EKSTERN
utlyser

Albertatunet helse- og omsorgsenter i Florø

Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Kinn kommune oppdrag som kunstkonsulent ved Albertatunet, eit nytt heildøgns helse- og omsorgssenter lokalisert i Florø i Kinn kommune.

Om bygget og området

Bakgrunn for Albertatunet er demografiske framskrivingar og behovsoversikt som viser at det er for få sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester i Florø. Albertatunet vil innehalde 100 institusjonsplassar, ny base for heimeteneste, legevakt, dagaktivitetstilbod, trening/rehabiliteringslokaler og kafè/kantine-allrom.

Senteret er lokalisert tett ved bykjerna av Florø by, tett på barneskule, legesenter og kulturhus. På sørsida av bygget ligg tilgang til bynære turområde med to vatn, åsar og turvegar.

Til prosjektet ligg også opparbeiding av hage/park og eit torg framfor inngangspartiet.

Meir informasjon om prosjektet finnast her: Albertatunet


Om oppdraget

Kunstkonsulenten har ansvaret for den faglege og praktiske gjennomføringa av kunstprosjektet og kontakt mot kunstnar(ane).

Byggeprosjektet har ei prosjektgruppe. For kunstprosjektet er det sett ned ei mindre arbeidsgruppe som vil støtte og følgje opp kunstkonsulenten i arbeidet. Kunstkonsulenten utarbeidar ein kunstplan og rapporterer i samarbeid med arbeidsgruppa til prosjektleiar.

Vi forventer at kunstplanen består av følgande:

  • Føremålet med kunstprosjektet med utgangspunkt i området/bygget det skal plasserast i og bruken av området/bygget.
  • Vurdering av korleis ein skal velje / anskaffe kunstnar(ar) / kunstverk.
  • Grunngje val av kunstuttrykk og plassering, forventa vedlikehald og levetid.
  • Vurdere gjenbruk av eigd kunst og potensiale for bruk av lånt kunst.
  • Budsjett for utsmykkingskonstnadar og finansieringskjelder.

Kunstplanen skal politisk handsamast i tråd med retningslinjer for kunst i offentleg rom for Kinn kommune. Lenke til retningslinjene finn du her: Retningslinjer for kunst i offentlig rom for Kinn kommune

Teknisk informasjon


Budsjett

Det er avsatt kr. 0,2% av byggets entreprisekostnad til kunstprosjektet. 15 % av denne summen skal dekke honorar til kunstkonsulent (inkl. mva, reiser etc), samt 5 % til kunstavgift.

Det blir vidare arbeidd med å søke eksterne midlar, slik at denne ramma kan bli justert.

Per no er det avsatt kr 1 mill. til kunstprosjektet. Berekna honorar er kr 150.000. I tillegg vil arbeid med arkitekt bli betalt etter medgått tid etter gjeldande satsar i KORO. Rammene for dette tilleggsarbeidet blir avtalt særskilt.


Tidsramme

Arbeidet med prosjektering av bygget er i gang. Albertatunet er planlagt ferdig medio 2027.


Kvalifikasjonar

Følgende kvalifikasjonar er sette til oppdraget kunstkonsulent:

– Relevant kunstfaglig kompetanse.
– Erfaring frå liknande prosjekt.

 

Innhald i søknad

Søknaden må ha følgande innhald:

  • Kort tekst som skildrar motivasjon for oppdrag og forståing av oppgåva.   (Max 1 A4- side)
  • Referanser og fotodokumentasjon frå relevante prosjekt.
  • CV

Kinn kommune ønsker kunstkonsulenter som gjenspeiler mangfoldet i samfunnet, og ønsker søkere med ulike fagkombinasjoner.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju før endeleg avgjerd.

Fylke

Vestland

Prosjektadresse

Hans Blomgate 30-44
6905 Florø
Vestland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Hordaland kunstsenter

Utlysers adresse

Klosteret 17
5006 Bergen

Kontaktperson

Petra Rahm

Telefon

98699454

Prosjektbudsjett

1 000 000 NOK

Søknadsfrist

15.01.2025