Kunst for håp og grøn handlekraft

I kunstprosjektet Luftballett samarbeider tekstilkunstnar Margrethe Kolstad Brekke med studentar, ekstremsportsutøvarar og ein amerikansk poet om å få fart på det grøne skiftet.

Radio Luftballett-selfie Margrethe Kolstad Brekke med klimaforskar Kevin Andersen.

Av Merete Røsvik Granlund

Det grøne skiftet er ei samlenemning for ei særs aktuell samfunnsoppgåve: å finne nye, miljøvennlege løysingar og takle problem som har oppstått på grunn av klimaendringar. Tekstilkunstnaren Margrethe Kolstad Brekke hadde eit sterkt ønskje om å bidra til dette arbeidet. Difor starta ho i 2016, som del av KORO-prosjektet Vågestykke ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad, eit tverrfagleg kunstprosjekt som siktar mot å gi både informasjon om og inspirasjon til det grøne skiftet.

Under titlane Luftballett Fremtidsforum og Radio Luftballett arrangerte og dokumenterte ho eventar som utforska nye måtar å skape og utnytte energi på. Det involverte mellom anna hanggliderballett og bruk av ullgrisar frå Ungarn til å omarbeide jord.

– Etter kvart utvikla arbeidet seg til eit podkast-konsept. Det begynte med at hanggliderakrobat Jon Gjerde ville sende radio frå hangglideren! Sidan vart det meir radio, og så fekk vi pengar til å utvide prosjektet, fortel Brekke, og held fram:

– Eg ønskjer å finne ein måte å snakke om klimaendringar og klimatiltak på som er tilgjengeleg for fleire. Det skal ikkje vere tannlaust! Eg vil snakke med dei som til kvardags jobbar fysisk med korleis omstillinga skal skje. For ei omstilling skje, gitt det akutte ved situasjonen.

 

Margrethe Kolstad Brekke intervjuar studentar ved HiB, Campus Kronstad. Frå venstre: Asitha Udayanga Malikaramage, Uthayaraj Siva, Pavithrakumar Palanichamy, Selvakumar Pitchaya og Prabavathy Nagarajan. Foto: Asitha Udayanga

Dermed har tekstilkunstnaren blitt journalist, ho lagar podkastar som med innslag av intervju, poesi og lydlandskap nærmar seg sjangeren radiodokumentar. Heilt amatør er ho rett nok ikkje; Elin Már Øyen Vister, tidlegare journalist i P3, har lært henne å lage radio i kunstsamanheng. Saman laga dei Radio Hopes and Dreams i Bergen Kunsthall som eksamensprosjekt ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) våren 2014.

Forsking, næringsliv og ekstremsport
Fase to av Luftballett skal vare til juni 2018, og samarbeid er ein viktig del av metoden.

Luftballett er i rivande utvikling akkurat no, og eg har jobba med forankring og stadspesifikk utvikling i samarbeid med studentar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Ved masterprogrammet Climate Change Management, eit av berre åtte tilsvarande studietilbod i verda, jobbar dei med hydrologi og tilpassing av infrastruktur til klimaendringane som no skjer. Dei skal også finne tiltak som kan minske dei menneskeskapte klimaendringane, fortel Brekke.

Kvifor er arbeidsspråket i Luftballett engelsk?

– Det heng saman med at studentane eg samarbeider med er engelskspråklege. Eit par er faktisk snøbrettstjerner! Dette er eit miljø og ein generasjon som meir intuitivt skjønar kommunikasjon gjennom sosiale medium. Snøbrettfolka i Sogndal har bakgrunn frå eit snøbrettmagasin og skal hjelpe meg med å lage ein ny og tydelegare profileringsstrategi. Eg håper det vil føre til at Luftballet når folk som vanlegvis ikkje er ein del av kunstpublikummet.

Alicia Cohen. Poet frå Portland, USA og styremedlem i Luftballett. Foto: Luftballett

Det kjem til å bli stor spennvidde i innhaldet i podkastane. Førre veke intervjua Brekke ein vidgjeten klimaforskar, Kevin Anderson, om kvifor han i 2004 slutta å fly og dermed må reise til ulike konferansar med tog. Poeten Alicia Cohen frå Portland i USA skal, under tittelen Reading Drawdown skrive og lese inn 100 dikt basert på forslag til løysingar på klimaproblematikk. Forslaga er utarbeidde av vitskapsfolk frå heile verda og samla i boka Drawdown, som kom ut sist vår. Men det som pregar prosjektet mest, er samarbeidet med folk som driv næringsretta innovasjonsarbeid, og ekstremsportsutøvarar. Det heng saman med korleis prosjektet starta.

Første runde av Luftballett, som hadde tema innovasjon og nyskaping, vart til etter at Brekke deltok på Fornybarkonferansen i Bergen, eit stort og samansett forum som også var ein møteplass for folk frå KHiB, Universitetet i Bergen og næringslivet.

