Høgskolen i Sørøst-Norge, Campus Porsgrunn

Marie Buskovs geometriske komposisjonar skal stimulere helsefagstudentar til konsentrasjon.

Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Høgs­ko­len i Sørøst-Nor­ge, Cam­pus Pors­grunn

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • 11 formasjoner, Marie Buskov. Fotograf: Werner Zellien

  • Høgskolen i Sørøst-Norge, Campus Porsgrunn. Fotograf: Werner Zellien
  • 11 formasjoner, Marie Buskov. Fotograf: Werner Zellien
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Biletkunstnar og skulptør Marie Buskov har laga ein serie akvarell-collagar til helsefagutdanninga ved Høgskolen i Sørøst-Norge, Campus Porsgrunn.

Verket 11 formasjoner består av elleve akvarell-collagar der bitar av måla papir er sett saman i geometriske komposisjonar. Alle collagane er bygd opp over eit samlande tema og hengt på éin vegg slik at dei til saman dannar ein harmonisk komposisjon. Uttrykket refererer mellom anna til retningar innan modernismen som utforska abstraksjon og geometriske former som motivisk verkemiddel på 1920-talet.

Verket er plassert i opphaldsrommet i eit lokale som er bygd om til simuleringssenter. Senteret er ei eksakt gjenskaping av ei sjukehusavdeling med sovesalar for pasientar og undersøkingsrom for legar og sjukepleiarar. Her skal studentane øve seg på dei praktiske delane av helsefaget.

Bak invitasjonen av nettopp Buskov til å skape kunst til rommet kor studentane skal studere, gjere gruppearbeid og ta pausar, ligg ein tanke om at kunsten hennar stimulerer til konsentrasjon og intellektuelt arbeid.

I kunsten undersøkjer Buskov mellom anna forholdet mellom det to- og tredimensjonale slik det kjem fram i spennet mellom arkitektur og skulptur på den eine sida og fotografi, collage og måleri på den andre. Motiva er abstrakte, men perspektivverknadane gjer at dei geometriske formene kan minne om interiør og arkitektoniske landskap.

– Sjølv om eg ikkje er arkitekt av profesjon, vil eg seie at interessa for rom og arkitektur er grunnleggjande i kunstnarskapen min. Arbeida mine, både collagar og skulpturar, kan på mange måtar samanliknast med konstruksjonar. Flate møter flate og byggjer eit rom, som arkitekturen sjølv. Difor tenkjer eg også på collagane som skulpturelle, berre i eit anna format, seier kunstnaren i eit intervju med kunstkritikar Mona Gjessing.

Les resten av intervjuet med Marie Buskov her.

Marie Buskov har tidlegare utført kunstprosjekt for Kriminalomsorgsdirektoratet på oppdrag for KORO, les om det her.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Kjølnes Ring 56, 3918 Porsgrunn

Kunstner
Ferdigstilt dato

31.05.2017

Kunstfaglig rådgiver
Kurator

Joakim Borda-Pedreira, KORO

Mottakerrepresentant

Morten Østby, Høgskolen i Sørøst-Norge

Prosjektansvarlig

Christoffer Seiler, Statsbygg

Arkitekt

Hanne Smedal Sørensen, Rambøll

Arkitektkontor

Rambøll Norge AS

Byggherre

Statsbygg

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Relatert innhold

Del dette prosjektet