Ei eiga tilnærming til originalitet

Snorre Ytterstad likar å tenke umogelege ting. Ved å omforme eksisterande objekt vil han vise at kunst er eit språk for spelet mellom det konkrete og det imaginære. Frå 12. mars er han artist in residence hos Høgskulen på Vestlandet.

Snorre Ytterstad i arbeid med Cut #6. Fotograf: Pål Hoff

Av Merete Røsvik

– Eg er ikkje opptatt av å utvikle «ein personleg strek». Seg sjølv kjem ein ikkje bort frå uansett, seier Snorre Ytterstad.

Og han har heilt rett: Sjølv om skulpturane og installasjonane hans som oftast tar utgangspunkt i eksisterande objekt, er det ingenting anonymt ved kunstnarskapen. Snarare har Ytterstad markert seg som ein spesielt idérik og samfunnsengasjert kunstnar. Det skortar heller ikkje på praktisk kunnskap og handverk i måten han brukar og omformar gjenstandar og materiale på. I den nylege utstillinga The Gaslighting på Kunstnerforbundet i Oslo har han til dømes delt opp LP-plater i bitar og sett dei saman til kvadrat.

– Tidlegare eg gjort det same med ein pizza, som del av ei utstilling kor alle verka skulle ha noko med pizza å gjere, fortel han da vi møtest. – Eg bestilte pizza, kutta den med laser og pusla den om til eit kvadrat. Så vart den stilt ut. Det største problemet viste seg å vere å få levert ein pizza som ikkje var ferdig oppdelt!

Motsett har Ytterstad også gjort kvadratiske platecover og ei rute frå glastaket i utstillingsrommet om til sirklar. Sistnemnde har tittelen Circling the Square. The Class Ceiling og snur dermed på det klassiske geometriske problemet «squaring the circle». Samtidig knyter han verket til førestillinga om «glastaket» – usynlege strukturar i samfunnet som hindrar kvinner eller marginaliserte grupper i å gjere karriere.

Titlane betyr altså mykje i kunsten til Ytterstad. Transformasjonane mellom kvadrat og sirklar må ein difor også tolke i lys av namnet på utstillinga: The Gaslighting er eit ord som blir brukt om psykologisk eller politisk manipulasjon kor ein brukar fornekting, bortforklaring, sjølvmotseiing og direkte løgn for å så tvil om og forvirre andre si forståing av realitetane.

Målet for kunsten
I mars er Ytterstad artist in residence på Campus Kronstad i Bergen i regi av Vågestykke. Vågestykke er ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt som ein ønskjer skal aktivisere menneska på campus samt sjå nærare på samfunnsoppdrag og ambisjonar ved denne avdelinga av Høgskulen på Vestlandet. Ytterstad gjekk tre år på Kunstakademiet i Bergen og har både familie og vener der. Likevel er han spent på opphaldet.

– Det blir rart å gå inn i ein sånn prosess, det er annleis enn det eg har gjort før. Planen er å ta utgangspunkt i såkalla kunstig intelligens, eller maskinlæring, som vel er ei meir korrekt nemning. Eg liker parallellen mellom at ei maskin lærer seg ferdigheiter i eit kunstprosjekt ved ein utdanningsinstitusjon, og at eg kanskje får ny kunnskap gjennom opphaldet. Eg reknar med at resultatet blir eit temporært verk.

Kvifor Ytterstad er så oppteken av maskinlæring, kjem vi tilbake til. Men først vil eg gjerne høyre om dei tre verka han alt er representert med på Campus Kronstad.

Target Sculpture #4 av Snorre Ytterstad. Foto: Pål Hoff

Target Sculpture #2 av Snorre Ytterstad. Foto: Pål Hoff.

I kantina heng to av verka dine oppunder taket – dei ser litt ut som modellar av solsystem. Tittelen er Target Sculpture #2 & #4. Kan du fortelje om desse skulpturane?

Target Sculpture er utforma som ein vanleg blink eller målskive, men gjort tredimensjonal ved at sirklane er skore ut og hengsla i kvarandre. Når sirklane er bretta ut, dannar dei ein tredimensjonal skulptur. Slått saman blir arbeidet todimensjonalt og kan i praksis fungere som ein blink. Dermed oppstår det eit spel mellom fysisk bruk og abstrakt meining som er reflektert i tittelen. Kva er målet? Å lage ein skulptur. Kva er skulpturen? Eit mål! Tittelen spelar også på ein serie bilete frå 60-talet kalla «target painting», som igjen er knytt til russisk konseptuell kunst på 20-talet. Men det ligg også ei meir personleg historie i valet av objekt for skulpturen, fortel Ytterstad.

Øvst i bildet kan ein skimte hol etter dartpiler. Foto: Snorre Ytterstad.

– Bestefar budde i Harstad, og på veggen hadde han eit oljemåleri av ein bukk. Han hadde måla det sjølv, truleg hadde han kopiert noko anna. Han hadde talent for måling. Da far arva bildet, oppdaga eg at det var mange små hol i lerretet. Det viste seg at far og bror hans hadde brukt det som blink i dart! Det var neppe tilfeldig at dei valde å sikte på bukken; utan at det treng å ha vore noko dei reflekterte over, vart pilkastinga ein slags jaktfantasi. Igjen er det dette spelet mellom det konkrete og det imaginære. Kunst kan vere eit språk for nettopp det.

Språkspel og politisk spel
På Kronstad finst også verket Cut #6. Det er eit sirkulært spor i veggen, skore ut med eit kronestykke. Det har undertittelen Armlengdes avstandkvifor det?

Cut #6 – Armlengdes avstand, av Snorre Ytterstad, Campus Kronstad. Foto: Pål Hoff.

– Her er det også eit språkspel: Med utgangspunkt i eit hjørne har eg brukt lengda på armen min for å måle opp sirkelen. Storleiken gav seg dermed sjølv – eg er oppteken av at dimensjonane i ein skulptur skal stå til det konkrete eg tek utgangspunkt i. Eg gjorde kronestykke om til sagblad for å lage kuttet i veggen. Eg måtte bruke fleire myntar; sjølv om det berre er ein gipsvegg, er metallet mjukt og blir fort slite ned. Eg har brukt kronestykke på denne måten før også, og eg lèt alltid siste rest stå igjen i kuttet. Det kan bli oppfatta som eit statement, men det er mest ei visuell greie, så ein ser korleis saginga er utført.

Så kjem vi til den overførte meininga:

Snorre Ytterstad med kronestykke gjort om til sagblad. Foto: Pål Hoff.

– «Armlengdes avstand» blir brukt om prinsippet at staten ikkje skal bruke si finansiering av kunst til å bestemme kva slags kunst som blir produsert. Men med dei nyliberalistiske regjeringane dei siste tiåra har vi sett ei dreiing mot at staten vil styre meir og meir. Verket kommenterer også det at kunstnarane ofte sit igjen med ein svært liten del av midlane som blir tildelt kunst. Det blir ein slags «trickle down»-økonomi kor pengane skal fordelast til private aktørar. Dette kan jo også gjelde løyvingar til forsking. Parallellen er at ein blir brikker i eit politisk spel. Frå politisk hald blir kunsten i stor grad sett som eit bruksfelt, nyttig når ein skal bygge internasjonale relasjonar og «selje inn» norske interesser, og ikkje som eit autonomt område som er interessant i seg sjølv.

Input – output
I omtalar av kunsten din på nettet har eg fleire stader sett frasen: «ingenting er tilfeldig». Eg synest det er merkeleg – som om det vanlegvis er mykje tilfeldig i utforminga av kunstverk. Er meininga å uttrykkje at kunsten din er idédriven, at du ikkje driv med intuitiv estetikk?

– Vel, eg går ikkje inn i eit arbeid med klare tankar, og det er mykje eg begynner på som det aldri blir noko av. Eg er jo intuitiv også, eg leikar med ulike storleikar og tenkjer umogelege ting. Men eg prøvar alltid å ende opp med noko enkelt, å minimalisere prosessen og finne den optimale forma. Eg synest transformasjonar er interessante, eg liker å ta utgangspunkt i noko som allereie finst i verda.

Kva betyr originalitet for deg?

– Eg er ikkje så opptatt av originalitet, eller eg har ein annan innfallsvinkel. Men det å ha mi eiga tilnærming blir ekstra viktig når eg brukar objekt andre har laga, og den språklege konteksten er viktig. Eg er redd for at andre skal legge for store føringar, eg likar ikkje å måtte inngå kompromiss for å få gjennomført prosjekta. Difor er eg spent på dette med Vågestykke, om det vil bli slik.

Korleis kom du inn på dette med maskinlæring?

– Eg har tidlegare vore oppteken av algoritmar for musikk i dataprogram frå 80-talet. Eg kan ingenting om musikk og ingenting om programmering, men ideen er at ein maskin kan hjelpe deg med å generere ting du ikkje kunne ha gjort sjølv. No vil eg bruke slikt eg finn som open source på nettet. Maskinlæring er eigentleg statistisk analyse og samanlikning av data gjennom mønstergjenkjenning. Eg kan ikkje så mykje om teknologi, men ein gong var eg fullstendig opphengt i GPS-teknologi. Eg hadde ein handhalden Garmin GPS med overalt, eg kunne gå i skogen og alltid vite kor eg var og kor bilen stod. Eg samla data om eigne ruter og fekk grafiske framstillingar av dei. Kanskje det var den dårlege retningssansen min som gjorde at eg vart så interessert.

Ytterstad er tydelegvis ein mann som forfølgjer interesser med større lidenskap enn dei fleste, og gir meg ei lengre utlegging om maskinlæring som eg ikkje har forkunnskap nok til verken å henge med på eller gjengi her. Men éin ting forstår eg er viktig, nemleg at resultatet av maskinlæring er avhengig av kva input maskina får.

– Utfordringa i Bergen blir å finne ut kva slags data eg skal bruke. Det vil legge føringar for resultatet. Eg er open for tilfeldigheiter. Kanskje eg endar opp med gjere noko om bogekorps, tromming, lyden av sykkelbjøller – eller kanskje eg skal tune lyd eller måle frekvensar. Vi får sjå kva det blir! Prosjektet ligg eigentleg utanfor komfortsona mi. Men det er vel difor dei har valt å kalle det for Vågestykke.

Les meir om kunst som finst på Campus Kronstad.
Les meir om Vågestykke.
Les om Snorre Ytterstads verk Diamond Cube With Beams hos Politiets Sikkerhetstjeneste (PST).

Del denne artikkelen