Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad, Bergen

Åtte kunstnarar har sett sitt preg på det nye romslege høgskulebygget på Kronstad. Verka spenner frå storslagne veggmåleri til meir underfundige verk ein kan støyte på nærmast på slump.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Høgs­ku­len på Vest­lan­det, Cam­pus Kron­stad, Ber­gen

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Liste, av Kim Hiorthøy. Fotograf: Pål Hoff
  • Liste, av Kim Hiorthøy. Fotograf: Pål Hoff
  • Kobling, av Anne-Gry Løland. Fotograf: Pål Hoff
  • Høgskolen i Bergen, Hordaland. Fotograf: Statsbygg
  • 40 figurasjoner etter solnedgang, av Leonard Rickhard. Fotograf: Pål Hoff
  • 40 figurasjoner etter solnedgang, av Leonard Rickhard. Fotograf: Pål Hoff
  • "Grafikkveggen", Høgskolen i Bergen. Fotograf: Pål Hoff
  • Make your money work for you, av Caroline Kierulf. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • Uten tittel, av Mona Orstad Hansen. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • Nirmal Dhunsi i arbeid, . Fotograf: Pål Hoff
  • Koblingen mellom Østen, Vesten og Resten, av Nirmal Singh Dhunsi. Fotograf: Pål Hoff
  • The Experiment, av Tom S. Kosmo. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • Cut #6 - Armlengdes avstand, Snorre Ytterstad. Fotograf: Pål Hoff
  • Cut #6, av Snorre Ytterstad. Fotograf: Pål Hoff
  • Prøvestriper, av Vilde Salhus Røed. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • Target Sculpture #2 og #4, av Snorre Ytterstad. Fotograf: Pål Hoff
  • Allegori over Nordland VI, NR 3, av Rita Marhaug. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • U.T Opsec, av Gardar Eide Einarsson. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • 60°22’8,8’’S 175°20’59,83’’W, av Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik. Fotograf: Pål Hoff
  • I Forget at Once or I Never Forget, av Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik. Fotograf: Pål Hoff
  • Loop, av Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik. Fotograf: Pål Hoff
  • En sju års syklus, av Johannes Borchgrevink Hansen. Fotograf: sissel Lillebostad
  • Logic and Love, av Toril Johannessen. Fotograf: Sissel Lillebostad
  • The Way We Move, av Päivi Laakso. Fotograf: Hoff, Pål
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Da det nye høgskulebygget på Kronstad i Bergen vart innvia hausten 2014, vart samstundes tre separate avdelingar ved høgskulen samla i eit felles høgskuleområde. Det markante bygget ligg tett på bybanen og det gamle studenthuset. Arkitektane bak, hlm arkitektur og danske Cubo Arkitekter, valde namnet Kobling til bygningskonseptet sitt på grunn av korleis anlegget både koplar ulike læringsarenaer i eit inkluderande anlegg og koplar høgskulen og byen.

Det er til saman sju kunstverk i og rundt høgskulen, som alle er basert på teikningar. Anne-Gry Løland sitt verk Kobling dekkjer fleire av fasadane og bryt med den stramme forma til bygningane. Hòl i tre ulike størrelsar perforerer aluminiumsplatene som dekkjer store delar av bygningskroppen. Hòla dannar mønster som mellom anna er basert på barokke mønsterførelegg og flate geometriske element. På avstand er dei nesten leselege, på nært hald er dei som eit flimrande filter av lys og skugge.

I foajeen, torget til høgskulen, står Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik bak eit tredelt verk som reiser spørsmål ved korleis vi ser på verda. Eitt av verka er ei projisert sol basert på sola sin bane på det nøyaktig motsette punktet på jordkloden, eit anna er ei linse som snur den synlege verda på hovudet, og det siste er ei såpeboblemaskin som kvart femtande minutt produserer ei svær såpeboble som svever utover det store rommet.

Leonard Rickhard har laga ei veggteikning på den delen av kantina som ligg nærast studenthuset. Arbeidet er utført rett på veggflata og viser eit nett av ruter, der kvar rute er fylt med teikna køyretøy, maskiner og bygningar, kjende motiv frå tidlegare verk av Rickhard. Dette er fyrste gong han arbeider med teikning på ei så stor veggflate.

Indiske Nirmal Singh Dhunsi har laga eit måleri langs ein seksti meter lang korridor i underetasjen. Ei rekkje av tre dannar konstituerande element i det sinnrike verket, der det utfaldar seg scener med figurar henta frå norsk, amerikansk og indisk litteratur og mytologi.

I eit rom med stor takhøgde i tredje etasje har finske Päivi Laakso fylt veggflater og vindaugskarmar med dansande, rytmiske figurar. Verket, med namnet The Way We Move, har eit energisk, nesten skisseaktig preg over seg.

Liste av Kim Hiorthøy brer seg over ein hel vegg ved biblioteket. Verket er ei liste over alt ein har bruk for, alle vala ein må ta, alle dei tinga vi kan oppleve, hugse eller gløyme, menneske vi møter – ei form for inventaroversikt over livet.

I tillegg til dei store og markante verka ønskte kunstutvalet seg verk med ei meir overraskande plassering og uttrykk, og som gjerne hadde noko gåtefullt og humoristisk ved seg. Snorre Ytterstad står bak to verk i kantina som fyller denne rolla. Eitt av dei er integrert i bygningskroppen gjennom eit kutt i overflata: I Cut #6, med undertittelen Armlengdes avstand, er eit kronestykke transformert til eit sagblad som kuttar eit sirkulært spor i veggen, fram til krona – utslite av strevet – sit fast i sporet. Ytterstad har laga kuttet i veggen ved å gjere ei sirkelrørsle med armen, slik at radiusen på sirkelen er definert av lengda på armen hans.

Det er også sett av ressursar til tidsavgrensa kunst, som vil settast i gang hausten 2015.

Samtalane med kunstnarane

Samtalane med kunstnarane

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Ferdigstilt dato

26.01.2015

Prosjektansvarlig

Stine Arnet Høyem
Harald Fenn
Mari Aarre

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Sissel Lillebostad
Trond Hugo Haugen

Byggherre

Statsbygg

Arkitektkontor

HLM arkitekter og plan as
CUBO Arkitekter A/S

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Milepæler

Milepæler

Relatert innhold

Del dette prosjektet