Kunst til kommunale og fylkeskommunale anlegg (KOM)

Dynamo Nina Bang, Sam Eyde videregående skole, Arendal. Ferdigstilt i 2014. . Fotograf: Nina Bang

Om KOM-ordninga

Formålet med KOM-ordninga er å stimulere fleire kommunar og fylkeskommunar til å satse på kunst av høg kvalitet i eigne bygg og uterom. Det er også eit mål at ordninga skal bidra til utvikling av kunnskap om og kompetanse på kunst i offentlege rom i regionale fagmiljø.

Det er primært ei kommunal og fylkeskommunal oppgåve å finansiere kunst i eigne anlegg. KOM-ordninga skal bidra til at prosjekta blir prega av kunstnarisk kvalitet og mangfald, slik at kunsten er med på å gi dei offentlege romma identitet og meining for breie publikumsgrupper. Nokre norske kommunar og fylkeskommunar har etablert eigne kunstordningar med faste avsetningar til kunst i offentlege miljø. Desse har også etablert profesjonelle system for gjennomføring av kunstprosjekt. Som forvaltar av KOM-ordninga skal KORO medverke til at det blir laga eksemplariske kunstprosjekt som kan vise kva kunsten har å seie for utforminga av ulike offentlege rom. Middel frå KOM skal også bidra til å finansiere satsingar av særleg relevans og interesse for kommunane. For tida satsar KORO på prosjekt der kunst inngår i kommunale og regionale styresmakter sitt arbeid med stadsutvikling, og prosjekt som utforskar og utviklar relasjonen mellom kunst og bibliotek, ettersom biblioteket er ein viktig felles kulturarena.

Når kunstprosjekt mottar støtte frå KOM-ordninga, er det kommunen eller fylkeskommunen som gjennomfører prosjekta, og som har ansvaret for formidling og forvaltning. Arbeidet skal bli leidd av ein kunstfagleg prosjektleiar. I store og krevjande prosjekt kan KORO bidra med kompetanse som rådgivar, produsent eller samprodusent. Også dei regionale kunstsentra yter tenester for kommunar og fylkeskommunar innanfor området kunst i offentlege rom.

Kva kan ein søke om?


Ein kan søke om forprosjektmiddel til planlegging og utvikling av kunstprosjekt. Ein kan også søke om delfinansiering av planlagde kommunale og fylkeskommunale prosjekt (normalt inntil 50 % av eigenkapital). I store og/eller kompliserte prosjekt kan ein også søke om kompetansebistand frå KORO til produksjon eller samproduksjon.

Ein kan søke om middel til formidlingstiltak og til regionale og lokale tiltak som fremjar kunnskap om og kompetanse på kunst i offentlege rom. For meir informasjon om korleis ein søker, sjå Del II av utfyllande avgjerder om KOM-ordninga.

Kven kan søke?


Alle kommunar og fylkeskommunar kan søke. Også institusjonar, organisasjonar, kuratorar, produsentar og kunstnarar kan søke om tilskot til prosjekt som skal gjennomførast i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar.

Søknadsfristar


KOM har to søknadsfristar per år. Fristane er normalt 1. februar og 1. september.

Kven behandlar søknadene?


Søknadene blir behandla av eit sakkyndig utval utnemnt av KORO. Utvalet har fire medlemmer, to eksterne og to frå staben til KORO. Utvalet sit i to år.

Korleis blir prosjekta gjennomført?


Kommunen eller fylkeskommunen som får middel og/eller produksjonsbistand, har ansvar for gjennomføringa av prosjektet og bestemmer korleis gjennomføringa skal organiserast.

Korleis søker ein?

Klikk på lenker for å gå til søknadsskjema og utfyllande avgjerder. Sørg for å lese “Spørsmål og svar knytt til elektronisk søknad” under før du går i gang med å fylle ut søknadsskjemaet.

SØK KOM - NY SØKNADSFRIST: 2. oktober 2017

Tildelinger

SPØRSMÅL OG SVAR KNYTT TIL ELEKTRONISK SØKNAD

  • Kva bør eg vite før eg fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet?


    • Det digitale skjemaet går trinnvis gjennom felta du må fylle ut. For at KORO skal behandle søknaden, må du fylle ut alle dei obligatoriske opplysningane. Alle opplysningar blir behandla konfidensielt.

    • Det er mogleg å mellomlagre søknaden.

    • Vedlegg kan vere i desse formata: PDF og JPG. Kvart vedlegg kan ikkje vere større enn 2 MB, elles får du ikkje sendt inn søknaden. Fysiske vedlegg i form av publikasjonar, trykksaker, DVD-ar og liknande kan du sende til KORO i eitt eksemplar. Materialet vil ikkje bli returnert. Merk sendinga med tittelen på prosjektet og “Vedlegg til søknad, KOM”.