Prabavathy Nagarajan er utvekslingsstudent India og forskar på utvikling av DyeSenticized Solarcells. Væska i glaset er fargepigment av roseblad som kan bli til tredje generasjons solceller. Foto: Asitha Udayanga

– Det er i utgangspunktet ei mot-intuitiv øving frå ein venstreliberal kunstnarståstad å få desse stammekulturane til å møtast. Men næringslivet på Vestlandet har vore tidlegare ute enn mange andre med å finne måtar å takle klimaendringar på fordi dei har sett utviklinga på nært hald, til dømes gjennom oljenæringa, fortel Brekke. Ho held fram:

– Her møtte eg Jon (hanggliderakrobaten), og fann ut at det passa for meg å vere med i eit hanggliding-prosjekt. Sidan eg er tekstilkunstnar, har eg jobba med store stykke tekstil i det offentlege rom. Alt då eg søkte meg inn på tekstillinja på KHiB og vart beden om å reflektere rundt kva som var mine ideal, tok eg med meg bilete av kitesurfarar på stranda. Uansett, på grunn av hanggliding-prosjektet kom eg inn i eit miljø kor mange dreiv med ekstremsport. Det er ein type folk det er fruktbart å samarbeide med fordi dei har fokus og er særs målretta. I ekstremsport må dei røre seg raskt i terrenget og vere til stades. Dei er ein slags moderne, noble villmenn, dei kjenner naturkreftene. Dei som flyr hangglider, kjenner rørsler i lufta frå ein foss langt borte; dei som køyrer snøbrett, har ein sensibilitet for snø som vi andre manglar.

Calum Macintyre er aktiv snøbrettkøyrar, student i Sogndal og styremedlem i Luftballett. Foto: Mike Guest

Artistisk research
Brekke fortel at vintersportsfolk har danna organisasjonen Protect our winter fordi dei har observert at det blir mindre snø.

– Det er ein kjempestor organisasjon, og gjennom samarbeid med dei håper eg å også nå fansen til ekstremsportsstjernene. Men ekstremsportsfolka har ei anna tilnærming enn folk i den klassiske øko-rørsla. Dei har inderlege band til naturen, men er husvarme i moderniteten.

Dette kunstprosjektet er både ei utforsking av eit emne og eit formidlingstiltak. Er det klimaaktivisme?

– Vi er forbi tida for aktivisme. Dei store problema som klimaendringane representerer, er så langt komne at det no er meir snakk om å skape dugnadsånd for å takle dei, få tiltak på plass. Det er viktig i møte med dei miljøa kor endringane blir drivne fram. Om ein ser bakover i historia, kan ein sjå at aktivistane, til dømes ved aksjonar mot vasskraftutbygging, kunne skremme lokale folk over på utbyggarane si side med stil og språkbruk. Det er samfunnsansvaret mitt som kunstnar å fokusere på det som er alle sitt ansvar, og bidra til at folk frå ulike miljø forstår kvarandre. Folk i næringslivet og på høgresida ser dei same problema og prøver på sitt vis å løyse dei. Mitt prosjekt er både dokumentasjon og eit forsøk på eit bidrag i dugnaden.

Margrethe Kolstad Brekke i aksjon. Studentar besøkjer her matskogen til Bærekraftig liv på Landås. Benedicte Brun fortel om den levande frøbanken, som Radio Luftballett skal følgje vidare. Foto: Andrea Eikseth

Kor er kunsten i dette?

– Dette prosjektet er vel litt på grensa. Eg er kunstnar, men klimaendringane engasjerer meg som privatperson og samfunnsborgar. Etter København-toppmøtet rådde det ei apokalyptisk stemning, folk var rådville. Eg kjente på angsten og såg den også i kunsten rundt meg. Difor er eg på leit etter ein måte å bidra på utan å skape meir usikkerheit. Eg vil skape håp og draumar, men det er vel snarare artistisk research enn kunst. Likevel: Dette er ein type prosjekt som eg trur ikkje kunne oppstått i andre samanhengar enn kunsten. Og det er logikken frå kunstfeltet som pregar formidlinga av innhaldet. Podkastane er laga som kunst, eller i alle fall som radiodokumentar med kunstnarisk tilnærming.

Brekke har stor tru på tverrfaglege tilnærmingar, og har ei oppmoding til KORO:

– Det tverrfaglege handlar om å tenkje nytt. Eg håper KORO vil ta det tverrfaglege på alvor, for det finst ein del motstand mot dette elles i kunstfeltet. Det er mange som veit kva som er problemet med klimaendringane, men som berre fortaper seg i dét. Det tverrfaglege er derimot effektiv, konstruktiv utveksling av kva ein faktisk må gjere noko med.

Høyr på Radio Luftballett og les meir her.

Vågestykke er ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad i Bergen. Målet med kunstprosjekta er å aktivisere menneska på og rundt høgskulen, og sjå nærare på samfunnsoppdraget og ambisjonane til skulen. Les meir her.

 

Victoria Slaymark er fjellklatrar, student ved Climate Change Management i Sogndal og styremedlem i Luftballet. Foto: Privat

Som surfar og styremedlem i Luftballett er Adam Gairns spesielt oppteken av utvikling av bølgjekraft. Foto: Mike Guest

 

 

 

Del denne artikkelen