Ungdomskuleelevar på Ski i fint driv. – Det er gøy å vere med på eit prosjekt som forandrar noko i Ski. Vi valde ikkje berre fargar, men fekk blande dei sjølve og sjå korleis sluttresultatet vart. Foto: Signe Marie Andersen
Aktuelt

Fargane i Ski

– Å sjå er eit grunnleggjande prinsipp i kunst, og kunnskap om fargar er ein nøkkel inn i ei ny verd, seier Ebba Moi. I eit deltakande kunstprosjekt i Ski brukte ungdomsskuleelevar fargelære som utgangspunkt for å undersøke identiteten til Ski og kanskje sjå byen på ein annan måte.

Elevar frå Ski ungdommskole er i gang med å omskape togundergangen. Foto: Signe Marie Andersen

– Den blåfargen der er i byvåpenet til Ski, så den tenkjer eg på når eg tenkjer på Ski, seier Oliwia Waz og peikar på ein av ni fargar som er presentert på ein plakat på Ski stasjon.

Waz tar valfaget «Design og redesign» ved Ski ungdomsskole og er ei av fleire som er blitt invitert til å delta i eit kunstprosjekt under leiing av Ebba Moi. Ho fortel at ho også blanda den lyse gulfargen som dei fann fram til i samarbeid, som ein kontrast til det grøne og blå. Ho teiknar mykje heime og vil studere kunstfag på vidaregåande.

– Det var gøy å vere med på eit prosjekt som forandrar noko i Ski. Vi valde ikkje berre fargar, men fekk blande dei sjølve og sjå korleis sluttresultatet vart.

Oliwia Waz (ho med blått hår) og andre elevar frå Ski ungdomsskole dokumenterer fargane i Ski. Foto: Signe Marie Andersen

Kreativt kaos
Ebba Moi er kunstnar med deltakande kunst som hovudfokus og er van med prosjekt med mange deltakarar. Ho legg rammene, og inviterer så inn andre til eit utforskande og skapande samarbeid. Ho fortel at opptil 25–30 elevar stod og måla samtidig i togundergangen.

– Det var ganske kaotisk iblant, men det gjekk veldig bra! Det krev mykje planlegging, men når ein først er i gang, må ein berre stole på prosessen.

Den norsk-syriske kunstnaren Anas Salameh har òg hatt ei viktig rolle i prosjektet.

– Då eg fekk oppdraget frå KORO, ville eg samarbeide med nokon lokalt, fortel Ebba Moi. – Eg kom over eit intervju med Anas kor han snakka om fargane i Damaskus og det han har reist frå i Syria. Det var der eg fekk ideen om å sjå på kva fargar som finst i Ski saman med Anas og skuleelevane.

Ebba Moi og Anas Salameh ved opninga av kunstprosjektet 21. september 2017. Foto: Signe Marie Andersen

Anas kom til Noreg frå Syria i 2013 og har budd i Ski sidan 2015. I heimlandet er han ein veletablert kunstmålar. Han har òg medieutdanning og jobba i mange år med animasjon for syrisk barne-TV. Då han kom til Noreg, tok det tid å skjøne korleis kunstlivet her fungerte, men no har han hatt utstillingar både i og utanfor Noreg.

– Det var hyggelig å jobbe saman med elevane, og oppleve korleis dei ser fargane i heimbyen sin, seier han.

Ope for alle
Delvis fordi Moi sjølv ønskte å lære meir om fargar, inviterte ho kunstnar og forfattar Geir Yttervik til å undervise elevane i Josef Albers’ fargelære. Etter at ungdomsskuleelevane også hadde høyrt Salameh fortelje om korleis han såg fargane i Damaskus, var oppdraget å finne ut kva fargar som representerer Ski for dei – og så blande primærfargar til dei fekk fram nyansane dei ville ha.

Torsdag 21. september var det tid for å presentere resultatet, og rett etter skuletid kunne ein sjå ein gjeng spente ungdomsskuleelevar samle seg utanfor Ski stasjon, rundt eit bord fullt av plastglas med brus.

Elevane blandar fargar før turen går til Ski stasjon å starte malearbeidet. Foto: Signe Marie Andersen

Kunstprosjektet vart opna av Solveig Aalberg, leiaren av kunstkomiteen i KORO, og Kathrine Kjelland frå prosjekteigar Bane NOR. Ebba Moi takka for samarbeidet med ungdommane og Anas Salameh. Etter utdeling av blomar og fotografering var det endeleg tid for å ta turen til togundergangen for å beundre forvandlinga av dei tidlegare kvite flisene på veggane i togundergangen.

Valet av nettopp undergangen som stad for kunstprosjektet var langt frå tilfeldig, fortel Ebba Moi. Ho jobba tidlegare mest med skulptur, men vart gradvis meir interessert i å jobbe med kunst i offentlege rom.

– Å skape i det offentlege rommet er ein motivasjon for å jobbe med kunst i det heile tatt. Det er meir interessant enn å stille ut i galleri. Tanken er å invitere inn grupper som vanlegvis ikkje har ei stemme i det offentlege rommet.

Les om oppstarten av prosjektet her.

Opningsmarkering på Ski stasjon med nokre av elevane frå Ski ungdomsskole, kunstnarane og representantar frå Bane NOR og KORO. Foto: Signe Marie Andersen