Kunstvandring Bergen

Kunstvandring Bergen er ein guide til nokre av dei mange KORO-verka i byen. Dei fleste er i sentrum, med kort avstand seg imellom, men har du sykkel eller god tid, anbefaler vi å ta turen austover. Der kan du sjå kunstverk ein ikkje så lett kjem over.

Guiden er laga for mobiltelefon, slik at du kan følge med på kartet og lese om kunsten undervegs. Kunstverka er i hovudsak utandørs, og innandørs der publikum har tilgang i helgene.

I Bergen-guiden til KORO kan du velje å la kunsten snakke for seg sjølv, trykke på det interaktive kartet og lese ein kort infotekst om verket – eller gå inn på prosjektsidene til kvart enkelt verk for å lese meir og sjå fleire bilete. KORO er ansvarleg for kunstprosjekt rundt om i heile Noreg. Følg oss på Instagram og Facebook for å få smakebitar frå og nyheitar om dei ulike kunstverka.

Gulating lagmannsrett

Kunst utenfor Gulating lagmannsrett

Blindfold (2011), Marte Johnslien. Foto: Ole John Aandal

Turen begynner ved Festplassen utanfor nye Gulating, som stod ferdig i 2011. Rettsbygningen har låge tersklar og opne rom som understrekar moderniseringa av rettsvesenet. I Noreg er offentlegheit i rettsstellet hovudregelen, og publikum og presse kan vere til stades under rettsmøte og få innsyn i avgjerdene domstolane treffer. Denne moderniseringa blir også tatt opp i skulpturen Blindfold (2011) av Marte Johnslien. Den 15 meter lange og to meter høge skulpturen består av 15 trekantar som vrir seg om sin eigen akse. Nokre av trekantane er opne rammer, andre tovegsspeglar eller børsta stålplater. Tittelen viser til den romerske gudinna Justitia, som representerer objektiv rettferd. Ho blir nemleg avbilda med bind for auga. Skulpturen endrar uttrykk etter kor du står, og gir assosiasjonar til både augebindet til Justitia og evna vår til å sjå. Les meir om kunstprosjektet. Adresse: Gulatings plass, mot Festplassen

Bergen sentrum politistasjon

Åpen mulighet og Indre tyngde (1995), Annette Koefoed. Foto: KORO

Mellom Gulating og rådhuset, teikna av Erling Viksjø, følger du Rådhusgaten oppover mot Bergen sentrum politistasjon. Dei offentlege bygningane i gamle Bergen ligg på kvar side av gata, og bak Gulating kan du sjå cellene i det gamle fengselet. Vel framme ved politistasjonen ser du Annette Koefoed sitt kunstprosjekt (1995) i larvikitt og bronse. I Åpen mulighet på venstre side av trappa leier to bruformer opp – eller ned – gjennom dei tre reposa. Den eine forma er heil, men delt i to, den andre er eit omriss av den same forma. Verket avgrensar plassen visuelt, men er også inviterande, som to vennlege vaktarar eller ein inviterande famn. På andre sida av trappa ligg ei nærmast kvilande form. Indre tyngde gir overgangen mellom det gamle og nye politihuset ei visuell ro. Eit tjukt og rilla band i bronse ligg som eit vernande skal rundt ein blokk larvikitt. Rillene tilfører skulpturen eit organisk og rytmisk element, og den irra bronsen gir materialet liv og djupn. Ifølge kunstnaren er det nettopp eit indre rom som blir portrettert, men om det er ein skjult skatt eller ei tung byrde som er kapsla inne, kjem an på den som ser. Mange av dei som kjem til politihuset, er i ein vanskeleg situasjon. For dei verkar skulpturane til Annette Koefoed kanskje visuelt imøtekommande på ein umedviten måte. Adresse: Allehelgens gate 6

