Kunstvandring i Oslo

I den store kunstsamlinga til KORO har vi valt ut elleve verk som til saman tilbyr ei interessant vandring rundt i Oslo.

Kunstvandring i Oslo-1

Skriv ut Kunstguide i Oslo

Med nokre få unntak er all kunst produsert av KORO offentleg tilgjengeleg. Vi har valt ut ti verk som til saman tilbyr ein liten rundtur i Oslo, og som gir innblikk i ulike kunstuttrykk. På kvar plass kan du klikke deg inn på det interaktive kartet og lese meir om dei ulike verka. Noko av kunsten har du kanskje allereie passert, ein gong eller kvar dag, utan å tenkje så mykje over det. I Oslo-guiden til KORO kan du velje å la kunsten snakke for seg sjølv, trykke på kartet og lese ein kort infotekst om verket – eller gå inn på prosjektsidene til KORO og lese meir og sjå fleire bilete.

KORO er ansvarleg for kunstprosjekt rundt om i heile Noreg. Følg oss på Instagram og Facebook for å få smakebitar frå og nyheitar om dei ulike kunstverka.

Den norske opera & ballett

Hun ligger/She lies, Monica Bonvicini (BONO). Foto: Trond Isaksen

Operahuset i Oslo ligg rett ved fjorden og kan minne om eit isfjell der det reiser seg skrått opp frå vasskanten. Åtte kunstprosjekt blei utført i samband med bygginga. Det kanskje mest ambisiøse står arkitektkontoret Snøhetta og kunstnarane Jorunn Sannes, Kalle Grude og Kristian Blystad bak: den enorme marmorflata framfor og oppå taket av bygningen. Flata er laga av 33 000 enkeltsteinar, og det komplekse puslespelet endrar karakter gjennom døgnet og over tid – når vêr og vind tærer på marmoren. I hamnebassenget utanfor operahuset er det skulpturelle verket Hun ligger/She lies av Monica Bonvicini plassert. Skulpturen er ei tredimensjonal tolking av Caspar David Friedrich sitt måleri Das Eismeer frå 1823–24. Hun ligger/She lies er ein open stålstruktur som er delvis kledd med speglande, transparente diagonale flater. Inne i sjølve Operaen ser du Olafur Eliasson sitt verk The other wall: relieffveggar med kvite og grøne ljospanel som dekkjer eit stort område i foajeen. Les meir
Adresse: Oslo Opera House, Kirsten Flagstads Plass 1

Snublesteinar

Snublestener, Gunter Demnig (BONO). Foto:KORO

Den tyske kunstnaren Gunter Demnig ønskte å synleggjere ofra for nazismen ved å vise kor dei levde før dei blei drepne. Sidan 1993 har han lagt ned 48 000 små minneplater på fortau i 18 europeiske land gjennom prosjektet Stolpersteine. Den 30. august 2010 la Demnig ned dei fyrste 19 steinane i Norge, i fortauet utanfor Calmeyers gate 15 i Oslo. Av dei 28 leigebuarane der blei 19 deportert og drepne under jødedeportasjonane hausten 1942. I tillegg blei det lagt ned ein stein for Ruth Maier utanfor Englehjemmet, eit tidlegare pensjonat for jenter og unge kvinner i Dalsbergstien 3. Den som stoppar opp ved snublesteinane, blir gjort merksam på at overgrepa i nazismens namn òg skjedde i deira eigne nabolag. Dei diskré markørane er ei påminning om at dei som døydde var vanlege folk i gata, mødrer, fedrar, tenåringar og småbarn. Les meir
Adresse: Calmeyers gate 15

Dette er et fint sted

Dette er et fint sted, Victor Lind. Foto: Alette Schei Rørvik

Like ved Carl Berners plass ligg minneparken Dette er et fint sted. Victor Lind tok initiativ til å lage parken i 2008. Det vakre området har utsyn over heile byen og over staden der gartneriet til Rolf A. Syversen låg. Syversen var involvert i ei storstilt flyktningsmugling under andre verdskrigen: Under namnet Carl Fredriksens Transport blei om lag 1000 menneske, halvparten av dei jødar, hjelpt over grensa til Sverige. Parken, som er laga i samarbeid med arkitektkontoret Snøhetta, er ei påminning om at alminnelege menneske berga andre med fare for eige liv under krigen. Utanfor gartneriet er ei stjerne med ein enkel inskripsjon nedfelt i bakken. Les meir
Adresse: Hasleveien/Hekkveien

