Opning: Kunstprosjektet på Universitetsmuseet i Bergen

Tid, minne og forholdet mellom museet og dei som besøker det, står sentralt i kunstprosjektet «Minervas stemme».

Skulpturen «Eksemplar» er laga av ei einaste stamme av alm. Forma til skulpturen følger forma til stammen og kan minne om eit eller anna merkeleg dyr i samlingane til museet. Det tok to mann heile fire månader å pusse og vokse skulpturane. Foto: Pål Hoff

Minerva, den romerske gudinna for visdom, har skoda ut over Bergen frå hovudinngangen til Universitetsmuseet sidan bygget stod ferdig i 1865. Ugla var følgesveinen til Minerva og er å finne i logoen til universitetet. Kunstnarane Marthe Ramm Fortun og Mattias Härenstam har utvikla arbeid som kommuniserer med det verneverdige bygget og dei historiske utstillingane.

– Sentralt for kunstprosjektet har vore museet sin funksjon som vernar eller behaldar av tid samt møtet mellom den særeigne museumsarkitekturen og publikum. Både minne og kunnskap er viktige stikkord. Vi har, i overført tyding, tatt Minerva ned frå den opphøgde plassen på fasaden og inn i bygget for å undersøke museet som ein stad for organisering og framsyning av kunnskap, seier kurator for prosjektet, Marit Paasche.

Härenstam har laga to store skulpturar i tre. I Eksemplar følger skulpturen forma til stamma, men det meste av tremassen er fjerna. Det skaper ei taktil spenning mellom nærvær og fråvær, innside og utside. Skulpturen utstrålar noko udefinerbart, noko som motset seg kategorisering. Betraktere består av fire individuelle organiske former i eik og ask. I botnen av kvar form kviler ei handblåst glaskule som leikar seg med lyset. Skulpturane beveger seg gjennom to hol i golvet, som museet kallar kunnskapshol, og leier tanken til utgangspunktet for all vitskapleg verksemd: korleis vi går frå påstand til kunnskap, og kven som definerer kva.

 

Begge dei to skulpturane beveger seg gjennom «kunnskapshol» i golvet. Hola leier tanken til utgangspunktet for all vitskapleg verksemd: korleis vi går frå påstand til kunnskap, og kven som definerer kva. «Eksemplar», Mattias Härenstam. Foto: Pål Hoff
Kven er tilskodaren som ser, og kven blir sett på? Mattias Härenstams «Betraktere» består av fire individuelle organiske former i eik og ask. I botnen av kvar form kviler ei handblåst glaskule som leikar seg med lyset. Foto: Pål Hoff

Ramm Fortun set historia i spel med samtida i arbeida sine. Vi skal ikke lage lærebøker består av to fotografiske seriar og ein performance. Den første serien består av ti fotografi som er installerte i vitrineskåpa blant museet sine eigne utstillingar i den freda andreetasjen. Serien er ei lågmælt forstyrring som spelar mot Härenstam si undersøking av forholdet mellom sjåar og objekt.

I tillegg har Ramm Fortun forplikta seg til å halde éin performance i året frå 2019 til 2028. Ved stadig å vende tilbake til museet får kunstnaren moglegheita til å undersøke korleis dei besøkande, museet og ho sjølv endrar seg i løpet av ti år. Kvar performance vil bli følgd av eit fotografi og ein tekst som blir overlevert til museet. Slik vil det etter kvart bli danna ein ny fotografisk serie, som vil fylle dei tomme rammene ved inngangen til tårnrommet i tredje etasje. Alle fotografia i prosjektet er tatt av Kristine Jakobsen.

 

Ramm Fortun har forplikta seg til å halde éin performance i året frå 2019 til 2028. Slik blir dei besøkande tatt med på ei reise som varar i 10 år. Kvar performance vil bli følgd av eit fotografi og ein tekst som blir overlevert til museet. Dermed blir ein ny fotografisk serie utvikla. Den vil etter kvart fylle dei tomme rammene ved inngangen til tårnrommet i tredje etasje. Foto: Kristine Jakobsen
Marthe Ramm Fortun si fotografiske serie «Vi skal ikke lage lærebøker» er montert i museets andreetasje. Fleire av fotografia er plassert i dei freda vitrineskåpa. Foto: Pål Hoff

Offisiell kunstopning:  14. oktober 2019
Opent for publikum:  15. oktober 2019.

Adresse: Muséplass 3, 5007 Bergen

Om kunstnarane, og kuratoren

  • Mattias Härenstam (f. 1971 i Göteborg) er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og Städelschule, Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt. I dei seinare åra har Härenstam hatt større separatutstillingar ved Vigeland-museet og Stavanger kunstmuseum. Arbeida hans er også blitt vist ved Nasjonalmuseet i Oslo, Whitechapel Gallery i London, Herzliya Museum of Contemporary Art i Israel, Kunstraum Bethanien i Berlin og Hubei Museum of Art i Kina. (Sjå også: http://www.mattiasharenstam.com)

  • Marthe Ramm Fortun (f. 1978) er for tida dekan og fyrsteamanuensis ved Kunsthøgskolen i Oslo. Etter utdanninga ved New York University i 2008 har Fortun vist arbeida sine ulike stader og i ulike samanhengar, sist ved Vigeland-museet, Munchmuseet, KW Institute for Contemporary Art, Monnaie de Paris, BOZAR Brussels, Performa 13, MoMA PS1 og Gladstone Gallery i Brussel. (Sjå også: http://martherammfortun.com)

  • Marit Paasche har vore kurator på oppdrag frå KORO. Ho er kunsthistorikar, kurator og forfattar og busett i Oslo. Den siste utstillinga hennar er Hannah Ryggen. Woven Manifestos på Schirn Kunsthalle i Frankfurt (2019). Same året gav ho ut Hannah Ryggen. Threads of Defiance på Thames and Hudson og University of Chicago Press.

Del denne artikkelen