Kommunar og fylkeskommunar

På eit fjell over Dale i Sogn og Fjordane står Telemegafon Dale, ein lydskulptur som alle kan ringe til. Når det ringer, vert ei lampe øvst på skulpturen tend, og det ein seier, vert forsterka gjennom høgtalarane. Prosjektet kom til med støtte frå KORO i sin tid. Med den nye LOK-ordninga vil KORO halda fram med å stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom i lokale kontekstar over heile landet. Dei svenske kunstnarane Erik Sandelin og Magnus Torstensson står bak lydskulpturen. Foto: KORO

Alt du treng for å søke ligg lenka under her.