Kunstkonsulent til Region Nordhordland Helsehus

Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Region Nordhordland Helsehus IKS oppdrag som kunstkonsulent for Region Nordhordland Helsehus i Knarvik.

Region Nordhordland Helsehus er under oppføring i Knarvik, og skal stå ferdig i slutten av 2020. Bygget er på omlag 16 200 m2BTA, fordelt på 6 etasjar og parkeringsanlegg og teknisk areal i underetasjar. Bygginga av helsehuset er det største helsepolitiske samarbeidstiltaket i regionen, og skal husa både primær- og spesialisthelsetenester. Dei største leigetakarane i bygget er Alver kommune, Helse Bergen HF og Hordaland fylkeskommune, fylkestannlegen.

Kort beskrivelse av areal

  • To underetasjar (U1 og U) består av parkeringsanlegg og tekniske rom
  • 1. etg: Foajé, kantine / kafé,  legevakt, ambulansestasjon, diverse kontorareal
  • 2. etg: Dialyseavdeling, ØH–døgnplassar (6 sengerom), hudavdeling, fastlegekontor, psykologkontor, legespesialister
  • 3. etg: Tannhelseteneste, helsestasjon, jordmor og PPT (pedagogisk-psykologisk teneste)
  • 4. etg: Barne- og ungdomspsykiatri og barnevern
  • 5. etg: Psykisk helsevern vaksne, Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk og psykisk helse/rus
  • 6. etg: Kunnskapssenter / møterom, serverings-/vrimleareal, musikkterapirom, treningsrom og nokre kontor

Foreløpig kunstbudsjett er sett til kr. 3 000 000,-. Ramme for kunstkonsulentoppdraget er sett til kr. 300 000,- (dette skal dekka honorar, reisekostnadar etc).

Kunstkonsulent vil fungera som leiar av kunstutvalet, der byggherre og arkitekt frå LINK vil vera representert. Kunstkonsulent må kunne arbeida sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Erfaring frå kunstprosjekt ved helsebygg eller andre offentlege bygg vil bli vektlagt.

Arbeidet i kunstutvalet vil starta så snart som mogeleg.

Faktaopplysningar om byggeprosjektet

  • Storleik/areal: 12 700 m2BRA + underetasjer på 3500 m2BRA
  • Funksjon: Bygg for ulike helsetenester
  • Totalentreprenør: Consto AS
  • Arkitekt: Link Arkitektur AS
  • Ferdigstilling: Desember 2020
  • Byggekostnad: ca kr. 500 mill
  • Adresse: Kvassnesvegen 23, Knarvik
Fylke

Hordaland

Prosjektadresse

Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø
Hordaland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Hordaland kunstsenter

Utlysers adresse

Klosteret 17
5006 Bergen

Kontaktperson

Petra Rahm

Telefon

98699454

Prosjektbudsjett

3 000 000 NOK

Søknadsfrist

31.10.2019