Vågestykke

Campus Kronstad, Høgskulen i Bergen. Foto: Pål Hoff

Vågestykke er ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Målet med kunstprosjekta er å aktivisere menneska på og rundt høgskulen, og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar. Vågestykke startar opp i 2016 og strekkjer seg ut 2018.

VÅGESTYKKE er namnet på det sjuande og siste området i kunstplanen for høgskulen i samband med samlokaliseringa på Kronstad i nytt høgskulebygg hausten 2014.

Målet med Vågestykke er å aktivisere dagleglivet livet på høgskulen, og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar. Kunsten skal «slå kilar inn i dagleglivet» i form av fagleg relaterte, sosiale, eller politisk undersøkjande prosjekt og hendingar, teknologisk utfordrande eksperiment, performative, auditive og/eller visuelle arbeid.

Programmet strekkjer seg over fleire år med fleire vågestykke, alle med ulik økonomi, intensitet, lengd og kompleksitet. Ambisjonen er at kunsten skal aktivisere heile høgskuleområdet, òg ikkje-fysiske rom og eksterne stader, og dei kan vare frå nokre minutt til heile perioden.

Denne sida vert fortløpande oppdatert med prosjekt.

Følg Vågestykke på Instagram og Facebook for nyhende om dei ulike kunstprosjekta.

Kuratorar for Vågestykke er Sissel Lillebostad og Trond Hugo Haugen. Design av Ariane Spanier.

Vågestykke #6, Drit i det, 15.mars 2017

Drit i det er eit korverk av og om samanslåinga av høgskulane på Vestlandet til Høgskulen på Vestlandet, HVL, komponert av Jostein Stalheim. Korverket er del av prosjektet Drit i det, laga av Jostein Stalheim og Jon Hoem. Første del av prosjektet resulterte i ein klassisk fullskala norsk utedo med kongeportrett og tradisjonelle fargar. Sidan årsskiftet 2017 har utedassen stått på Campus Kronstad og samla «drit» i form av anonyme ytringar, meiningar og hjartesukk om høgskulesamanslåinga. Onsdag 15.mars klokka 13.15 er det urframføring av korverket basert på bidraga som har komme inn.

Ein smakebit frå korøvingane ser du her.

Meir om Drit i det finn du på Vågestykke sine Facebooksider og på Jon Hoems blogg.

 

Vågestykke #5, Film frå Kina, 16.-25.februar 2017

Film frå Kina er eit filmprogram med spanande og prislønte verk av nokre av Kinas viktigaste kunstnarar og filmskaparar. Gjennom eit titals filmar innanfor animasjon, kunstfilm og dokumentar gir Vågestykke #5 eit unikt innblikk i den kinesiske samtidskulturen- og kunsten.

Filmprogrammet er delt inn i tre delar tematisk: Kunst i animasjon, Dei store grepa og Personlege relasjonar. Kurator Bjørn Follevåg fortel at nettopp dei kanskje kontrasterande tema er karakteristiske for dagens Kina.

– Det er eit paradoksalt land. Medan Kina framleis er rangert som eit utviklingsland offisielt sett, er kinesisk digital animasjon verdsleiande. Derfor har vi vald å vise både døme på det, òg døme på det motsette, gjennom filmar som viser fram konflikten mellom den rurale kulturen på den kinesiske landsbygda og det moderne, kapitalistiske storbylivet, seier Follevåg.

Heile programmet finn du her.

Vågestykke #4, Drit i det

Drit i det er eit interaktivt verk av komponist Jostein Stalheim og biletkunstnar Jon Hoem. Studentar og tilsette vart inviterte til å dela hjartesukk om samanslåinga av tre høgskular til den nye Høgskulen på Vestlandet. Dei anonyme meiningane blei til teksten i korverket Drit i det, Vågestykke #6 del to med uframføring 15.mars 2017. Den fysiske ramma for prosjektet er ein kopi av ein gamaldags utedo, innreidd med portrett av kongeparet, interaktivt dosete og lydkollasj.

Kunstnarane vil utforske og utfordre sentrale problemstillingar ved samanslåingar der menneske er ein del av prosessen. – Kven står på utsida og kven er på innsida av samtalane som avgjer framtida for institusjonen? Kva meiningar blir faktisk lytta til, og kvar blir dei fremja? Referansane for dette verket er å finne i det historiske klagekoret, eit rom der frustrasjonar over føringar og endringar som påverkar oss i det daglege livet kan luftast og uttrykkjast.

