Bli med på ei vêrspesifikk lydvandring gjennom Campus Kronstad

Kunstnar og forfattar Inger Wold Lund synest ikkje at småprat om vêret er noko ein skal skjemmast av.

Som eit av prosjekta i KOROs Vågestykke lagar ho og lydkunstnar Claire Tolan to lydvandringar basert rundt Campus Kronstad og vêret i Bergen.

– Ein seier jo at ein snakkar om vêret for ofte. Men eg trur det er noko ein gjer i staden for å spørje korleis ein har det heile tida, som ein gjer i engelskspråklege land. Å snakke om vêret er også ei slags omsorgshandling, seier Lund.

Saman utgjer vandringane verk som ikkje berre er stadsspesifikke for høgskulens område, men òg vêrspesifikke. Den første, Nedbør, er allereie klar for bruk i regnet. Den andre, Opplett, dukkar opp våren 2017 for bruk i periodane regnet er vekke.

Lydvandringar, eller audioturar, møter ein ofte på museum – gjerne nytta for å forklare om kunst eller objekt i utstillingsrom. Men mange kunstnarar har òg teke i bruk denne måten å kommunisere på. Lund beskriver vandringa som å vere i ein film, at eins eigen kvardag får ein voice-over, som forhåpentlegvis kan få folk til å bryte litt ut av sine eigne vaner, og sjå kvardagslege omgivnader på ein ny måte.

– I båe desse turane kjem eg til å be folk om å sjå ut veldig mykje. Sjå på vêret, sjå på det som hender ute, gå på biblioteket, sjå ut gjennom glasvindauga der. Eg kjem til å snakke litt om bakgrunnen til skulen, at det har vore jernbane her, og ulike detaljar i bygget, seier Lund.

Bergensordet «opplett» er eit ord vestlendingen Lund har funne mykje inspirasjon i. At Bergen og omegn har sitt eiget ord for «midlertidig mangel på regn» er ikkje noko ho har sett andre stader:

– Denne ideen om at mangelen på regn er meir bemerkelsesverdig enn at det regnar, er eit utgangspunktet for prosjektet. Det handlar om å dele ein del betraktingar rundt det å sjå og vere i sitt nærmiljø.

Nedbør – tilgjengeleg frå Vågestykke sin Soundcloud-konto – startar ved Campus Kronstad sin hovudinngang, og fører deg på ein halvtimes lang vandring gjennom bygga. Langs vegen vert blikket til lyttaren retta mot detaljar som fargen på ein forbipasserande sin regnfrakk, eller korleis dråper på eit vindauge speglar verda opp ned.

Lund og Tolan har laga liknande audioturar tidlegare, blant anna ei erotisk reise langs ringruta på t-bana i Berlin. Tolan har samla lyd frå nærområdet rundt Kronstad, av regn, og andre miljølydar som er veldig tilstadeverande i vandringa.

– Eg gir Claire heilt carte blanche, ho gjer det ho vil og har mykje kompetanse på det. Men vi jobbar veldig mykje med det som er intimt og nært, så det passar godt for oss å jobbe saman. Eg har vel det siste ordet, men det er ikkje noko eg har trengd å nytte meg av, seier Lund.

– Så er det også det at når det er regnvêr ute gir det ei kjensle av tryggleik og komfort når verda utanfor er litt ubehageleg. Det er ganske viktig, det handlar om det nære.

Lund har gjort meir research enn på tidlegare lydvandringar, og har lest seg opp mykje om høgskulen, bygga på Kronstad, og omgivnadane rundt. Det er lange historier, jordmorutdanninga i Bergen feira 150-årsjubileum i 2011, og jernbaneskinner og fabrikkar har satt spor i Kronstad lenge.

– Det blir ikkje nødvendigvis så tydeleg i det endelege resultatet – men eg har lest meg opp på regn, og byggets historie og stadens historie. Så velgjer eg litt kva eg vil fortelje, som stort sett blir slike små anekdoter. Så er det å få dei til å passe inn i arkitekturen, det oppstår meir eller mindre parallellt.

Nedbør og Opplett er ein del av KOROs Vågestykke, ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskolen i Bergen – som ved årsskiftet blir til det større Høgskolen på Vestlandet. Målet er å aktivisere dei som oppheld seg på og rundt høgskulen og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar.

Lydvandringa er tilgjengeleg for nedlasting frå Vågestykke sin Soundcloud. Om du ikkje har smarttelefon kan du låne utstyr til å lytta med på biblioteket på Campus Kronstad.


Nedbør
Av: Inger Wold Lund
Lyd: Claire Tolan
Manuskonsulent: Pål Gitmark Eriksen
Språkvask (engelsk): Claire Tolan
Studioopptak: Notto J. W. Thelle, innpilt på Notam
Testing: Øyvind Baste Agdestein, Simen Korsmo Robertsen og Alice Sarah Welsh
KORO-Konsulenter: Trond Hugo Haugen og Sissel Lillebostad
Takk til: Tyler Bopp, Mathijs van Geest, Lars Tore Halvorsen og Grete Wold

Ei lydvandring er ei innspelt lydfil som formidlar informasjon, normalt gjennom handheldt elektronikk som ein mp3-spillar eller ein telefon – og er vanlegvis tilknytt ei sjåverdigheit, som eit museum. Mediet har sidan det først blei introdusert òg vorte nytta av kunstnare til å formidle subjektive betraktningar over utvalde omgivnader.

Inger Wold Lund er utdanna ved Oslo Kunsthøgskole, Konstfack i Stolckholm, og Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt am Main. Ho har gitt ut bøker på Flamme Forlag og Ugly Duckling Presse, og har blitt utstilt på blant anna M.I/mi1glisséi Berlin; Roberta i Frankfurt, Museo Apparentei i Napoli, Galerie Parisa Kind i Frankfurt, Hordaland Kunstsenter i Bergen, og INCA i Seattle.

Claire Tolan sine verk har sidan 2013 hatt sitt fundament i ASMR, Autonomous Sensory Meridian Response. Tolan har hatt ASMR-programmet «You’re Worth it» på Berlin Community Radio i to år, og har arbeidd med ASMR i framsyning, opptak, og utstilling, saman med blant anna Holly Herndon. Tolan var i 2015 Goethe-Institut and Space Perlin Noise sound artist-in-residence ved White House i London.

Del denne artikkelen