallen. Det er ikkje dumt å la kunst bli noko lett tilgjengeleg. Eg synest det er veldig hyggeleg at folka i Vegvesenet er så engasjerte, eg føler ikkje noko eksklusivt eigarskap til dette prosjektet. Det eg bryr meg om, er at det er gode prosjekt som kan bli bra for dei som skal bruke dei.

Les meir om Bjørn-Kowlaski Hansen og arbeidet til Statens vegvesen her.

On the Road Again, Bjørn-Kowalski Hansen. Foto: Bjørn-Kowalski Hansen

Del denne artikkelen