AHO Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Den kan likne eit stranda romskip, ein futuristisk ruin, eit gigantisk insekt. Uansett kva Knut Åsdam sin skinnande, svarte skulptur utanfor Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo måtte minne deg om, kan du slå deg ned og sitte på den.

 

Om prosjektet

I sin generasjon er Knut Åsdam (f. 1968) ein av våre internasjonalt mest høgakta kunstnarar. I 2001 fekk han i oppdrag å lage eit kunstverk til dei nye lokala til Arkitektur- og designhøgskolen i Maridalsveien i Oslo. Med si høgglansa overflate er skulpturen Recombinant Place: Cloaked Mirror Body blitt eit synleg kjennemerke i landskapet, der den grensar mot dei store grøntområda kring høgskulen, med Akerselva og Kubaparken som naboar.

Den U-forma skulpturen, som opnar seg mot hovudinngangen til høgskulen, går nærmast i eitt med den skrånande grasplenen. Den er senka ned i graset og fungerer som ein benk. Den er utforma i glasfiberlaminat i ein djup svartfarge, og forma kan minne om eit brotstykke av eit amfi. Den nesten ekstreme grafiske forma leier også tankane mot science fiction og Utopia-inspirert populærkultur. Ovanfrå kan den minne om ein flat Darth Vader-hjelm, frå sida kan ein tenke seg ein slank cockpit på eit romskip.

Åsdam sette som krav at det ikkje skulle vere noko gjerde kring skulpturen. Den skulle vere tilgjengeleg også for dei mange forbipasserande langs Akerselva både natt og dag. At den er så tilgjengeleg, gjer skulpturen utsett. Graffiti og tagging har i periodar sett sitt preg på den, og den blanke overflata har heile vegen vore merka av menneske og dyr. Heilt frå starten har dette vore ein grunntanke frå kunstnaren si side. Åsdam er særleg kjend for sine kunstnariske undersøkingar av korleis menneske blir påverka av omgjevnader og arkitektur.

I 2015 blei det på grunn av store skadar på skulpturen naudsynt med ein omfattande reparasjon. I løpet av 2016 kjem skulpturen på plass igjen, slik at den på ny kan vere ein sosial samlingsplass for så vel arkitektstudentar som forbipasserande.

Detaljer

Adresse

Maridalsveien 29, 0175 Oslo

Kunstner

Knut Åsdam

Ferdigstilt dato

12.08.2002

Prosjektansvarlig

Heidi Ramsvik

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Gunnar Eeg-Tverrbakk

Arkitektkontor

Jarmund/Vigsnæs arkitekter

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk