Om forvaltning

KORO har et overordnet forvaltningsansvar for kunst levert av KORO i statlig sammenheng. Dette innebærer at KORO skal holde oversikt over kunsten, påse at den blir godt ivaretatt og gå aktivt inn med råd og veiledning om forvaltningen av kunsten.

Siden starten i 1977 har KORO gjennomført over 900 kunstprosjekter i statlige bygg og eiendommer, noe som har resultert i om lag 7000 verk spredt over hele landet i et bredt spekter av instanser som sykehus, postkontorer, fengsler og høgskoler.

Rehabiliteringsarbeidet i regjeringskvartalet, Aurora av Knut Steen

Rehabiliteringsarbeidet i regjeringskvartalet, Aurora av Knut Steen. © KORO

Hva er kunstforvaltning i KORO?

Vår kunst er plassert der folk ferdes. Kunsten utsettes over tid for betydelige påkjenninger. Forvaltning av kunst i offentlige rom dreier seg både om den fysiske tilstanden til det enkelte kunstverket og om sikring av visningsforholdene rundt kunstverket. Begge deler er avgjørende for hvordan verkene framtrer for offentligheten.

God forvaltning handler også om varslingsrutiner til rette instans fra institusjoner hvor kunsten befinner seg, når flytting og/eller omstrukturering av virksomheten er under planlegging. Arbeid med forebyggende forvaltning inngår som en del av kunstprosjektene som er i prosess, for å sikre lang holdbarhet og god ivaretakelse av verkene.

Kunst plassert i offentlige rom er underlagt opphavsrettslig vern etter åndsverkloven. Kunstneren har blant annet krav på at kunsten vises respekt og omtanke. Det er i utgangspunktet ikke adgang til å foreta endringer i kunstverket.

Å ha et overordnet forvaltningsansvar for kunst staten eier, innebærer at KORO skal holde oversikt over kunsten, påse at den blir godt ivaretatt og gå aktivt inn med råd og veiledning om forvaltningen. Mottakerinstansen som har kunsten hos seg, har på sin side det daglige praktiske og økonomiske ansvar for å ta vare på kunstverkene på en forsvarlig måte.

Denne ansvarsdelingen er nedfelt i «Avtale om kunst fra KORO» som inngås mellom mottaker og KORO.

Vi har ikke forvaltningsansvar for kunst som har fått tilskudd via våre ordninger for kunst til kommunale- og fylkeskommunale anlegg (KOM) eller kunst i uterom (URO). I slike saker gir vi råd og veiledning i forvaltningsspørsmål.

Hvem er vi og hva gjør vi?

Staben som arbeider med kunstforvaltning består av to konservatorer, en seniorrådgiver forvaltning samt en registrar.

For tiden pågår et prosjekt for ny samlingsforvaltning av KOROs verker. En landsdekkende undersøkelse fra KOROs side har vist at det er nødvendig å knytte de som har kunsten hos seg nærmere til KORO. Direkte rådgiving både proaktivt i prosjektene og for den eksisterende kunsten, kursing og nettverksbygging samt utvikling av toveis tilbakemeldingssystem til mottakerne av kunsten, er viktige satsingsområder. Konkret bistand når det skjer noe av innvirkning på kunstverkene, uthenting, vurdering og istandsetting er en del av arbeidshverdagen. KORO arbeider også med å formidle historiene om denne kunsten som finnes i svært mange offentlige bygg hvor folk ferdes.

KORO sin kunstverkdatabase og DigitaltMuseum

Kunstverkdatabasen til KORO inneheld statlege prosjekt og innkjøpsordninga for eldre statlege bygg og leigebygg og dessutan utvalde URO-prosjekt gjennomførte av KORO. Databasen skal vere lett tilgjengeleg for alle, og vi registrerer derfor bilete og informasjon om kvart prosjekt i Primus samlingsforvaltningssystem. Primus er utvikla av norske museum som standard datasystem for samlingsforvaltning. Primus blir drifta og vidareutvikla av selskapet KulturIT, som er eigt av Norsk Folkemuseum og Maihaugen og blir finansiert med støtte frå Kulturrådet. Informasjon frå Primus vil automatisk bli synleg på DigitaltMuseum.

DigitaltMuseum er ein nettstad og ein felles katalog over samlingar i norske kunst- og kulturhistoriske museum. DigitaltMuseum er eit viktig verktøy for musea på den måten at publikum kan bidra aktivt med å leggje inn kommentarar med ny eller retta informasjon om gjenstandsmaterialet.

Ta kontakt om du treng rettleiing og råd om korleis du skal søkje i KORO sin kunstverkdatabase i DigitaltMuseum. Dersom du finn feilinformasjon eller har ytterlegare opplysningar, er vi takksame om du tek kontakt med oss på digitaltmuseum@koro.no.

Ta i bruk DigitaltMuseum

  • Kva opplysingar finn eg på DigitaltMuseum?

    På DigitaltMuseum finst blant anna foto av kunstverket og bygget det er utforma for. I tillegg finst det informasjon om tittelen på kunstprosjektet, kunstnaren, tittelen på verket, produksjonsår, materiale, teknikk, mål, ei skildring av motivet og historikk.

  • Korleis søkjer eg etter eit kunstverk, bygg eller ein kunstnar?

    Du skriv inn eitt eller fleire søkjeord i søkjefeltet og trykkjer på knappen «SØK» eller «ENTER» på tastaturet ditt. I tillegg finst det også «Utvida søk» med fleire søkjeval. Eit søkjeord må innehalde minst tre teikn og skil ikkje mellom små og store bokstavar. Eit søk søkjer gjennom alle objekta frå alle musea, men om du trykkjer på «Filtrer» til høgre for søkjefeltet, kan du avgrense søket til for eksempel biletkunst. Du kan også velje KORO som institusjon.

  • Kva er ei utstilling under KORO på DigitaltMuseum?

    Ei utstilling er eit kunstprosjekt (for eksempel Høgskolen i Oslo og Akershus). Innanfor kvart kunstprosjekt er det registrert eit tal på kunstverk/objekt.

  • Kan eg laste ned og bruke foto frå dette nettstaden?

    Verka på denne sida er beskytta av opphavsretten. Du må få samtykke frå BONO eller rettshavaren. Verka må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengelege for allmenta, digitalt eller analogt, utan løyve frå BONO.

  • Kan eg bestille bilete frå DigitaltMuseum til eigen bruk?

    Ynskjer du å bruke foto av eit kunstverk, kan du ta kontakt med BONO for å få ein enkel lisens. For presse er det ein eigen avtale som gjeld bruk av bilete. Ta direkte kontakt med presseansvarleg i KORO.

  • Kan eg rette opplysingar eller legge inn nye?

    Du går anten rett inn på eit kunstverk/objekt eller via ei utstilling og inn på eit kunstverk/objekt på DigitaltMuseum. Til høgre for biletet er det to faner, og på den eine står det «Kommentarar». Trykk på fana, og eit eige kommentarfelt blir synleg. Skriv ein kommentar og namnet ditt og epostadressa di.

Besøk oss på DigitaltMuseum for å se kunstverkene og hvor de er plassert.

Re:forest, Camille Norment og Øyvin Horvei, 2017. Fotograf: Anders S. Solberg.

 

Del denne artikkelen