Med den nye LOK-ordninga har KORO tru på fleire interessante prosjektidear, meir god kunst, fleire profesjonelle aktørar og sterkare lokal og regional kompetanse. Bilete er henta frå Byromsfestivalen «Ka no?» som utforska dei offentlege romma i Nordbyen i Tromsø med kunst i offentlege rom og intervensjonar rundt om i bydelen. Festivalen var eit samarbeid mellom Tromsø kommune og KORO og Raumlabor Berlin. Foto: Humle Rosenkvist
Aktuelt

Ny kunstordning i KORO

1. januar 2019 etablerer KORO ei ny, søkbar tilskotsordning som skal stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom i lokale kontekstar over heile landet. Den nye ordninga får namnet Lokalsamfunnsordninga (LOK).

Gjennom den nye ordninga vil KORO styrke samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljøa i regionane og med kommunar og fylkeskommunar.

Kvifor skjer dette akkurat nå?

– Lokalsamfunnsordninga er eit svar på at ansvars- og arbeidsdelinga mellom staten, fylkeskommunane og kommunane i fleire år har gått i retning av at regionale og lokale miljø får meir makt. Dette har slått inn i kulturpolitikken også. Lokale og regionale miljø bør sjølve kunne ta ansvaret for å planlegge, gjennomføre og finansiere kunstprosjekt i dei offentlege romma sine. Dette er det stor interesse for. For å sikre at prosjekta blir profesjonelt handtert og at kunsten får høg kvalitet, vil vi i KORO spisse engasjementet, dei økonomiske midla og fagkunnskapen mot utviklingsoppgåver og kompetansespreiing. Å fremje samarbeid, kompetanseutvikling og fagleg forsøks- og utviklingsarbeid vil bli det viktigaste kjenneteiknet til Lokalsamfunnsordninga i den nasjonale arbeidsdelinga på feltet vårt, seier Svein Bjørkås.

I 2019 vil Lokalsamfunnsordninga ha ei økonomisk ramme på 14,5 millionar kroner. 10 millionar vil vere middel som kunstmiljøet, kommunane og fylkeskommunane kan søke på, og 4,5 millioner kroner vil gå til infrastrukturtiltak, det vil seie samarbeid med regionale og lokale miljø for å styrke kunnskap om og kompetanse på kunst i offentlege rom, fagleg utviklingsarbeid og andre samarbeidstiltak mellom KORO og relevante aktørar rundt om i landet.

LOK erstattar dei to kunstordningane KOM (kunstordninga for kommunale og fylkeskommunale bygg og anlegg) og URO (kunstordninga for offentlege uterom).

– Gjennom dei tidlegare ordningane har vi bidratt til å stimulere og profesjonalisere arbeidet med kunst i offentlege rom både i kommunane og i kunstmiljøa. Med Lokalsamfunnsordninga får KORO ei opnare ordning som vil fremje eit mangfald av kunstprosjekt i lokale offentlege rom og stimulere til nye samarbeidsformer mellom dei som tilrettelegg for kunst, og dei som skaper kunsten, seier Bjørkås.

Kva vil det seie at ordninga skal fremje nye uttrykk, arbeidsmetodar og former for deltaking?

– Fram til rundt år 2000 arbeidde KORO i all hovudsak med utsmykking av statlege, fylkeskommunale og kommunale bygg. Dei siste ti-femten åra har ideen om kva kunst i offentlege rom er og kan vere, vore i ei rivande utvikling. I dag er feltet prega av eit stort mangfald av forståingsformer, uttrykk og verktypar. Utsmykkingstradisjonen er blitt utfordra, særleg av kunstnarane. Før bidrog kunstnarane primært til ulike former for «forskjønning» av offentlege bygg. Nå ser dei i aukande grad på offentlege inne- og uterom som stader for kunstnariske ytringar. Dei har med andre ord skapt nye kunstoffentlegheiter, ytringsarenaer som har gitt kunstnarane ein fornya plass som deltakarar i kulturen, demokratiet og samfunnet, seier Bjørkås.

Han fortel at også kommunane og fylkeskommunane ønskjer å gå nye vegar når det gjeld å ta initiativ til kunstprosjekt i offentlege rom.

– Dei siste åra har vi merka eit stort engasjement for å skape lokale arenaer og møteplassar kor kunstnarar og kunstverk spelar ei viktig rolle, seier Bjørkås.

 

 

Dei siste åra har det vore eit stort engasjement for å skape lokale arenaer og møteplassar kor kunstnarar og kunstverk spelar ei viktig rolle. Den nye LOK-ordninga skal stimulere dette engasjementet. Dette bilete er frå opninga av kunstprosjektet Solspeilet av Martin Andersen på Rjukan i 2013. Prosjektet engasjerte lokalbefolkninga, heile torget var fylt av skuelysne. Foto: Alette Schei Rørvik

Kvifor denne vridinga mot det lokale?
– I eit globalisert samfunn er lokale kontekstar viktige for relasjonane våre, livserfaringane og verdsbilda. Kunst som tar opp i seg lokale erfaringar på ein universell måte, kan gjere små spørsmål store og store spørsmål forståelege. Kunst i offentlege miljø møter publikum der dei er til dagleg. I dette ligg eit stort potensial for deltaking, medverknad og interesse. Mange kunstnarar er opptatt av å skape kunstverk og kunsthandlingar som mobiliserer individ og grupper i deira eiga livsverd, og lokale styresmakter ser i aukande grad at kunst har potensial til å verke utviklande i lokalsamfunn. Ved å opne for fri innsending av søknader frå kunstnarar og kuratorar så vel som lokale og regionale styresmakter opnar vi for at aktørane kan skape prosjekt både på eigne premissar og saman, seier Bjørkås.

Kva for positive resultat kan vi forvente av ordninga?
– Ambisjonen vår er den bidrar til fleire interessante prosjektidear, meir god kunst, fleire profesjonelle aktørar, sterkare lokal og regional kompetanse og ei desentralisert plattform for kunnskapsdeling, seier Bjørkås. I tillegg er det sjølvsagt viktig at kunsten blir formidla og forvalta slik at den betyr noko for mange og blir godt tatt vare på.

Satsningsområda i den nye ordninga vil endre seg frå periode til periode.
– Frå 2019 til 2021 fører vi vidare satsinga på kunst i by- og stadutviklingsprosessar. Vi etablerer eit nytt program på kunstprosjekt som skal utvikle ny bruk av kunst i og på skular. Den tredje programsatsinga er å invitere til innsending av frie prosjekt, seier Bjørkås.

To grupper kan søke om middel frå LOK. Den eine gruppa er profesjonelle kunstnarar og kuratorar, den andre er lokale og regionale styresmakter. Det blir éin søknadsrunde i året med frist 1. februar.