Føreslår nye perspektiv

Fredag opnar den nye kontorfløyen ved Høgskolen i Østfold, med kunstverk av Inga Sund Hofset og Linda Lerseth. Dei utforskar visuelt det grunnleggjande omskiftelege ved tilværet.
- Eg tenkjer at kunst alltid handlar om å foreslå eit nytt perspektiv å tenke ut frå, og at den som ser må ta stilling til dette forslaget, sier Lerseth.

Ensnared surrogate 1 Linda Lerseth. Fotograf: Audar Kantun

I samband med at Høgskolen i Østfold si avdeling på Remmen i Halden er utvida med ei ny kontorfløy, er det kjøpt inn måleri av Inga Sund Hofset og skulpturar av Linda Lerseth.

Begge tematiserer at alt rundt oss er i konstant endring. I dei to skulpturane av Lerseth som er kjøpt inn til høgskulen, har ho tatt utgangspunkt i at det på molekylært nivå skjer ei utskifting av partiklar mellom alle flater og materiale som er i kontakt med kvarandre. I prosessen med verket Usurped Composition: Landscape, Flowers, Lemon (2017) har kunstnaren plassert ei samling objekt på stålplater for så å helle på saltvatn og eddik. Over tid har objekta rusta fast og etterlate avtrykk i platene.

– Grunnleggjande i kunsten er ein utforskande og nysgjerrig måte å tenkje omkring emne på. Det handlar om å prøve ut nye metodar for å sjå tinga rundt meg i eit nytt lys. Eg tenkjer at kunst alltid handlar om å foreslå eit nytt perspektiv å tenke ut frå, og at den som ser må ta stilling til dette forslaget. På den måten kan kunsten fungere som eit avbrot i dei fastsette tankerekkjene ein går rundt med. Og forhåpentlegvis plante ein tanke eller idé som tilskodaren kan ta med seg vidare i studiane og livet, seier Linda Lerseth.

Ho arbeider prosessbasert og utviklar ofte ideane medan ho lagar nye kunstverk.
– Eg hentar mange av ideane mine frå felt som naturvitskap, økologi og fenomenologi. Utgangspunktet er vanlegvis fleire lause idear som eg blir nysgjerrig på – og som eg føler har ein kompleksitet som kan utforskast vidare. Eg arbeider mykje med uttestingar og oppdagar nye ting undervegs som eg tek med meg vidare i prosessen. Når eg har kome fram til noko som verkar interessant, avsluttar eg arbeidet slik at eg kan dele resultatet med andre i form av eit kunstverk, seier Lerseth.

Shifts (1,2,4,5,6,9), Inga Sund Hofset. Fotograf: Audar Kantun

Seks måleri frå Inga Sund Hofset (NO) sin serie Shifts (2017) utforskar havet som motiv. Tittelen viser til det skiftande både i utsjånaden til havet og i korleis opplevinga av måleria kan variere avhengig av når ein passerer dei.

– Måleria i serien Shifts tek utgangspunkt i bølgjer på havet. Nærare bestemt, arbeidde eg med forholdet mellom å avbilde noko (bølgjene), og opplevinga av noko (bølgjene). Om ein ser på havet som motiv opp gjennom kunsthistoria, slo det meg at ein ofte kikar på havet. Men korleis blir det opplevd? Shifts blei laga etter ein heftig seilas eg var med på. På båten teikna eg. Eg prøvde å fange bølgjene. Bølgjene rundt meg, eller bølgene i meg. Så arbeidde eg med måleri tilbake i studio. Bølgjene var allereie blitt til noko anna, fortel Inga Sund Hofset.
– Dei små variasjonane blir vesentlege. Som døme på noko større, eller for å vise at det store består av nettopp einskilde menneske eller tilfelle. Eit blått bilde er ikkje berre blått. Ei flate består av mange varierte strok. Ein minimal feil kan gjere heile bildet vakkert.

– Noko som slår meg om møtet mellom måleria Shifts og deira nye heim i administrasjonsbygget på Remmen, Høgskolen i Østfold, er tankane om forholdet mellom å vere student og tilsett. Kanskje ein gjerne tenkjer at ein lærer på eit studie, og så begynner ein å jobbe med det ein har lært. Men i dei fleste yrke skal ein jo lære nye ting heile livet. Og etter studiet, på arbeidet, lærer ein å bruke det ein har lært. Dette er ei form for praktisk kunnskap som byggjer på den teoretiske.  Arbeid, og kanskje spesielt det administrative, består gjerne av noko gjentakande. Ein går til same kontor kvar dag, møter dei same kollegaene, eller ein løyser oppgåver lik dei ein har løyst før. Men innanfor desse kvardagslige, repeterande og faste rammene, er det små variasjonar. Som kanskje er der ein lærer, blir utfordra, veks og gjer noko viktig. Desse variasjonane er det som gjer tilfella ein arbeider med spesifikke – og kanskje dei ein opplever som meningsfulle – enten tilfellet er det einskilde møtet med ein student, eller korleis ein kan inkludere aktuell samfunnsdebatt eller -døme i undervisinga.

Inga Sund Hofset (f. 1983) og Linda Lerseth (f. 1984) har begge mastergrad frå Kunstakademiet i Oslo og bur i Oslo.

Shifts 9, Inga Sund Hofset (på veggen til høgre) og Usurped Composition, Linda Lerseth. Fotograf: Audar Kantun

 

Del denne artikkelen