Opning av Teknologibygget, NTNU

Det er gjennomført fleire store kunstprosjekt til det nyoppførte Teknologibygget på Kalvskinnet campus, NTNU. Kvar på sin måte inviterer dei til refleksjon rundt miljøspørsmål, biologiske prosessar og teknologisk utvikling. Offisiell opning skjer tysdag 28. mars.

Chi Squared av Ole Lislerud. Fotograf: Anders Sundet Solberg

Med Ole Lisleruds Chi Squared får studentane ein gigantisk hjerne under føtene. Kunstverket er eit glasgolv i atrium i bygget. Over konturane av eit kraftig forstørra MR-bilete av eit kranium er det skrive ulike symbol og matematiske formlar, mange henta frå forsking ved NTNU.

Inge van der Drifts takhengde, sju meter breie stålskulptur Organisme er plassert i vrimleområdet i inngangspartiet. Den organiske forma kan gi assosiasjonar til både mikroorganismar og makrostrukturar i universet. Den høgpolerte overflata reflekterer rørsler, arkitekturen og skiftande lys, dermed kan skulpturen sjå ut til å vere i stadig endring.

I verket Re:forest har Camille Norment og Øyvin Horvei latt den gamle teglfasaden i sentralrommet bli overgrodd av subtropiske plantar. Midt i eit elles minimalistisk miljø verkar installasjonen som eit blikk inn i ei anna tid. Det kan vere fortid eller ei framtidig øko-teknologisk symbiose – eller skog som har gjenerobra landskapet.

Andre kunstprosjekt i Teknologibygget er fotoserien Eyes as Big as Plates av Karoline Hjort og Riitta Ikonen og videoarbeida 7 meter av Lars Skjelbreia, Holograms of Ecolonia av Carolina Jonsson og time lapse-videoen Cryptogami av Christine Ödlund.

Les meir om kunstprosjektet og sjå fleire bilete her.

NTNU og Statsbygg inviterer til opning tysdag 28. mars kl. 12.00
Teknologibygget NTNU, Kalveskinnet Campus

Program:

  • Musikalsk innslag
  • Velkomen ved administrerande direktør Harald Nikolaisen, Statsbygg
  • Nøkkelseremoni: Administrerande direktør Harald Nikolaisen, Statsbygg overleverer nybygget til statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. Statssekretæren stiller lokala til disposisjon for NTNU ved rektor Gunnar Bovim.
  • Tale om kunstprosjektet ved direktør Svein Bjørkås, KORO
  • Musikalsk innslag
  • Omvising
  • Enkel servering
  • Helsingar

Slutt kl. 14.00

Ved spørsmål om kunstprosjektet, kontakt kunstfagleg rådgjevar i KORO Janicke Iversen

Del denne artikkelen