Kunsthøgskolen i Oslo

This Is It, Gardar Eide Einarsson. Foto: Hilde Honerud

Utdanningane innan visuell kunst og design flytta inn i Seilduksgata i 2010, og Camilla Løw og Gardar Eide Einarsson utforma da to markante verk til skulen. Verket This Is It av Einarsson er eit svart metallskilt med neonbelysning plassert på eit tak. Verket er basert på ein scenedekorasjon frå ein turné som Michael Jackson aldri rakk å gjennomføre før han døydde. Orda This is it vekkjer undring når dei er plassert inn i eit kvardagsleg byrom. Ein kan nesten få lyst til å føye til: Is that all there is? Camilla Løw sitt verk Dynamic Duo er to parallelle skulpturar i brennlakkert stål som kan tolkast som eitt verk. Skulpturane er laga til ein stor avsats ved sida av trappa som leier opp frå Akerselva til hovudinngangen til høgskulen, der studentar og tilsette ofte sit i pausane. Kunstnaren har lagt spesielt vekt på at verket skal kunne betraktast frå fleire sider. Les meir
Adresse: Fossveien 24

Arkitektur- og designhøgskolen

osloguide_Arkitektur- og designhøgskolen

Recombinant place: Cloaked mirror body, Knut Åsdam. Foto: Kim Müller

NB! Skulpturen til Knut Åsdam er nyleg blitt renovert og kjem på plass 5. juli.

Den kan likna eit stranda romskip, ein futuristisk ruin eller eit gigantisk, utstrakt insekt. Skulpturen Recombinant Place: Cloaked Mirror Body av Knut Åsdam har med si høgglansa, svarte overflate blitt eit godt synleg kjennemerke for denne delen av byen. Den er utforma i glassfiberlaminat i ei djup, høgglansa svart farge, og har ein form som kan minne om eit brotstykke av eit amfi. Den nesten ekstreme grafiske forma på skulpturen ledar samtidig tankane mot sicence fiction og utopia-inspirert populærkultur – ovanfrå kan den minne om ei flat Darth Vader-hjelm, frå sida kan ein tenke seg ei slank cockpitform på eit romskip. Åsdam sette som krav at det ikkje skulle settast opp noko gjerde kring skulpturen. At skulpturen skulle vere tilgjengeleg og inviterande også for dei mange forbipasserande langs Akerselva, dag og natt, var eit vesentleg poeng for kunstnaren. Les meir
Adresse: Maridalsveien 79

Høgskolen i Oslo og Akershus

Lying low / male nude, Christine Aspelund. Foto: KORO

Utanfor lokala til Høgskulen i Oslo og Akershus i Pilestredet ligg bronseskulpturen Lying low/Male nude av Christine Aspelund. Den liggande mannsfiguren kan sjå nesten sjukeleg overvektig ut, samstundes normal i den forstand at mange i dag har ein del kilo for mykje. Skulpturen tematiserer mellom anna det sårbare, uperfekte og omsorgstrengande ved menneskekroppen, og kommenterer med det sjukepleiarutdanninga sitt arbeid med verdigheit, livskvalitet og lindring av smerte og liding.
Ei sein natt køyrde nokon forbi høgskulen i taxi. Dei trudde det var ein levande mann som låg naken utanfor høgskulen, og varsla politiet.
Les meir
Adresse: Pilestredet 46

Nationaltheatret stasjon

Uten tittel, av Anne-Karin Furunes. Foto: KORO

Ruseløkkveien 1 Nationaltheatret stasjon ligg ved foten av Slottsparken. Eit hovudverk i den nyaste delen av hallen er dei to 250 meter lange bildefrisene av Anne-Karin Furunes. Dei er sett saman av 332 rustfrie stålplater, perforert til punktgrafikk og montert på begge sider av toghallen, 25 meter under bakkenivå. Kjem ein vegen frå Drammensveien eller Parkveien, via oppgang vest, blir ein møtt av Terje Roalkvam sitt verk: 69 fargesterke, glasemaljerte stålkassettar som pregar gangtunnelen ned mot den gamle toghallen. Dei same formene er gjentekne i gangtunnelen som leier ned mot den nye hallen, der ein serie glasfelt er utført med silketrykk og sandblåsne glas. Oppgang vest blei i 2015 heidra med Houens fonds diplom. I vestibylen står den vesle skulpturen Hel form av Erwin Løffler, som blei kjøpt inn i 1979. På stasjonen finn ein fleire kunstverk både frå den opphavlege bygginga i 1980 og frå utvidinga av stasjonen i 1999, mellom anna delar av veggrelieffa til Bård Breivik og Ola Enstad, som er integrert i ein av veggane i vestibylen. Les meir
Adresse: Ruseløkkveien 1

