
Kunst i offentlege rom på Kulturytring Drammen 24. juni
Kvifor er det viktig med kunst i offentlege rom?
Saman med Mesén, Oslo kommunes kunstsamling (OKK) og Kunstsentra i Noreg (KiN), inviterer KORO til ein samtale om dei kunstnariske og politiske handlings- og moglegheitsromma til kunst i offentlege rom. Inviterte politikare og kunstnare deltar i debatten. Arrangementet er gratis og opent for alle – også utan festivalpass. Hjarteleg velkommen!
Kunst i offentlege rom – utfordringar og moglegheiter
- Tysdag 24. juni
- 12:15 – 13:45
- Drammensbiblioteket, 2. etasje
Kva handlingsrom og moglegheiter oppstår i dei direkte møta mellom kunst og samfunn? Når kunsten og kunstnaren utfordrar og blir utfordra av mottakarar, publikum, eller styresmaktene, korleis handterer vi det?
Fire aktørar innan kunst i offentlege rom – ein privat, ein kommunal, ein regional og ein statleg – går saman og inviterer til ein samtale om dei kunstnariske og politiske handlingsromma til den offentlege kunsten.
Mesén, Oslo kommunes kunstsamling (OKK), Kunstsentra i Noreg (KiN) og Kunst i offentlege rom (KORO) har til felles at alle produserer kunst i offentlege rom. Alle fire samarbeider med kunstnarar, mottakarar og styresmakter for å skape kunst der folk bur, jobbar og beveger seg. Med ulike oppdragsgivarar, finansieringskjelder og mandat, møter vi likevel ulike problemstillingar knytt til handlings- og ytringsrommet til kunsten.
Programmet består av to delar. Først vil Mesén, OKK, KiN og KORO diskutere utfordringar og moglegheiter for kunst i offentlege rom, med utgangspunkt i konkrete prosjekt og erfaringar. Deretter blir det panelsamtale med inviterte politikarar og kunstnarar, leia av Jonas Ekeberg frå Kulturdirektoratet.
Program:
1) Kunst i offentlege rom no. Presentasjonar frå kvar enkelt aktør
- Velkommen v/ Øystein Strand, direktør i KORO
- Mesén v/ Tina Skedsmo: Om Julie Polys kunstprosjekt Ukrzaliznytsia som opnar 25.6 på Oslo S. Utstillinga viser fotografi av livet blant reisande på den ukrainske jernbanen, både før og etter den russiske fullskala invasjonen av Ukraina i 2022. Fotografia tematiserer krig og motstandskraft, og inviterer til dialog på tvers av grenser, gjennom historiene som reiser med oss.
- Kunstsentera i Noreg (KiN) v/ Merete Hovdenak og Ingrid Blekastad: Kunstprosjektet Odelsgut og fantefølge (2019) i Kvam i Gudbrandsdalen var omstridd blant både innbyggjarar og politikarar i bygda, og fekk brei mediedekking, lokalt og nasjonalt. Men kvifor snudde folkeopinionen undervegs og kva har skjedd sidan?
- Oslo kommunes kunstsamling v/ Martin Berner Mathiesen: Axel Revolds freske Geografien (1927) på Hersleb skule blei i 2022 kritisert for å ha rasistiske og kolonialistiske motiv. Debatten reiste viktige spørsmål, og innlegget ser på korleis forståinga, konteksten og kritikken rundt verket har endra seg 100 år etter det blei laga.
- KORO v/ Nora C. Nerdrum: Kunsten i det nye regjeringskvartalet er det største kunstprosjektet i noregshistoria. Samlinga vil innehalde nokre av dei mest kjende verka frå norsk utsmykkingshistorie, så vel som ei rekkje nyproduserte verk. Innlegget diskuterer trua på den kritiske krafta til kunsten til ulike tider og kunsten si evne til å verke inn på staden, publikummet og den offentlege samtalen.
2) Panelsamtale: Utfordringar og moglegheiter for den offentlege kunsten
Politikarar, kunstnarar og arrangørar om kunst i offentlege rom.
- Tage Pettersen (Høgre, Familie- og kulturkomiteen Stortinget)
- Kathy Lie (SV, Familie- og kulturkomiteen Stortinget)
- Anders Wengen (2. kandidat for Venstre i Buskerud)
- Åsne Kummenje Mellem (kunstnar)
- Geir Egil Bergjord (styreleiar NBK)
- Ingrid Blekastad (direktør Kunstbanken senter for samtidskunst)
- Nora Ceciliedatter Nerdrum (sjefskurator og leiar for kunstseksjonen i KORO)
Samtalen blir leia av Jonas Ekeberg, fagansvarleg for visuell kunst i Kulturdirektoratet.
Meir om kvar enkelt aktør sine presentasjonar:
Mesén: Julie Poly sitt kunstprosjekt frå den ukrainske jernbanen

