Volda og Ørsta lensmannskontor

Anders Sletvold Moe (NO) har forvandla himlingen over inngangspartiet til Volda og Ørsta lensmannskontor til opplyste skulpturelle former. Den spesiallaga installasjonen er inspirert av naturen i nærmiljøet.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Vol­da og Ørs­ta lens­manns­kon­tor

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Opposite Mountain Lights, av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights, av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights, av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights, Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights (Unfold), av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights (Unfold), av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights (Unfold), av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
  • Opposite Mountain Lights (Unfold), av Anders Sletvold Moe. Fotograf: Werner Zellien
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Det enkle overbygget framfor inngangen til lensmannskontoret er gjort om til ein skulpturell lysinstallasjon. Verket Opposite Mountain Lights tek i bruk heile himlingen i overbygget og er inspirert av fjellkjeda som strekkjer seg frå Ørsta mot Vartdal, med fjelltoppane Saudehornet, Vassdalstinden, Stabben, Liahornet og Bergehornet. Kunstprosjektet held fram inne. Her er dei 134 triangelformene frå lysinstallasjonen ute falda ut i eit større veggmåleri med tittelen Opposite Mountain Lights (unfolded).

På mørke vinterdagar leier lysinstallasjonen besøkande til politistasjonen frå dei svingar av vegen og køyrer opp bakken mot parkeringsområdet. I den lysaste tida av året fungerer formene i taket som skulpturelle element som gjev huset ein karakteristisk profil. Kunstnaren tok utgangspunkt i eit kart over fjellkjedene, og ved hjelp av eit dataprogram gjorde han konturlinene frå fjella om til stiliserte tredimensjonale former. Frå nokre stader på parkeringsplassen ser det ut som om fjella omkring blir spegla i lysinstallasjonen. Når det er mørkt ute og regnar, vil den opplyste triangulære forma skape vakre speglingar i vassdammane.

Maleriet i korridoren er bygd opp på staden ved hjelp av pappsjablongane som blei laga for å kutte til pleksiglasset i lysinstallasjonen. Systemet med dei 134 sjablongane er konseptuelt strengt, mens måten han har komponert og plassert formane er friare og meir spontan.

Sletvold Moe sitt verk gjev politihuset eit estetisk løft, samstundes som det signaliserer plasseringa til ein viktig offentleg institusjon.

Kunstverket er ett av ti kunstprosjekt under kunstordningen for statlige etater i private leiebygg og eldre statsbygg (LES), tildelingsrunde 8.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda

Ferdigstilt dato

01.05.2015

Prosjektleder
Fagkomite

Jan Christensen
Yngvild Færøy
Gerd Elise Mørland, (fra 15.mai 2014)
Kari J. Brandtzæg, (til 15. mai 2014)

Arkitektkontor

Sweco Norge AS

Byggherre

Hovden næringssenter AS

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige institusjoner i private leiebygg eller eldre statsbygg (LES)

Video

Video

Kunstverk

Kunstverk

Relatert innhold

Del dette prosjektet