Kunstprosjektet «Under/sjø» av Elin T. Sørensen ved Ormsund sjøområde i Oslo tar i bruk landskapet under vatn som offentleg kunstrom. Kunsten blir utforma som ein skulpturell installasjon, som også skal fungere som ein snorkel-led – der materialbruken til kunstobjekta skal bidra til større marint biomangfald. Prosjektet stimulerer til nye samarbeidsformer og blir utvikla i samspel med 3000 bebuarar. Her kan heile byens befolkning bli merksame på og utforske den blå parken, som for mange er ukjend og usynleg. Slik bidrar kunstprosjektet til å skape eit levande lokalmiljø – både over og under vatn. Fotografiet «Icediving» er henta frå presentasjonen til kunstprosjektet og er tatt av Aleksander Nordahl. Bildet er ein del av fotografen sitt prosjekt «På ett pust». Foto: Aleksander Nordahl.
Aktuelt

Tildelingane frå Lokalsamfunnsordninga 2019 er klare!

Eit kunstprosjekt under vatn, eit minnesmerke for tvangsevakuerte og eit samansveisande bransjetreff. Dette er tre av i alt 31 kunstprosjekt som får støtte frå den nye ordninga til KORO.

Totalt kom det inn 137 søknader om tilskot til Lokalsamfunnsordninga (LOK). Fagkomiteen har fordelt nær 10 millionar kroner på 31 prosjekt i alle delar av landet.

– LOK-ordninga er i ein etableringsfase der vi ønsker å utforske og hente inn kunnskap om dei lokale kunstmiljøa og dei kommunale infrastrukturane dei opererer i. Vi ser at stadig fleire kommunar begynner å bruke kunstnarar i byutviklingsprosjekt. Det er synleg både i søknadene og i tildelingane, seier kurator Truls Ramberg i KORO.

Saman med seniorkurator Trude Schjelderup-Iversen og seniorrådgivar Bo Krister Wallström utgjer Ramberg fagkomiteen som har vurdert søknadene.

 

Graffiti ved innkjørselen til Stjørdal taler for seg. Stjørdal er tidlegare blitt kåra til ein av dei kjedelegaste stadene i Noreg. Kva skal til for at Stjørdal blir ein mangfaldig og interessant stad? Nå vil Stjørdal kommune jobbe for å implementere handlingsplanar for kunst. Kan kunsten vi etablerer i dag skape ei interesse for å forstå tida vi lever i? Kan den vere identitetsskapande for staden? Kunstprosjektet «Hvor har jeg vert i hele mitt liv» får eit tilskot på 400 000 kroner frå KORO. Foto: Stjørdal kommune.

Desse 31 prosjekta får støtte:
(prosjekta er lista opp i vilkårleg rekkefølge)

 

1.«Under/sjø» – Ormsund snorkel-led, en undervannsopplevelse for alle
Søkar: Elin Tanding Sørensen/ Urban Living Laboratory
Tilskot: 500 000 kroner

2. Nye fortsettelser
Søkar: Vaksdal kommune
Tilskot: 300 000 kroner

3. Coast Contemporary
Søkar: Tanja Sæter
Tilskot: 590 000 kroner

4. «Hvor har jeg vert i hele mitt liv»
Søkar: Jarle Førde/ Stjørdal kommune
Tilskot: 400 000 kroner

5. Bestillingsverk ungkunstner / AMIFF 2019
Søkar: Helene Hokland/ Ellida
Tilskot: 100 000 kroner

6. Sámi Dáiddafestivála
Søkar: Hilde Skancke Pedersen/Sámi Dáiddačehpiid Searvi (SDS)
Tilskot: 100 000 kroner

7. ODYSSEEN – en indre og en ytre reise
Søkar: Pernille Lindstad/ Theater F
Tilskot: 700 000 kroner

8. The Bonding
Søkar: Michelle-Marie Letelier
Tilskot: 400 000 kroner

9. Minnesmerke for tvangsevakuerte
Søkar: Irmelin Klemetzen / Porsanger kommune
Tilskot: 75 000 kroner

10. CoSA Garden BBT // Pollinary Dances
Søkar: Marianne Skjeldal/  LATERNA
Tilskot: 300 000 kroner

11. The Returners
Søkar: Martin Nielsen/ ALIBIER AS
Tilskot: 250 000 kroner

12. En eksperimentell og inkluderende kunstplan for Nyhavna
Søkar: Berit Kirksæther / Trondheim kommune
Tilskot: 500 000 kroner

