Tamrat Gezahegne – gjestekunstnar ved Vågestykke

I løpet av 2017 vil eit kunstverk av etiopiske Tamrat Gezahegne bli realisert på Campus Kronstad.

Gjestekunstnar Tamrat Gezahegne. Foto: Pål Hoff

Akkurat kva det er veit han ikkje sjølv enno, men den siste månaden har han vore i Bergen for å førebu kunstverket sitt for neste år.

– For meg er kunst å tenkje kvar dag. Det er det viktigaste for meg, seier 39-åringen, til vanleg busett i Addis Abeba.

– Det er eit spørsmål om kvifor eg finst, kvifor eg lagar dei tinga eg gjer, og med kva mål. Kunsten skal gi deg energi.

Tamrat Gezahegne er inne i si siste veke i Noreg for no. Han er utdanna ved Alle School of Fine Arts and Design ved Universitetet i Addis Abeba i Etiopia. Kurator Sissel Lillebostad inviterte han med på prosjektet etter å ha sett kunsten hans på ei reise til byen, og i Bergen skal han bidra med eit blikk utanfrå.

I tida si her har han besøkt høgskolen sine fakultet, og snakka med dei ansatte på utdanningsinstitusjonen. Til Skrotskogen – skogholtet ved Campus Kronstad som i eit ledd i Vågestykke-prosjektet blir reingjort og omgjort til ein kjøkenhage – har han blant anna teke med seg fleire born.

– Eg vil få deira oppfatning av hagen i skogen, eg vil vise skogen som kjem i kontrast med det som var der før.

Kunstpraksisen hans handlar mykje om energi, miljøet, om framtida, og dermed òg borna – som han har involvert ein del i prosessen medan han har vore her.

– Det er dei som er framtida, den neste generasjonen. Eg vil finne ut kva dei meiner om skogen, om dei fornybare materiala og energien, seier Gezahegne.

– No samlar eg inn materiala, finn ut korleis eg skal presentere dei. Eg skal diskutere dette med borna, og late dei sjå at skogen òg kan vere eit verktøy for dei.

(fv.) Luftballett-ansvarlege Margrethe Kolstad Brekke og Jon Gjerde med Luftballett, Nedbør-kunstnar Inger Wold Lund, og gjestekunstnar Tamrat Gezahegne. Foto: Pål Hoff

Gezahegne er den første av fleire gjestekunstnarar i Vågestykke, og eitt av tre prosjekt denne hausten som krinsar rundt Høgskolen i Bergen. Mykje av hans arbeide knyttar seg til urfolk.

– Urfolka bidrog ikkje så mykje til klimaproblema. Dei brukar så mykje fornybare materiale, dei er i kontakt med naturen, seier han – og nemner også samane.

– Eg har ikkje fått lest noko om dei, men planen min er å gå djupt inn i stoffet. Eg er interessert i korleis dei eksisterte og naturen, og kva dei kan lære oss. Kva lærte vi frå dei, og kva lærte vi ikkje frå dei?

Tamrat meiner han har mykje til felles med sin far, som er ein tradisjonell vevkunstnar utan kunstutdanning. Tamrat beskriver sin kunstnarlege prosess som forandra den siste tida.

– For far min er arbeidet som ein meditasjon. Han brukar gjerne tre-fire dagar på alle dei sofistikerte mønstera. Eg pleidde å lage kunsten min raskt, éin dag eller kanskje berre éin time. Men mine seinare arbeid har òg blitt meir sofistikert. Det har blitt ein slags meditasjon, ei transe. Eg kan ikkje gjere arbeida mine like raskt ferdig no. Endeleg forstår eg far min.

Med tre dagar igjen av perioden i Bergen har han alt nokre tankar om kva kunstverket på Kronstad skal bli, men mykje arbeid gjenstår framleis. Snart returnerar han til galleriet New Art Space, som han starta opp med studiekameratar i heimlandet Etiopia, for å arbeide vidare.

Tamrat Gezahegne kjem att til Bergen i 2017, og det vil òg bli haldt utstillingar med andre etiopiske kunstnarar i Bergen rundt den same tida. Du kan lese meir om Vågestykke her, og følgje prosjektet på Facebook eller Instagram.

Del denne artikkelen