    • Kva for prosjekt som har fått tilskot, blir kunngjort på nettsida til KORO om lag ein månad etter søknadsfristen.

    • Les også utfyllande avgjerder om KOM-ordninga før du fyller ut søknaden.

SPØRSMÅL OG SVAR KNYTT TIL KOM-SØKNADER

  • Kva dekker tilskotet frå KORO?


    Eigenandelen til søkaren og tilskotet frå KORO skal til saman dekke utgifter til kunstfagleg prosjektleiar, kunstproduksjon og formidling.

  • Kva for krav blir stilt til den kunstfaglege prosjektskildringa?


    Prosjektskildringa som skal inngå i søknaden, skal innehalde budsjett, framdriftsplan og ei kunstfagleg grunngitt skildring av ideen, formålet og bakgrunnen til tiltaket. Tekstfelta "kontekst” og "kunstfagleg prosjektskildring" skal saman gjere greie for samanhengen mellom kunstnarisk konsept og konteksten kunsten skal inngå i. Med kontekst meiner vi typen anlegg, behova og situasjonen til brukarane av anlegget, funksjonen til anlegget og dessutan arkitektonisk uttrykk/eigenart, landskapet rundt og andre relevante forhold. Det bør også komme fram kor mange arbeid som er planlagt gjennomført, og kor i anlegget/anlegga dei skal plasserast.

    Kontekstskildringa og den kunstfaglege prosjektskildringa skal bli fylt ut av, eller i samarbeid med, kunstfagleg prosjektleiar.

    Sjå eksempel på kontekstskildring og kunstfagleg prosjektskildring her. 



  • Kor lang skal den kunstfaglege prosjektskildringa vere?

    Den kunstfaglege prosjektskildringa skal vere på mellom 350 og 500 ord. Den skal innehalde ei tydeleg skildring av prosjektet som gir KORO eit godt vurderingsgrunnlag for vidare behandling av søknaden. Juryeringa vil i hovudsak basere seg på denne teksten. 



  • Kva kan KORO bidra med?


    KORO gir råd om søknadsskriving, val av kunstfagleg kompetanse og gjennomføring av kunstprosjekt. KORO har utarbeidd ei rekke dokumentmalar til bruk i prosessen, som etter kvart vil bli lagt ut samla i eit eige dokumentbibliotek. Kontakt oss for bistand fram til denne sida er på plass.

    I store og/eller kompliserte prosjekt kan ein også søke om kompetansebistand frå KORO til produksjon eller samproduksjon. Kontakt oss for meir informasjon. 



  • Blir det stilt krav til prosjektorganisering og gjennomføring?

    Utover kravet om at prosjektet må bli leidd av ein kunstfagleg prosjektleiar, blir det ikkje stilt noko krav til gjennomføring. Det er opp til prosjektleiar (kommune/fylkeskommune) og kunstfagleg prosjektleiar å bli einige om arbeidsform, organiseringsmodell og framdriftsplan. KORO har erfaring med fleire ulike modellar i realiseringa av kunstprosjekt i offentlege rom. Kontakt oss for meir informasjon. 



  • Finst det fagkompetanse i regionane?


    Dei regionale kunstsentra har erfaring med og kompetanse på kunst i offentlege rom, og har i fleire år samarbeidd med KORO om ei rekke prosjekt. Du kan kontakte kunstsentra for å få råd og rettleiing i arbeidet med å kvalitetssikre kunstprosjekt, ikkje minst ved val av kunstfagleg prosjektleiar. Også i utviklingsarbeid knytt til kunst i offentlege rom vil kunstsentra kunne vere ein sentral samarbeidspartnar for kommunar og fylkeskommunar, med eventuell fagleg og økonomisk bistand frå KORO. Les meir om kunstsentra på nettsida til Landsforeningen Kunstsentrene i Norge.

  • Korleis søker eg om støtte til eit formidlings- eller kompetanseutviklingstiltak?


    Søknaden skal skildre formålet, innhaldet og den konkrete gjennomføringsplanen til tiltaket. Opplysningar om arrangør, samarbeidspartnarar og budsjett skal følgje med. Send søknaden på e-post til post@koro.no. Sluttrapport med budsjett og rekneskap og dokumentasjon av utviklingstiltak sender du på e-post til KORO innan tre månader etter at prosjektet er avslutta. Utbetaling av tilskot skjer deretter på førespurnad frå søkaren. Ved behov kan delar av tilskotet bli utbetalt før tiltaket er avslutta.