13. Vigeland/Riefenstahl
Søkar: Sara Eliassen
Tilskot: 350 000 kroner

14. Kunst og byrom langs sjøfronten, Tromsø
Søkar: Lisa Hoen / Tromsø kommune
Tilskot: 1  800 000 kroner

15. Rissa i stein, skriven i sand
Søkar: Bjørn Magnhildøen/ Ars Publica
Tilskot: 70 000 kroner

16. Interregnum
Søkar: Jarle Førde / Stjørdal kommune
Tilskot: 80 000 kroner

17. Bestiary Eidsvolls Plass
Søkar: Jennie Bringaker
Tilskot: 110 000 kroner

18. Tverrfaglig kunstuttrykk for Gjøviks byrom
Søkar: Anna Thorud Hammer / Gjøvik kommune
Tilskot: 350 000 kroner

19. Society under Construction – STATE 2
Søkar: Stefan Kaegi/ Rimini Protokoll
Tilskot: 700 000 kroner

20. Møteplass Aksdal
Søkar: Anders Netland / Tysvær kommune
Tilskot: 25 000 kroner

21. Byverksted for Nytorget
Søkar: Torunn Larsen/ Rogaland Kunstsenter
Tilskot: 150 000 kroner

22. Kunstens rolle i offentligheten
Søkar: Eline Bjerkan/ ArtScene Trondheim
Tilskot: 180 000

23. STRAKS! Nye Kristiansand?
Søkar: Christina Rasmussen / Kristiansand kommune
Tilskot: 300 000 kroner

24. Detroit Kunsthalle
Søkar: Kjetil Detroit Kristensen
Tilskot: 120 000 kroner

25. «The only constant thing is change» // Open Out Festival 2019
Søkar: Marion Bouvier/Open Out
Tilskot: 100 000 kroner

26. Tittel: 66°North
Søkar: Asle Lauvland Pettersen/ Wounded Wessel Art
Tilskot: 50 000 kroner

27. Haldeplassen
Søkar: Lærdal kommune / Lærdal næringsutvikling
Tilskot: 350 000 kroner

28. THE RUSSIANS DID IT (DET VAR RUSSERNE SOM GJORDE DET)
Søkar: Agnes Nedregård/ Alt Går Bra
Tilskot: 250 000 kroner

29. Dugnad Days / Dugnadsdager (Oslo arkitekturtriennale)
Søkar: Alexander Eriksson Furunes
Tilskot: 190 000 kroner

30. Intelligenspartiet Russebuss
Søkar: Lars Cuzner
Tilskot: 350 000 kroner

31. KORO:M (kunst i offentlige rom i mellomstore byer)
Søkar: Terje Pettersen / Moss kommune
Tilskot: 110 000 kroner

Ved Ormsund sjøområde i Oslo er det store planar – men dei er ikkje synlege på overflata. Kunstprosjektet «Under/sjø» vil etablere eit nytt offentleg kunstrom under vassflata, og får 500 000 kroner i støtte frå KORO. Illustrasjon: Urban Living Laboratory.
Ein ny trasé for veg og bane mellom Arna og Voss kjem til å endre Vaksdal kommune drastisk. Kva kan ein kommune gjere for å få alle lag av befolkninga til å delta aktivt i slike saker? Ein treng i alle fall meir enn lukka kommunestyrerom. Prosjektet «Nye fortsettelser» har eit mål om å nå nye grupper, skape ein arena for alternativ medverknad og etablere nye samlingsplassar. For å lage ein slik plass er mellom andre kunstnaren Andreas Angelidakis invitert til å skape ein funksjonell, men også symbolsk arkitektur i første etasje av Vaksdal senter. Der kan alle som ønsker det, vise film, ytre seg, arrangere møter og diskusjonar, men plassen skal også fungere som ein stad å opphalde seg. (Innhaldet i denne teksten er henta frå søknaden.) Kunstprosjektet «Nye fortsettelser» får 300 000 kroner i støtte frå KORO. Foto: Anne Szefer Karlsen.
Kunstnaren Ciara Phillips er kjend for sine trykkeworkshops, og til hausten blir det arrangert grafikkverkstader med befolkninga i Vaksdal. Her får «digitale medborgarar» høve til å skape bilde på ein meir analog måte, samtidig som dei diskuterer kva det vil seie å ytre seg i offentlegheita, og kva som skal skje i den. Trykkeworkshopen er ein del av kunstprosjektet «Nye fortsettelser», som blir støtta av KORO si Lokalsamfunnsordning. (Innhaldet i denne teksten er henta frå søknaden.) Foto: Anne Szefer Karlsen.