utlyser
Utvalsmedlemmer LOK 2025
Vil du vere med å vurdere kva kunstprosjekt som skal få støtte frå KORO si prosjektstøtteordning LOK? Vi søkjer fire nye utvalsmedlemmer som skal vere med på å fordele midlane i 2025.
Formålet til KORO si prosjektstøtteordning for kunst i offentlege rom – Lokalsamfunnsordninga – er å stimulere til produksjon og formidling av kunstprosjekt i offentlege rom og bidra til utvikling innan fagfeltet lokalt og regionalt.
Oppdraget består i å vurdere søknader og utarbeide ei grunngjeven innstilling i samarbeid med fagpersonar frå KORO sin kunstseksjon. Arbeidsmengda er estimert til omlag to arbeidsveker pr. år. Størstedelen av arbeidet skjer i februar/mars.
I samansetninga av utvalet blir det lagt vekt på at kunnskapen til medlemmene til saman representerer eit mangfald av kompetanse innan fagfeltet kunst i offentlege rom. Medlemmene i utvalet må vere godt orienterte om nasjonal og internasjonal samtidskunst. Det er ein fordel (ei føremon) om søkjarane har erfaring med produksjon av kunst i offentlege rom og/eller arbeid med kunst i stadutviklingsprosessar.
Kort motivasjonstekst og CV sendast til post@koro.no innan 22. november 2024.
KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Fylke
Oslo
Prosjektadresse
Oslo
Norge
Se i Google Maps
Utlyser
KORO
Kontaktperson
Truls Ramberg
E-post
Telefon
92683571
Prosjektbudsjett
-
Søknadsfrist
22.11.2024