Dokumentasjonsskjema (nynorsk)

REGISTRERING AV KUNST

KORO har eit ansvar for formidling (som nettsida) og forvaltning for kunst levert av KORO. Dette inneber at KORO skal samle informasjon om kunsten, sjå til at han blir teken godt vare på og gå aktivt inn med råd og rettleiing om forvaltninga av kunsten.

Dette inneber at du/de må oppgje alle nødvendige opplysingar som til saman tilfredsstiller de krav KORO har for ivaretaking av kunsten. Du vil òg bli bedt om og oppgje eit sett med bakgrunnsopplysingar, som fødselsdato og kjønn. Dette gjer vi for å identifisere deg 100 % sikkert og til interne statistiske føremål.

Under KUNSTVERK i dokumentasjonsskjemaet ber vi om kva materiale du/de har brukt. I denne posten er det svært viktig at du/dykk gjev ei presis beskriving. Det finnes uendeleg mange slags materiale. Med tanke på vedlikehald og konservering må vi vite kva materiale ein skal arbeide med og korleis det skal gjerast. Ei grundig og presis beskriving førar til betre vedlikehald, hindrar feilbehandling, unngår tidstjuvar, reduserer kostnadene og vil forlengje levetida til kunstverket betrakteleg.

KORO anbefaler at registreringa av dokumentasjon startar tidleg i prosjektet. Kontakt rådgjevar/kurator dersom du har spørsmål om utfylling av skjemaet. Fyrste gong du/de lagrar skjemaet, vil du/de bli bedt om å fylle inn ei e-postadresse. Du/de vil få tilsendt ein URL til dokumentasjonsskjemaet som du/de må ta i bruk kvar gong du/de skal inn i skjemaet. Husk å lagre undervegs i registreringa. Når skjemaet er ferdig utfylt, trykkjer du/de på «Send dokumentasjon», og du/de vil med ein gong få tilsendt ei kvittering på at KORO har teke imot skjemaet.

NB! vi tilrår at du/de brukar følgjande nettlesar: Chrome og Internet Explorer.

Alle felt med (*) må vere utfylt.