Mesén skal presentere kunstprosjektet Ukrzaliznytsia av Julie Poly som opnar på Oslo S onsdag 25. juni. Utstillinga viser fotografi av livet som går føre seg blant reisande på den ukrainske jernbanen – frå både før og etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Somme bilete snakkar direkte om røynda til krigen og minner oss på motstandskampen til ukrainarane. I andre bilete kan det å sitje skulder ved skulder med ein framand i ein togkupé bli ein allegori for eit større europeisk samhald. Fotoserien er eit pseudodokumentarisk prosjekt som også blir ei kunstnarisk linse mot krigen som går føre seg. I tillegg belyser prosjektet moglegheitene og utfordringane med å jobbe med temporær kunst i offentlege rom. På Oslo S kan kunsten raskt gripe aktuell tematikk, men her vil òg kunsten lesast i relasjon til annan visuell informasjon på stasjonen. Kanskje kan likevel Poly sine bilete setje oss på sporet av ein refleksjon eller ei kjensle?
Kunstsentera i Noreg: Odelsgut og fantefølge (2019) i Gudbrandsdalen

Kunstsentera i Noreg (KiN) vil i samarbeid med medlemsinstitusjonen Kunstbanken senter for samtidskunst, ta utgangspunkt i det omstridde offentlege kunstverket Odelsgut og fantefølge (2019) i Kvam i Gudbrandsdalen. Kunstnarane bak verket var dei tre arkitektane i Fellesskapsprosjektet å fortette byen (FFB), med Joar Nango som talsmann. Saka fekk brei dekking i media, både i lokal og nasjonal presse, allereie før det var ferdig. Prosessen rundt kunstverket set lys på ulike moglegheiter og utfordringar som både kunstnarar, kuratorar, kunstfaglege rådgivarar, byråkratar og politikarar kan erfare i realisering av kunst i offentlege rom. Men kvifor snudde folkeopinionen undervegs og kva har skjedd sidan?
Filmen Odelsgut og fantefølgje (49 min.) blir vist på skjerm på Drammensbiblioteket under heile Kulturytring Drammen.
Oslo kommunes kunstsamling: Axel Revold i 1927 og no

Oslo kommunes kunstsamling tek for seg fresken Geografien (1927) av Axel Revold på Hersleb vidaregåande skule i Oslo. Innlegget ser på korleis eit kunstverk i offentleg rom, nærare bestemt på ein skule, blir opplevd og lese annleis i dag enn for snart 100 år sidan. I ein serie artiklar i 2022 kritiserte førstelektor og forfattar Rana Issa fresken for å ha kolonialistiske og rasistiske motiv. Debatten som Issa reiste, og tilsvara som følgde, løfta fleire viktige spørsmål. Vi ser på korleis dagens elevar forheld seg til kunstverket, samanlikna med elevane som møtte verket som del av eit pedagogisk prosjekt i 1927. Vi ser kort på konteksten til verket i samtida si og korleis denne konteksten har endra seg fram til i dag. Sjølve verket har ikkje flytta seg, men forståinga, kritikken og dei etiske implikasjonane rundt det har endra seg. Slike endringar må alle offentlege kunstsamlingar forhalde seg til, fordi romma våre i hovudsak ikkje er museale – men del av ei større offentlegheit.
KORO: Kunsten i det nye regjeringskvartalet

Eit nytt regjeringskvartal veks fram midt i Oslo sentrum, og KORO er i gang med det største kunstprosjektet i noregshistoria. Den nye kunstsamlinga vil innehalde nokre av dei mest kjende verka frå norsk kunsthistorie, men også nyproduserte verk, utført av samtidige kunstnarar i dialog med historia, staden og konteksten. Kunstfeltet er i stadig endring, og kvar generasjon har si tilnærming til utsmykkingsomgrepet og kva det vil seie å skape kunst til offentlege rom. Trua på den kritiske krafta til kunsten og evna kunsten har til å verke inn på staden, publikummet og den offentlege samtalen er likevel eit fellestrekk. Vi ser på eit utval verk frå samlinga og undersøkjer korleis kunstnarane på ulike måtar har søkt å bryte med etablerte tenkjemåtar eller utfordre rådande strukturar i samtida si.