Aukra kulturhus og basseng

Møre og Romsdal kunstsenter utlyser på vegne av Aukra kommune oppdrag som kunstfaglig prosjektleder for Aukra kulturhus og basseng.

Aukra kommune er i gang med prosjektering av nytt kulturhus og basseng, med ferdigstilling i 2021. Det søkes nå en kunstfaglig prosjektleder til å lede arbeidet med innendørs og utendørs utsmykking.

Aukra kulturhus og basseng skal vere ein stad for mange aktivitetar, organisert og uorganisert. Tilbodet i huset skal vere retta mot barn, unge og vaksne uavhengig av funksjonsevne eller sosial bakgrunn. Dette skal vere ein møteplass der vi kan vere aktive saman, anten som tilskodar og publikum, eller som deltakar og utøvar.

Den kunstnariske utsmykkinga vil vere med å bygge opp under den gode opplevinga for alle som besøker kulturhuset og Falkhytten sentrum. Aukra Kulturhus og basseng skal vere eit tilbod til menneske frå vogge til grav.

Kulturminna i Aukra skal vere ein naturleg del av det nye kulturhuset, både gjennom utsmykking og utstilling. Kulturhuset skal vere ein levande arena for formidling, også av
kulturhistoria vår. Det er et ønske at Aukra si historie skal vere tema i den kunstnariske utsmykkinga.

Det er ei målsetjing at uteområdet også skal vere ein attraktiv opphaldsplass, gjerne der utsmykking kan vere installasjonar til bruk og nytte. Det er viktig at ungdommen finn sin plass her, då dei ved fleire høve har gitt uttrykk for at dei manglar uformelle møteplassar i sentrum.

Driftsplan for Kulturhuset og basseng beskriv uteområdet slik; Som del av inngangspartiet til anlegget skal det vere eit torg eller ein festplass. Denne plassen skal nyttast til forsamling på store dager, som arena for utandørs arrangement og som torgplass for marknader og ulike tiltak. Plassen skal kunne romme 1.000 mennesker ståande, pluss eit scene/podieområde.

Målsetting for prosjektet kulturhus og basseng:

– Vere ei storstue for heile kommunen. – Vere ein stad for produksjon, aktivitet og oppleving – Vere ein pådrivar i kommunen si omdømmebygging – Vere med å utvikle kommunen med sine kvalitetar til ein enda betre bukommune for dei som bur her og dei som ønskjer å flytte hit. – Legge vekt på estetiske og arkitektoniske kvalitetar når det gjeld både eksteriør og interiør. – Vere med å bidra til auka handel og næringsverksemd – Vere med å gi rom for utvikling og vekst i frivillig sektor.

Byggestart: 1. kvartal 2020. Ferdigstilling: 1. kvartal 2021
Den kunstfaglige prosjektlederen fungerer som leder for kunstkomiteen, og har ansvar for at kunstprosjektet blir gjennomført etter tildelt mandat, samt innenfor kunstprosjektets budsjett- og tidsramme.
Den kunstfaglige prosjektlederen må kunne arbeide selvstendig, og ha gode samarbeidsevner. Kunstfaglig prosjektleder lønnes innenfor en ramme på 15 % av utsmykkingsbudsjettet.
Arbeidet i kunstkomitéen starter umiddelbart når kunstfaglig prosjektleder er på plass.

Fylke

Møre og Romsdal

Prosjektadresse

Aukraringen 3
6480 Aukra
Møre og Romsdal
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Møre og Romsdal kunstsenter

Kontaktperson

Kristin Mandt Heim

Telefon

91829867

Prosjektbudsjett

3 176 000 NOK

Søknadsfrist

07.01.2019