Statens høgskole for kunsthåndverk og design

Torso og Uten tittel (1995), Kristian Blystad. Foto: Thor Brødreskift

Rett ved politistasjonen tar du inn på gågata Markens. Heilt i enden, rett før du kjem til Bergen stasjon, ligg ein staseleg lyseblå og kvit bygning, opphavleg bygd som Bergen Haandværks- og Industriforenings Aldershjem i 1884. Sidan har bygningen mellom anna husa Kunst- og designhøgskolen i Bergen i mange år, og nå held ein vidaregåande skule til her. Hovudinngangen er på grunn av om- og tilbygging på eit tidspunkt flytt til ein glasbygning på baksida, og utanfor denne finn du også dei to skulpturane til Kristian Blystad. Torso og (uten tittel) har stillferdig observert forbipasserande sidan 1995. Dei er begge grovt hogne ut i solid granitt, og kunstnaren har latt granitten behalde det røffe preget. Steinen får vere seg sjølv. Enkelte stader kan ein sjå merke frå da blokkane skulpturane er laga av, ein gong blei brotne ut av fjellet. Den to og ein halv meter høge menneskeskikkelsen Torso vaktar og gjer forbipasserande merksame på bygningen og institusjonen dei er i ferd med å passere. Den horisontale granittblokken (uten tittel) kviler langs bakken ved inngangsdøra. Ein slags benk er slipen og pussa ned i den grove steinen, som ein inviterande gest til slitne elevar. Samtidig viser dette grepet til potensialet til steinblokken. Bilethoggarar har i hundreår brukt hammar og meisel på jakt etter noko inne i steinen. Ved å la spora etter behandling vere så tydelege, fortel Blystad oss noko om steinhoggartradisjonen han tydeleg skriv seg inn i, men også korleis kunsten generelt blir til, uavhengig av sjanger og materiale. Det er fint å tenke på at verket til Blystad minte kunst- og designstudentane som ein gong heldt til i bygningen, om at dei trass i usikkerheit og tvil var på veg ein stad. Les meir om kunstprosjektet. Adresse: Markens 37

Statsarkivet

Statsark et (2013), Tor Børresen. Foto: Lars Svenkerud

Nå ventar ein transportetappe austover. Still inn GPS-en på Statsarkivet. Går du, anbefaler vi eit raskt klyv opp til Fjellveien, før du vandrar gjennom villastrøka i Kalfaret med utsikt mot Store Lungegårdsvann. Vel framme ved den flotte bygningen kan du ikkje unngå å legge merke til Statsark et (2013) av Tor Børresen, ei 4 x 3 meter stor etterlikning av eit samankrølla papirark i metall. Verket lyftar fram motsetningane mellom det unike og det kvardagslege, og her er det kontorrekvisita som har fått hovudrolla. Arket til Børresen er banka og utmeisla for å ligge så tett opp til verkelegheita som mogleg. Eit kvitt ark symboliserer moglegheiter, samtidig er papirarket sjølve grunnlaget for verksemda til Statsarkivet. Eit arkiv kan samle og dokumentere eit heilt liv, men må nødvendigvis også redigere bort uvesentlege hendingar. Samankrøllinga av papiret er derfor fleirtydig, da det også sender tankane til kasserte ark og forteljingar som fell utanfor den offisielle historieforteljinga. I hagen har Børresen plassert ein overdimensjonert binders som er bøygd ut. Oppgåva til bindersen er vanlegvis å halde fleire papirark saman. Skulptur fra arkivet minner slik sett om at historieskriving handlar om ein serie medvitne val. Frå hagen ser du også fasadeutsmykkinga til Sissel Calmeyer frå 1992. Overflødig mørtel er skura ut over den raude teglsteinen som ei gråkvit hinne. Dette dempar fargespelet i teglsteinen, ein effekt som gradvis vil forsvinne, men som gir liv og taktilitet til bygningsfasaden. Les meir om kunstprosjektet. Adresse: Årstadveien 22

Haukeland universitetssjukehus, Bygg for biologiske basalfag

Den japanske hagen SEIGEN-tei , Shunmyo Masuno. Foto: Jaro Hollan

På Haukeland universitetssjukehus er det mykje kunst, men for tida også mykje bygningsarbeid og mange omvegar for både gåande og syklande. Frå Statsarkivet held du derfor fram mot aust og tar Ulriksdalen og Haukelandsbakken opp mot den karakteristiske stasjonen til Ulriksbanen (adresse: Haukelandsbakken 40). Hundre meter før denne står du på oversida av sjukehusområdet, øvst i trappene mellom Barne- og ungdomssenteret og Bygg for biologiske basalfag. Her, i atriet til bygget og i det tronge rommet mellom fjellet og basalfagbygningen, har den japanske zenpresten og landskapsarkitekten Shunmyo Masuno skapt to japanske hagar. Dei er laga både til å bevege seg i og for å bli betrakta frå innsida av bygget. Rampa i atriet fangar opp den dynamiske diagonalrørsla i arkitekturen, og stilla famnar deg idet du beveger deg nedover. Materiala viser både til det lokale geologiske landskapet og til japansk hagetradisjon. Vel nede i atriet kan du også sjå inn i bygningen på Uten tittel – komposisjon med 6 farger av Arne H. Malmedal og fotografia til Tom Sandberg og Vibeke Tandberg. Dei er alle ein del av KORO sitt kunstprosjekt til bygget, som stod ferdig i 2009.  Les meir om kunstprosjekta i bygget. Adresse: Jonas Lies vei 91

Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad

Kobling (2011), Anne-Gry Løland. Foto: Pål Hoff

Frå sjukehusområdet følger du Ibsens gate nedover. Allereie idet du forlèt Haukeland, ser du det som må vere det største kunstverket i Bergen. Verket Kobling (2011) av Anne-Gry Løland bryt dei stramme linjene og vinkelrette voluma på høgskulebygget som tronar over Kronstad nede i dalen under deg. Vil du korte ned turen litt, kan du nøye deg med å sjå det på avstand og dra rett til neste stopp, men går du nærmare, ser du at fleire av fasadane til høgskulebygningane er dekt av dette organiske mønsteret. Løland har bakgrunn som tekstilkunstnar, og mønsteret er basert på barokke mønsterførelegg og flate geometriske element. På lang avstand kan du nesten lese mønsteret, men på nært hald er det som eit flimrande filter av lys og skugge. På kloss hald ser du også korleis det heile er konstruert, nemleg ved at små hol i tre ulike størrelsar perforerer aluminiumsplatene. I kunsten sin manøvrerer Løland elegant mellom dei skjøre og forgjengelege materiala ein kan tillate seg å bruke i tradisjonelle utstillingsrom, og dei solide, harde og varige materiala ein må bruke, og situasjonane ein må ta høgde for, utandørs. Likevel er det ein tydeleg raud tråd i alt ho gjer: balansegangen mellom dekonstruksjon og rekonstruksjon, mellom det vakre og øydelegging. Les meir om alle kunstprosjekta ved høgskulen. Adresse: Inndalsveien 28

Høyteknologisenteret

Lekende kurver (1993) av Laila Aas Birkeland og Brit Bøhme . Foto: Thor Brødreskift

Nå går ferda mot sentrum igjen, anten til fots eller på sykkel (eventuelt to stopp på Bybanen frå Kronstad til Florida, kor det også er bysykkelstativ). Her lener ei 13 meter høg spiralform seg mot fasaden til Høyteknologisenteret. Lekende kurver (1993) av Laila Aas Birkeland og Brit Bøhme er eit landemerke i Bergen. Verket verkar, som tittelen viser til, leikande lett, men det solide materialet og dei kraftige monteringsordningane både i bakken og på bygningen vitnar om tyngda av og soliditeten i verket, som er laga av rustfritt stål, sveisa fast i bygningen. Den eine sida av desse stålbanda er måla blå, som fasadebanda på sjølve bygningen. Slik knyter verket seg både bokstavleg og visuelt til bygningen det er laga til. Den organiske forma og rørsla oppover bryt likevel med dei strenge horisontale linjene i fasaden. Kanskje er blåfargen eit nikk til det marinbiologiske forskingsmiljøet innandørs? Området her på Marineholmen har nemleg ei lang forskingshistorie. Like i nærleiken låg ein gong Biologisk stasjon, ein idé Fridtjof Nansen tok med seg frå Napoli. Stasjonen husa det første akvariet i byen, som dessverre måtte stenge under første verdskrigen fordi vatnet i Puddefjorden var så forureina at fisken i tankane døydde. I mellomtida har området husa ein marinebase, mens det i dag er ein av dei største forskingsparkane i Noreg med 150 verksemder og 3500 tilsette innan marin forsking. Rett ved finn du også den kjende danske kunstnaren Per Kirkeby sin skulptur Bergen (1989), som er eigd av Bergen kommune. Skulpturen er mura i raud tegl og har form som eit lite hus utan tak, med to tronge inngangar til eit rom som opnar seg nærmast sakralt mot himmelen. Teglskulpturane til Kirkeby finst over heile Europa og er til forveksling like, men forma refererer alltid til staden dei er plasserte på. Her er det dei norske stavkyrkjene som står for idégrunnlaget. Tegl heng saman med dansk byggeskikk, og derfor er verka også eit slags visittkort. Eit anna fellestrekk er at dei er plasserte på såkalla ikkje-stader, altså stader som folk går forbi eller gjennom. Slik som oss. Les meir om dei ulike kunstprosjekta. Adresse: Thormøhlens gate 55

