Kinesisk samtidsfilmkunst på Campus Kronstad

16. til 18. og 23. til 25. februar kan du sjå verdskjent kinesisk samtidsfilmkunst kvar dag på Campus Kronstad/Høgskolen i Bergen kl. 19.00. Prosjektet er ein del av Vågestykke, ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved høgskolen.

Bilete er frå teiknefilmen The Spring of Huangjueping av Zhang Xiaotao. Xiaotao er ein kunstnar som arbeider bredt med maleri, foto, animasjon og installasjon. I verka sine grip han tak den tronge og komprimerte ramen han opplever den moderne forteljinga om dagens Kina formar. Han representerte Kina på Veneziabiennalen i 2013.

I mange år har relasjonen mellom Noreg og Kina vore spent. I den same perioden har skuler og universitet i Noreg hatt langvarige samarbeidsprosjekt med kinesiske læreinstitusjonar. Behovet for kunnskap om dette riket er stort, ikkje minst frå eit akademisk og menneskeleg perspektiv. Vi har vald å gripe fatt i kunst og dokumentarvideo i denne korte filmfestivalen på Kronstad. Gjennom mellom anna teiknefilm, animasjon, performans, dans og dokumentarvideo får vi eit innblikk i korleis disse kinesiske kunstnarane sjølv ser på samfunnet sitt. Noko vil vere framand men mykje vil og være kjend. Framveksten av eit industrielt Kina har skjedd hurtig, og samfunnet står på mange vis i eit spenn mellom eit djupt forankra ruralt liv og ein snøgt voksande og omgripande økonomi, noko som pregar mange av kunstnarane sitt arbeide.

Filmane viser menneskelege forhold vi kan kjenne igjen. Når Wen Hui i filmen Dancing with my Third Grandmother, endeleg treff si 84 år gamle tante og dansar med henne samstundes som dei snakkar saman, kjenner vi oss att i nærleiken og lengselen. Når Zhao Zhao i filmen Project Taklamakan trekk hundrevis av kilometer med straumkabel ut i ein aude ørken for å kople til eit medbrakt kjøleskap fullt av øl, er det eit fantastisk bilete på  stormannsgalskapsprosjekt.

Frå filmen Restart av Miao Xiaochun

 

Miao Xiaochun viser i animasjonen Restart alle tings vekst og fall der europeisk kunsthistorie spelar hovudrolla og med Beethovens dødsmesse som musikk. Eller for den saks skuld i Zhang Xiaotaos sjølbiografiske teiknefilm The spring of Huangjueping som fortel om historias såre sider frå oppveksten under kulturrevolusjonen. I den korte og intense filmen, Freedom Farming, pløyer Li Binyuan  det arva jordstykket sitt gjennom å kaste kroppen, igjen og igjen rundt i gjørma.
Filmane er laga av nokre av dei mest kjende kunstnarane i Kina. Dei viser verka sine på ei brei internasjonal scene, så som biennalar, der i blant Venezia og museum, blant anna MoMA og Moderna Museet, festivalar: Berlin med fleire. Kunstnarane representerer likevel fleire generasjonar, og i programmet som heilhet kan en få auge på den faglege dialogen mellom nokre av dei.

Programmet er satt saman av: Feng Boyi, Wang Dong og Bjørn Inge Follevaag i samarbeid med kuratorane for Vågestykke, Sissel Lillebostad og Trond Hugo Haugen. Prosjektet er ein del av Vågestykke, ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet frå KORO.

Kort om kunstnarane:

Zhao Zhao, også kjend som dokumentaristen til Ai Weiwei, er ein betydelig skikkelse i den unge generasjonen av kunstnarar. Hans provoserande kunstnarleg praksis, med anti-autoritære eller ikkje-konforme tendensar, har fått internasjonal merksemd dei siste årene med kritikarroste visningar.

Zhang Xiaotao er ein kunstnar som arbeider bredt med maleri, foto, animasjon og installasjon. I verka sine grip han tak den tronge og komprimerte ramen han opplever den moderne forteljinga om dagens Kina formar. Han representerte Kina på Veneziabiennalen i 2013.

Li Binyuan arbeidar med foto og performans, men og som skodespelar. Verka hans både underheld og utfordrar dei sosiale og politiske avgrensingane gjennom ein oppfinnsam og svært personlig kunstnarleg metode der han sett saman videokunst og skulptur med humoristisk og størande åtferd.

Miao Xiaochun er opptatt av øst-vest dialog, han hentar ofte biletane sine frå vestleg kunsthistorie og er mest kjend for sine 3D animasjonar, et felt der han reknast som ein av verdas fremste med fleire internasjonale utstillingar bak seg, mellom anna Veneziabiennalen i 2013.

Tian Xiaolei viser i digitale animasjonar dei komplekse relasjonen mellom menneskje, kropp, myter og omgivnad i en høgteknologiske kvardag og omkostningane og utfordringane dette fører med seg.

Qiu Anxiong er i sine animasjonar av kinesiske tusjmaleri opptatt av korleis Kina hastar mot kommersialisering og kva slags konsekvensar dette har. Hans arbeid kan sjåas som kritikk av massiv urbanisering og øydelegging av natur, med sosiale samanbrot som resultat.

Li Yifan & Yan Yu vant pris ved  filmfestivalen i Berlin for sitt verk Before the Flood om byen Fengjie, en 1000 år gamal by på Yangtze. Det er ein film der vi kan sjå samhørighet kollapsa inn i fornekting, frustrasjon og resignasjon da hele befolkninga blei tvangsflytta for å gjøre vei for Three Gorges Dam.

Ju Anqi  er ein av de mest anerkjente regissører frå den yngre generasjon. Filmane hans har mellom anna vore vist i Centre Pompidou og MoMA. I 2004 bidrog han til å endra kursen for kinesisk film etter å ha sendt brev til Kina Film Bureau om behovet for reformer.

Yin-Ju Chen arbeider mest med video og tema som makt, kollektiv åtferd og menneskelige relasjonar. Hun har mellom anna deltatt på Liverpool Biennial i 2016, 66th Berlin Film Festival og Biennalen i Sydney.

Wen Hui representerte Kina på Veneziabiennalen i 2015, og har eit uavhengig dansekompani ho starta i 1994, som er internasjonalt særs anerkjent. Ho er mest kjend for improvisert dans basert på møter med vanlege folki sine daglege liv.

Stad: Mimes brønn, Høgskulen på Vestlandet,
Campus Kronstad, Inndalsveien 28
Tid: 16. til 18. og 23. til 25. februar, kvar kveld kl 19.00.

Torsdag 16. februar kl 19.00 opningskveld: Foredrag med kurator Feng Boyi om kinesisk film- og kunstvideo. Han vil vise det han meiner på best vis reflekterer livet, kulturelle maktstrukturer, tendensar og samanhengar i den kinesiske kulturen i dag.
Meir informasjon finn du i programmet som ligg her.

 

Del denne artikkelen