Meir om prosessen og bygginga av utedoen finn du her, på Jon Hoems blogg.

.

Vågestykke #3 Nedbør, frå 3. november 2016

Nedbør er den første av to lydvandringar av Inger Wold Lund, der ein via nedlastbare lydfiler og hovudtelefonar blir leia gjennom delar av høgskulen.

Nedbør er ein serie med historier og observasjonar av ting som er lett å oversjå, som fargar på ein plante eller korleis lyset skin gjennom eit vindauge.

Intensjonen er å bygge opp under og verne om evna til å sjå ting på nye måtar og såleis utvide sanseintrykk av kvardagslege omgivnader, både for besøkande og for dei som dagleg nytter skulen. Nedbør tek utgangspunkt i perioden med mykje regn: haust og vinter.

Lydvandringane Nedbør og Opplett er skrive og utvikla av Inger Wold Lund, og realisert i samarbeid med lydkunstnaren Claire Tolan.

Les intervju med Inger Wold Lund.

.

Vågestykke #2 AIR – Tamrat Gezahegne, september 2016

Vågestykke har etablert eit Artist in Residence, AIR, der tanken er å late kunstnarar frå heile verda spandere tid på HiB, Kronstad. Den inviterte kunstnaren får møte fagmiljøet, etablere kontaktar og observere verknaden på dagleg basis over ei periode.

Tamrat Gezahegne, busett i Addis Ababa i Etiopia, er den første kunstnaren Vågestykke inviterer til AIR, i første omgang for perioden 5. til 31. september 2016. Gezahegne får rolla som kunstnarleg observatør av den sosiale og faglege aktiviteten på høgskulen, og av det andre kunstprosjektet i same periode, Luftballett.

Tamrat Gezahegne kan i denne samanhengen bidra med eit blikk utanfrå på den elles så heimlege diskusjonen kring forvalting av energi, kunstnarleg virke som sosialt engasjert arbeide, etiske spørsmål og andre tema vi lett oppfattar som sjølvfølgje.

Perioden skal resultere i/føre til eit kunstverk som realiserast i løpet av 2017.

Du kan lese meir på kunstnarens eiga nettside.

.

Vågestykke #1 – Luftballett, 6.-9. september 2016

Luftballett er ei framføring med to pilotar, ein sopran og ein lyddesigner som improviserer og speler saman med lyden av flygande venger.

Framføringa er leia av Margrethe Kolstad Brekke, kunstnar, og Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hangglider, og bygger på utviklinga innan feltet høgdevindkraft, ein teknologi som er under utforsking og som krevjar tenking utanfor vande kategoriar. Jon Gjerde er ein av gründarane i feltet.

Kunstprosjektet vil markere starten av Luftballett framtidsforum.

Spørsmålet som driv kunstprosjektet er korleis fornybar energi kan sjå ut. Kva er alternativa til petroleumsutvinning? Drakar – flygande vindmøller – syner seg å vere eit mogleg svar.

Luftballett framtidsforum er opent for alle og vil gå føre seg i eit skogholt på Kronstad. Skogholtet er tilrettelagd ved hjelp av fire ungarske ullgrisar, ein potetåker, nabolagsborn og Øystein Nesheim.

Målet med framtidsforumet er å løfte fram og diskutere korleis vi møter energibehovet på ein berekraftig måte.

Forumet vert leia av antropolog og aktivist Ragnhild Freng Dale, og rundt bålet i skogen vil studentar og tilsette møte eksterne gjestar for løysingsorientert diskurs om moglege vegar ut av fossilalderen.

Luftballett består av ei gruppe på 15 personar, som på kvart sitt vis samhandlar med fagmiljøet på Høgskolen i Bergen:

  • Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hangglider
  • Olav Martin Bråtveit, hangglider-pilot
  • Hilde Annine Hasselberg, sopran og elektro-komponist
  • Øystein Nesheim, scenograf
  • Benedicte Brun, økolog
  • Ragnhild Freng Dale, programleiar
  • Thorolf Thuestad, lyddesignar
  • Christian Høie, kokk
  • Solvei Hanmei Losnegård, drakekunstnar
  • Randi Brecke, sekretær
  • Margrethe Kolstad Brekke, kunstnarleg ansvarleg
  • Bjørn Kjærand Haugland, hangglider-pilot og konsernleder DNV GL
  • Lars Schmidt, T Jay
  • Philippe Badiane, sosial entreprenør
  • Nina Dronova, historikar og produksjonsassistent

Du kan lese meir på kunstprosjektets eiga nettside.