Lars Ramberg Liberté

Liberté, Lars Ø. Ramberg. Foto: mmw.no / Hallstein Guthu

Eidsvolls plass, ved Stortinget Eidsvolls plass, ein offentleg plass mellom Karl Johans gate og Stortingsgata i Oslo, er for mange betre kjent som Spikersuppa. I den austlege delen rett overfor Rådhuset, står tre toalett i raudt, kvitt og blått. Lars Ramberg sitt verk Liberté er originale franske gatetoalett frå 1979, designa av JCDecaux og redesigna til kunstverk. Inne i toaletta er det installert lydopptak frå andre verdskrigen med taler av Franklin D. Roosevelt, Charles de Gaulle og kong Haakon. Verket reflekterer aktuelle spørsmål i samtida som rører ved omgrep som nasjonal identitet, uavhengigheit og demokrati. Det blei opphavleg laga til 100-årsjubileet for oppløysinga av unionen med Sverige i 2005, men blei valt bort, noko som skapte sterk debatt. Sidan har toaletta vore omplassert og sett på lager fleire gonger, før dei endeleg fekk ein plass sentralt i Oslo. Les meir
Adresse: Eidsvolls plass

Oslo tinghus

Uten tittel, Øyvind Åstein. Foto: KORO

C.J. Hambros plass 4 Den store veggflata på fasaden til Tinghuset er broten opp av 24 utstikkande knastar i kvit fauskemarmor, utført av kunstnaren Øyvind Åstein. Han ønskte at arbeidet skulle vere både skulpturelt, figurativt og assosiasjonsvekkande, og har lagt inn rebusar som kan lesast diagonalt, vassrett eller loddrett. Motiva – til dømes ei sjakkbrikke, ein gresk atlet og eit egyptisk kvinneandlet – viser indirekte til aktivitetane innandørs. Innanfor hovudinngangen får ein lett auge på Lex portalis/Lovens portal, av bilethoggaren Ole Lislerud. Dei to smale veggane strekker seg 32 meter oppover, heilt opp til niande etasje. Opp til sjette etasje er dei dekt med mørke porselenstavler kor kunstnaren har skrive inn delar av Grunnlova, Straffeprosesslova og Magnus Lagabøte si Landslov. Verket til Ole Lislerud understrekar fundamentet som samfunnet vårt er bygd på. Den dunkle fargen på porselenstavlene der Grunnlova står skriven, skal fortelje om alvoret i det som skjer i bygget. Det meste av teksten på tavlene er spegelvend, som eit symbol på at lova ikkje er enkel å tolke. Om lag fem prosent av teksten er skriven rett veg, og tanken er at ein ved nærmare ettersyn skal oppdage dette og slik aldri bli heilt ferdig med kunstverket. Les meir
Adresse: C.J. Hambros plass 4

Regjeringsbygga

Grass Roots Square, Do Ho Suh. Foto: Trond Isaksen

I regjeringsbygga som ligg sentralt i Oslo, finst det mykje kunst i regi av KORO, men det meste av den er innandørs. Ved det nye regjeringsbygget R6, som ligg ut mot Teatergata, bør ein få med seg Grass Root People av sørkoreanske Do Ho Suh. Det som på avstand kan sjå ut som felt av gras, viser seg å vere fleire titusen små grønpatinerte bronsefigurar som er plassert under og mellom hellene på den opne plassen ut mot Munchs gate. Figurane har ulik alder, etnisitet og kjønn, samstundes er dei ein del av ei sterk og samanbunden masse. Verket inkluderer ei raudeik som kastar skugge over plassen på varme sommardagar. Les meir
Adresse: Teatergata 9

Relocating the past: Ruins for the Future

Relocating the past: Ruins for the Future, Ahmad Ghossein. Foto: KORO

Framleis finst det spor etter bilbomba som blei utløyst i regjeringskvartalet under terrorangrepet 22. juli 2011. Terrorangrepet den dagen tok livet av til saman 77 menneske, åtte menneske døydde i regjeringskvartalet og 69 på AUFs sommarleir på Utøya. Bomba påførte ei rekkje departement store skadar, og vindauga i bygningane omkring blei knust. Utanfor VG i Akersgata 55 blei avismonteren med nyheitene den dagen skada av lufttrykket, og glaset blei krakelert. Ahmad Ghossein sette i gang eit arbeid med å verne monteren. Han ville at den skulle stå som ei stille påminning om det som skjedde. Monteren, som har tittelen Relocating the Past: Ruins for the Future, har fått ei førebels plassering i busskuret vis-à-vis VG-bygget. Les meir
Adresse: Johan Nygaardsvolds  plass