Nygårdshøyden, Universitetet i Bergen

Utvikling (1) (1982–83) av John Audun Hauge. Foto: Thor Brødreskift

Nå følger du Jahnebakken bratt opp langs landemerket Geofysisk institutt, som tronar over Floridasvingen. Vel oppe begynner Allégaten, som du skal følge innover Nygårdshøyden. Det første verket du møter, er skulpturen Blå flukt (1975) av Anny Birgitte Aak. Der den virvlar seg som ein berg-og-dal-bane utanfor ein lesesal på eit universitet, er det nærliggande å lese den som ei visualisering av den mentale overskridingsevna som trengst for å nå nye innsikter. Vidare kan du ikkje unngå å legge merke til det brutalistiske Realfagsbygget på venstre side. Det er rekna som eit modernistisk hovudverk og er ein av dei største enkeltbygningane i Noreg. Likevel pregar Utvikling (1) (1982–83) av John Audun Hauge opplevinga av fasaden. Den halvt gravlagde båten som står på høgkant og strekker seg mot himmelen, er ei av tre båtformer Hauge har laga til bygget. Dei to andre er innandørs. Verka av tre og stein gir assosiasjonar til båtar frå tidlegare tider, og materialet har noko tidlaust over seg. Eit skip kan vere ein metafor for flukt, men sett i denne konteksten er det mest nærliggande å lese båten inn i ei meir positiv historie om utvikling gjennom vitskap og teknologi, førestillingsevne og fellesskap. Turen går vidare rundt Realfagsbygget og opp til Parkveien. Like før du er framme ved det nye Studentsenteret, ser du ei merkeleg pipe bak bygget. Den er 17 meter høg og dekt av smale betongblokkar. Metropolis (1974) av Arne Vinje Gunnerud dekker også ei pipe, og av og til flommar kvit røyk opp. Kanskje åtvarar Gunnerud oss mot framtidig metropolisdystopi, eller er det rett og slett eit forsøk på å innføre storbyvibbar i Bergen? Les meir om dei ulike kunstprosjekta  knytta til bygget. Adresse: Allégaten 55

Studentsenteret

Eikebladet (2009), Kurt Johannessen. Foto: Øystein Klakegg

Bergensaren Kurt Johannessen sin tekstbaserte installasjon Eikebladet (2009) inne i Studentsenteret er forma som eit eikeblad, fylt med handfast, grønfarga skrift. Den poetiske tekstprosaen gir ordet til eikebladet sjølv: «Det kjendest på underleg vis som om nokon dytta meg då eg sleppte. Det var merkeleg. Var det ikkje eg som bestemte meg for å sleppe taket?» lyder eit utdrag. Over eikebladet kan det risle lysflekkar frå installasjonen Daily Sunspot Activity (2007) av Tommi Grönlund og Petteri Nisunen. Bergen har i gjennomsnitt 219 regndagar i året, og kunstnarane ville at studentane i byen skulle få maksimalt utbytte av sola når den først dukkar opp. Derfor monterte dei 365 runde speglar i taket, og i dei blir sollyset reflektert i eit mektig flettverk. Verka til duoen ber ofte preg av ein tett dialog med arkitektane til bygget. Convex/concave (2008) er ei vidareføring av arkitekten si utforsking av auditoriet, og også dette verket må du rette blikket mot taket for å få auge på. Her finn vi runde former av ulik størrelse som bular og krummar seg utover og innover og leikar med overflata, måla i same kvitnyanse som resten av taket. Studentsenteret er ope i opningstidene til treningssenteret, måndag til søndag. Les meir om kunstprosjekta ved studentsenteretAdresse: Parkveien 1

Universitetsmuseet

Eksemplar (2019), Mattias Härenstam. Foto: Pål Hoff

Like over gata ligg Universitetsmuseet, som nyleg opna etter årelang rehabilitering. Kunstprosjektet her, Minervas stemme tar utgangspunkt i tid, minne og forholdet mellom museet og dei besøkande. Prosjekta til Mattias Härenstam og Marthe Ramm Fortun kommuniserer med det verneverdige bygget og dei historiske utstillingane. Härenstam har laga to store skulpturar i tre. Eksemplar (2019) følger forma til stamma, men det meste av massen er fjerna. Det skaper ei taktil spenning mellom nærvær og fråvær, innside og utside. Betraktere (2019) består av fire individuelle organiske former i eik og ask. I botnen av kvar form kviler ei handblåst glaskule og leikar seg med lyset. Begge skulpturane beveger seg gjennom to hol i golvet, som museet kallar kunnskapshol, og leier tanken til utgangspunktet for all vitskapleg verksemd: korleis vi går frå påstand til kunnskap, og kven som definerer kva. Ramm Fortun set historia i spel med samtida i arbeida sine. Vi skal ikke lage lærebøker består av to fotografiske seriar og ein performance. Den første serien består av ti fotografi som er installert som små uromoment i dei freda vitrineskåpa i andre etasje, og spelar opp mot Härenstam si undersøking av forholdet mellom sjåar og objekt. I tillegg har Ramm Fortun plikta seg til å halde éin performance i året frå 2019 til 2028! Ved stadig å vende tilbake på denne måten undersøker kunstnaren korleis dei besøkande, museet og ho sjølv endrar seg i løpet av ti år. Kvar performance vil bli følgd av ein tekst og eit fotografi som blir overlevert til museet. Slik vil det bli danna ein ny fotografisk serie, som etter kvart vil fylle dei tomme rammene ved inngangen til tårnrommet i tredje etasje. Les meir om Minervas stemme. Adresse: Muséplassen 3