Steinhogging og lydvandring på Campus Kronstad, Høgskulen på Vestlandet

KOROs Vågestykke inviterer til to nye vågestykker på Campus Kronstad, Høgskulen på Vestlandet (HVL): Vågestykke#7 - The Commonument er ei kollektiv steinhogging av Gabriel Johann Kvendseth, medan Vågestykke #8 – Opplett er andre del av Inger Wold Lund si poetiske lydvandring Nedbør/Opplett.

Steinhogging og lydvandring på Campus Kronstad, Høgskulen på Vestlandet

Tid: The Commonument frå 29.03 i Foajéhagen med minikurs i steinhogging kl. 11.00

Opplett frå 3.4.2017

Stad: Campus Kronstad, Høgskulen på Vestlandet

Meir info: https://www.facebook.com/vaagestykke/

 

The Commonument – frå 29.03.2017

Foto: Heiko Pfreundt / Kreuzberg Pavillon

Har du lyst til å prøve deg som steinhoggar? No har du sjansen. Onsdag 29.03.2017 opnar The Commonument på Campus Kronstad. Verket, som består av ei steinblokk på 1,5 tonn, blir ståande der gjennom april og mai, tilgjengeleg for alle som har lyst til å bli med å utvikle den. Kort fortalt er verket ei kollektiv steinhogging. Steinen, som er ein klebersteinsbauta frå Gullfjellet i Bergen, blir montert i Foajéhagen på Campus Kronstad saman med ymse manuelt eigna verktøy og ein poetisk instruksjon, deretter er det fritt fram.

Kl. 11.00 29. mars held steinhoggarmeister Svein Olaf Eikner eit minikurs i steinhogging.

Kunstnaren vil vere til stades.

Gratis og ope for alle.

Tittelen The Commonument er ei samanstilling av orda ”come on – cooperative – common – community – monument”, samtidig som det òg drar veksel på ”.com-omgrepet”. Verket er tenkt som eit mellombels monument, noko flyktig og skiftande i kontrast til den gjengse oppfatninga av eit monument som noko fast, ei permanent markering av eit bestemt minne med ei føreseieleg form. Det Humboldtske idealet om ansvar for eiga læring gjennom fri utfalding og utforsking er ein referanse for kunstverket, kunnskap blir omdanna til praksis gjennom prøving og feiling. Klebersteinsblokka blir ståande på Campus Kronstad i to månaders tid, eller til den forsvinn mellom dei verksame hendene våre.

 

Opplett – frå 3.4.2017

Inger Wold Lund si lydvandring Opplett er andre del av to lydvandringar ho har laga for Vågestykke i samarbeid med Claire Tolan: Nedbør og Opplett. Medan Nedbør tok for seg dei mest mørke og regntunge årstidene, fokuserer Opplett på den lyse tida av åra, den vi er på veg inn i no. Med Nedbør/Opplett gir Inger Wold Lund deg som ferdast på Campus Kronstad, som gjest, tilsett eller student, høve til å oppleve staden med ditt heilt eige soundtrack til kvardagen.

Lydvandringane lastes ned frå soundcloud.com/vaagestykke til eigen telefon eller ein kan låne utstyr på biblioteket.

Opplett markerer at regnet stilnar, det kjem pausar i den vinterlege sildringa og våren slepper laus spirer frå jorda. Under er eit lite utdrag frå teksten i Nedbør/Opplett:

– For noen år siden.

Sa jeg.

– Delte jeg rom med en venn. Hver kveld når hun skulle sove satt hun på et opptakt av lyden av regn som falt ned på bestemorens tak. Opptaket var kun åtte minutter langt. Hver gang det begynte på nytt var det en liten pause. Pausen var ikke lenger enn et sekund, men fordi tid oppdattes annerledes når man sover våknet jeg ved hver pause, lettet over at det hadde sluttet.

I Nedbør/Opplett blir ein som lyttar/deltakar leidd gjennom Høgskulebygget på Kronstad via nedlastbare lydfiler og hovudtelefonar. Lydvandringane er ein serie vêrspesifikke historier, og observasjonar det er lett å oversjå, slik som måten lyset skin inn eit vindauga, eller ein plante. Målet er å bygge opp om og verne om evna til å sjå ting på nye måtar, og slik utvide sanseinntrykk av kvardagslege omgivnader, både for besøkande og dei som dagleg er på skulen. Lydvandringane er skrivne og utvikla av Inger Wold Lund, og realisert i samarbeid med lydkunstnaren Claire Tolan. Her kan du lese eit intervju med Inger Wold Lund om prosjektet: Intervju med Inger Wold Lund

Om kunstnarane: Inger Wold Lund (f. 1983) er forfatter og kunstnar. Wold Lund er utdanna ved Oslo Kunsthøgskole, Konstfack i Stolckholm, og Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt am Main. Ho har gitt ut bøker på Flamme Forlag og Ugly Duckling Presse, og har blitt utstilt på blant anna M.I/mi1glisséi Berlin; Roberta i Frankfurt, Museo Apparentei i Napoli, Galerie Parisa Kind i Frankfurt, Hordaland Kunstsenter i Bergen, og INCA i Seattle. Wold Lund er aktuell med ny bok på Cappelen Damm i 2017.

Gabriel Johann Kvendseth (Karlsøy, 1984) søker å mane fram nye tydingar i det manipulerte objektet eller den fordreidde situasjonen. Arbeida er karakteriserte av ein idiosynkratisk primitivisme, der kunsten utforskar dikotomiar som kunst/handverk, våpen/verktøy, skaping/øydelegging eller urkultur/popkultur. Han har blant anna stilt ut på Arkhangelsk Fine Arts Museum, KRAFT, Del Infinito i Buenos Aires, LYNX, Kristiansand Kunsthall, NRK Nasjonalgalleriet, Kunstindustrimuséet, Kreuzberg Pavillon og KODE2.

Meir informasjon om Vågestykke finst her: https://www.facebook.com/vaagestykke/ og https://koro.no/vaagestykke/

Om Vågestykke: Ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet. Målet med kunstprosjekta er å aktivisere menneska på og rundt høgskulen, og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar. Vågestykke startar opp i 2016 og strekkjer seg ut 2018.

Vågestykke er namnet på det sjuande og siste området i kunstplanen for høgskulen i samband med samlokaliseringa på Kronstad i nytt høgskulebygg hausten 2014. Målet med Vågestykke er å aktivisere dagleglivet livet på høgskulen, og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar. Kunsten skal «slå kilar inn i dagleglivet» i form av fagleg relaterte, sosiale, eller politisk undersøkjande prosjekt og hendingar, teknologisk utfordrande eksperiment, performative, auditive og/eller visuelle arbeid. Programmet strekkjer seg over fleire år med fleire vågestykke, alle med ulik økonomi, intensitet, lengd og kompleksitet. Ambisjonen er at kunsten skal aktivisere heile høgskuleområdet, òg ikkje-fysiske rom og eksterne stader, og dei kan vare frå nokre minutt til heile perioden.

Del denne artikkelen