Lokalsamfunnsordninga (LOK)

Byromsfestivalen «Ka no?» utforska dei offentlege romma i Nordbyen i Tromsø med kunst i offentlege rom og intervensjonar rundt om i bydelen, som no er i ferd med å utviklast. Festivalen var eit samarbeid mellom Tromsø kommune og KORO og Raumlabor Berlin. Med den nye LOK-ordninga har KORO tru på fleire gode prosjektidear, meir god kunst, fleire profesjonelle aktørar og sterkare lokal og regional kompetanse. Foto: Ellen Marie Fodstad

Foreløpige retningslinjer

1.januar 2019 etablerer KORO ei ny, søkbar tilskotsordning som skal stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom i lokale kontekstar over heile landet. Den nye ordninga har fått namnet Lokalsamfunnsordninga (LOK). Den erstattar dei to kunstordningane KOM (kunstordninga for kommunale og fylkeskommunale bygg og anlegg) og URO (kunstordninga for offentlege uterom). Gjennom den nye ordninga vil KORO styrke samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljøa i regionane og med kommunar og fylkeskommunar. Ordninga vil ha ressursar til desse formåla:

  • Tilskot til finansiering av kunstprosjekt og kunstverk
  • Produksjonsbistand og rådgiving til både kunstnarar og aktørar i kommunesektoren
  • Opplæring, kompetanseutvikling og kunnskapsdeling
  • Utviklingsorienterte samarbeidsprosjekt

For 2019 er det sett av til saman 14,5 millionar kroner til ordninga. 10 millionar vil vere søkbare tilskotsmiddel. Resten av midla vil gå til opplærings- og kompetansetiltak, samarbeid om fagleg utvikling og sluttfinansiering av prosjekt som allereie er i gang (med fleirårige tilsegn om middel frå KOM og URO).

To grupper kan søke om middel frå Lokalsamfunnnsordninga. Den eine gruppa er profesjonelle kunstnarar og kuratorar, den andre er lokale og regionale styresmakter. Aktørar frå kunstfeltet og kommunesektoren kan søke om tilskot til prosjekt kvar for seg og saman. Det bli éin søknadsrunde i året med frist 1. februar

Gjennom ordningane KOM og URO har KORO bidratt til å stimulere og profesjonalisere arbeidet med kunst i offentlege rom både i kommunane og i kunstnarmiljøa. Med Lokalsamfunnsordninga får KORO ei opnare ordning som vil fremje eit mangfald av kunstprosjekt i lokale offentlege rom og stimulere til nye samarbeidsformer mellom dei som tilrettelegg for kunst, og dei som skaper kunsten.

Tidsavgrensa program
KORO vil vidareføre systemet med tidsavgrensa satsingar. I perioden 2019 til 2021 vidarefører vi satsinga på kunst i by- og stadutviklingsprosessar. Vi etablerer eit nytt program på kunstprosjekt som har som formål å utvikle ny bruk av kunst i og på skular. Som siste programsatsing inviterer vi til innsending av frie prosjekt der søkarane kan få tilskot, eventuelt produksjonsbistand, for å realisere prosjekt- og verkidear som ikkje er knytt til dei to andre satsingane.

Kva kan ein søke om?
Ein kan søke om:

  • forprosjektmiddel til planlegging og utvikling av kunstprosjekt innanfor dei aktuelle programma.
  • tilskot til finansiering av prosjekt som allereie er utvikla og planlagde.
  • kompetansebistand frå KORO til produksjon eller koproduksjon av store og/eller kompliserte prosjekt eller når søkaren ikkje har eit produksjonsapparat sjølv.
  • middel til formidlingstiltak og tiltak som fremjer kunnskap og kompetanse innanfor verkefeltet til ordninga.

Kven kan søke?
Kunstnarar, kuratorar, fylkeskommunar og kommunar kan søke kvar for seg eller saman. Kommunar og fylkeskommunar må knyte til seg kunstfagleg kompetanse i utforminga av søknader.

Søknadsfristar
Lokalsamfunnsordninga har éin søknadsfrist i året. I 2019 er søknadsfristen 1. februar. Løyvingane blir kunngjort på nettsidene til KORO fire veker etter søknadsfristen. Vedtak blir også sendt skriftleg til alle søkarane.

Kven behandlar søknadene?
Søknadene blir behandla av ei kuratorgruppe nedsett av KORO. Gruppa har tre medlemmer.

Korleis blir prosjekta gjennomført?
Søkaren som får innvilga middel og/eller produksjonsbistand, har ansvar for gjennomføringa av prosjektet og bestemmer korleis gjennomføringa skal organiserast.

Korleis søker ein?
Søknadskjema og utlysningstekst blir gjort tilgjengelig på denne nettsida siste uka før jul.