Lærdal kommune søkjer prosjektleiar til kunstprosjektet Haldeplassen

Haldeplassen ein open plass midt i ein gamal trehusbebyggelse der det er ynskjeleg med ein eller fleire kunstinnstallasjonar for å skape ein naturleg møtestad i eit historisk område.

 

Om prosjektet
Gamle Lærdalsøyri er den eldste delen av Lærdalsøyri med om lag 160 verna bygningar frå 1700- og 1800-talet. Tradisjonelt er det ein strandsitjarplass, som var senter for administrasjon og handel i Lærdal. Lærdalsmarknaden tek også stad her. Sidan 1970-talet har kommunen hatt fokus på  bevaring av området.

Gamle Lærdalsøyri har frå gamalt av hatt eit naturleg torg i midten av den gamle busetnaden, seinare vart det kalla for haldeplassen, men i dag har plassen i realiteten ingen tydelig funksjon. Området kan skildrast som ein uformell parkeringsplass. Den asfalterte plassen er meir som ein «pause» i den elles tette og karakteristiske trehusmiljøet. Det er enno ein miks av private bolighus, handelsbygg og offentlige kulturbygg i området. Dette gir eit godt grunnlag for mangfaldig bruk av området. Lærdal kommune ynskjer å utvikla Haldeplassen som eit interessant og funksjonelt torg og ein ny møtestad i sentrum. Prosjektet inngår også i ein større sentrumsplan og vil vere med å forme det framtidige Lærdal.

Lokalsamfunnet og andre interesserte skal kunne delta i dialog om Haldeplassen som historisk stad i Lærdal samt at involverande prosessar kan etablera ei fellessforståing for kva Haldeplassen skal innehalda i framtida. Vi ynskjer at det blir lyst ut ein open call og sett saman ei gruppe som kan virka saman i prosessen. Lærdal kommune skal vere ein grøn kommune og kunstprosjektet skal også spegle det

Budsjett:
Budsjettramme for 2019 er satt til: 700.000 kr, total budsjettramme for prosjektet er 1 400 000, inkl. prosjektleiing og kunstavgift. Dette forutset vidare bevilgning av midlar i 2020. Det er ikkje lagt inn reisehonorar for kunstkonsulenten i budsjettet, men det er ein føresetnad at konsulenten kan opphalde seg noko i Lærdal i prosjektperioden.

Framdriftsplan:
Det er ynskjeleg at prosjektet startar opp i september 2019 og er ferdigstilt desember 2020, avhengig av vidare bevilgning av midlar i 2020.

Kunstkonsulenten sine oppgåver:
Kunstkonsulenten skal leie prosjektet, lage oppdrag til kunstnarar og søkje ytterligere finansiering. Prosjektet blir gjort i nært samarbeid med kommuneadministrasjonen, og i tillegg kan ein knytte til seg eksterne samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjoner:
Relevant kunstfaglig kompetanse
Erfaring med offentlige kunstprosjekt og prosjektleiing
Erfaring med stadutvikling
Gode samarbeidsevner

Søknad:
Motivasjonstekst der du legg fram korleis du vil arbeide med å gjennomføre prosjektet, CV og portefølje samlet i én PDF-fil sendes via KOROs oppdragsportal eller på e-post til post@laerdal.kommun.no. Merk søknaden med «Haldeplassen».

Spørsmål om prosjektet
Ta kontakt med Guro Nesse, kulturkonsulent i Lærdal kommune.
E-post: guro.nesse@laerdal.kommune.no, tlf: 95 89 49 53

 

Fylke

Sogn og Fjordane

Prosjektadresse

Øyraplassen 7
6887 Lærdal
Sogn og Fjordane
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Lærdal kommune

Utlysers adresse

Øyraplassen 7
Postboks Postboks 83
6886 Lærdal

Kontaktperson

Guro Nesse

Telefon

95894953

Prosjektbudsjett

1 400 000 NOK

Søknadsfrist

25.08.2019