UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Farmasibygget

Livets elv er namnet på det 50 meter lange veggmåleriet til Thor Erdahl som strekker seg langs heile glasfasaden på Farmasibygget.

Bukkekjerka, Bent Aune. Fotograf: Acharya Larissa

Om prosjektet

Det stramme, lyse farmasibygget på UiT er teikna av Borealis Arkitekter og stod ferdig i 1998. Bygningen ligg sentralt i realfagsparsellen nord på campusområdet, og har ei langstrakt form med eit avrunda tak og ein fasade av glas og tegl. Auditoriet er lagt utanfor sjølve bygget som eit sirkulært tilbygg.

Det var den nordnorske kunstnaren Thor Erdahl (f. 1951), busett i Kabelvåg, som fekk i oppdrag å utsmykke den 50 meter lange glasfasaden i ein vestibylekorridor i bygningen. Erdahl er utdanna målar og grafikar frå Statens kunstakademi i Oslo. Han er kjend for sin ekspressive bruk av reine og skarpe fargar, som han nyttar i sterke kontrastar. I dei tidlege grafiske arbeida hans var uttrykket konkret forteljande, men etter kvart som han utvikla seg som målar, blei arbeida kjenneteikna av meir symbolske forteljingar og abstraherte, geometriske former.

Symbolbruken er også synleg i Livets elv i Farmasibygget. I mylderet av abstraherte naturformer kan ein innimellom sjå snev av hus, byar, båtar og andre menneskeskapte strukturar. Men ein kan også få assosiasjonar til natur og landskap, til fjell, jorde og vatn. Erdahl har tatt heile glasfasaden i bruk som lerret. Verket buktar seg bortetter veggen, akkurat slik tittelen ymtar om – som ei elv.

Detaljer

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstnere

Thor Erdahl
Johanne M. Hansen-Krone
Jørleif Uthaug
Bent Aune
Arvid Sveen

Ferdigstilt dato

22.09.1998

Prosjektansvarlig

Kristine S. Smeby

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kari Elfstedt

Arkitektkontor

Borealis Arkitekter as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk