Brunsnigelen har også eit hjarte

Cathrine Evelid har laga lydinstallasjon av hjarteslaga til ein brunsnigel. Ho vil ikkje overforklare prosjektet. – Folk kan tenkje vidare sjølve, seier kunstnaren.

Cathrine Evelid. Foto: Pernille Blåfjell Walvik, Aschehoug forlag

Av Merete Røsvik Granlund

«Snigelen lever i ei sanseverd av smak, lukt, lys, fukt og temperatur. Hjarteslaget til snigelen, som kan koma opp i nesten hundre slag i minuttet, er musikk frå ein gøymd stad.»

Så poetisk kan ein altså snakke om brunsnigelen, eit vesen dei fleste av oss tenkjer på som noko ekkelt som invaderer og øydelegg hagane våre. Sitatet er henta frå ein omtale av lydinstallasjonen Arion på nettsida til Vågestykke, serien av stadspesifikke, tidsavgrensa kunstprosjekt som verket til Cathrine Evelid inngår i. Lydinstallasjonen er blitt spelt av i ein korridor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad i Bergen sidan 7. november i haust. Tittelen er henta frå det latinske namnet til brunsnigelen: Arion vulgaris. Eg møtte kunstnaren for å høyre meir om arbeidet.

Korleis kom du på dette, å ta opp hjartelyden til ein brunsnigel?

– Då eg fekk hage, vart eg interessert i å dyrke ting. Hagen vart raskt invadert av brunsniglar, og i starten hadde eg vanskar med å drepe dei. Men eg måtte jo ta dei. Det som overraska meg, var kor raskt vegringa forsvann; eg gjekk frå å nøle til å ville utrydde dei totalt. Så begynte eg å kikke nærmare på sniglane. Så små dyr veit ein jo ingenting om, ein ser aldri nøye på dei, dei er berre framande. Brunsnigelen har ei sånn hovudkappe med eit pustehol som utvidar og trekkjer seg saman når han pustar. Han vart eit vesen med eigenart for meg. Slik fekk eg ideen om å bruke han i eit kunstprosjekt. I starten ville eg spele inn pustelydane til snigelen, men det var teknisk vanskeleg. Så snakka eg med folk som har forska på sniglar, og fann ut at eg ville ta opp lyden av hjartet. Ein tenkjer jo knapt at slike små vesen HAR eit hjarte som lagar lyd.

Korleis går ein fram for å få tatt opp den lyden?

Sniglar under arbeidet med lydopptaket. Foto: Cathrine Evelid.

– Det finst fakstisk ein spesiell mikrofon som er utvikla for å ta opp nettopp lyden av hjartet til sniglar. Det er fordi dei blir brukt mykje i forsking. Mellom anna blir store sniglar brukt til å finne ut om vatn er forureina. Denne mikrofonen var det så mange som snakka om at han fekk nærmast mytiske proporsjonar. Men dei som produserer han, er i ein spesialisert, teknisk avansert bransje og svarte ikkje på epostane og telefonoppringingane mine. Til slutt viste det seg at mikrofonen var ute av produksjon og umogeleg å få tak i.

Snigelen er redd
Evelid hadde i mellomtida snakka med fleire som jobbar med små dyr som froskar og andre reptil. Veterinær Anne-Lise Tallås fann ut at dei kunne bruke ultralyd til å fange opp hjarteslaga til brunsnigelen.

– Snigelen har eit ope blodsystem; blodet går rett ut i vevet, ikkje i blodårar. Men han har likevel eit hjarte som pumpar det ut. Det er så lite at vi i starten ikkje fann det. Det var vanskeleg å kome til, for dei stakkars sniglane prøvde jo å kome seg unna, og alt er så bitte smått. Då vi endeleg fann hjartet, var det ingen lyd. Først på fjerde forsøk, etter at vi hadde begynt å tenkje at det var umogeleg, fann vi akkurat det rette punktet og fekk fanga opp lyden.

Kan du prøve å skildre korleis avspelinga i korridoren høyrest ut?

– Du høyrer lyden av ein puls, som i prinsippet kan kome frå kva levande vesen som helst – eit menneske, til dømes. Det som er litt rart, er at pulsslaga ikkje er sakte og rolege, som ein kanskje skulle tru om ein snigel. Du kan høyre at snigelen kjenner seg truga i opptakssituasjonen; pulsen er rask og ujamn. Med ein gong du kjem inn i korridoren kor lydinstallasjonen er, høyrer du pulsen, og sidan gangen er lang, følgjer lyden deg til du går ut igjen.

Finst det informasjon om prosjektet, slik at folk veit kva dei høyrer?

– Ja, det er sett opp eit skilt om kunstprosjektet. Men det er ikkje sikkert at alle som går der tenkjer over kva lyden er.

Miljødimensjonar
Brunsnigelen er tilrådd utrydda i EU. Synest du det er grunn til å ha kvalar for å avlive ein slik art?

– Han er jo til skade for landbruket og forstyrrar økosystemet. Han har også kryssa seg med skogssnigelen vår, slik at han no kan overleve den norske vinteren. Men hovudgrunnen til at det er blitt så mange brunsniglar her, er at vi importerer plantejord som inneheld snigelegg. Sidan 70-talet har vi også på andre måtar gripe inn i naturen og landbruket og øydelagt balansen. Det er eit tankekors at vi er komne så langt at vi no må utrydde ein art.

Campus Kronstad, Høgskulen i Bergen. Foto: Pål Hoff.

Dette er eit prosjekt kor det er fort gjort å assosiere til politikk, som til debatten om folkegrupper mange ikkje vil ha her i landet?

– Ja, men eg tenkjer at prosjektet er såpass enkelt og tydeleg at eg ikkje har lyst til å kommentere det meir. Folk kan tenkje vidare sjølve. Men hugs at dette er stadspesifikk kunst, ein del av Vågestykke-serien. Målgruppa er studentane på Campus Kronstad, og mange av dei studerer til å bli helsepersonell. Lydinstallasjonen har ein liv-og-død-tematikk som er spesielt aktuell for dei, så dei kan få andre assosiasjonar enn deg. Somme har nemnt aktiv dødshjelp, til dømes.

Men kva slags ord vi brukar seier mykje?

– Det finst veldig mange artar av brunsnigelen, med ulike namn. Språkbruken, at han er eit skadedyr og skal utryddast, og kallenamn som mordarsnigel og kannibalsnigel, viser kor ekkel alle synest at han er. Men no som eg har halde på med desse dyra ei stund, ser eg annleis på dei. Og eg har slutta å drepe dei.

Kva skjedde med hagen din då?

– Det er faktisk veldig lett å finne plantar brunsnigelen ikkje er interessert i. Plantar som luktar sterkt, som har hardt vev. Skogsplantar og liknande. Så eg har latt mange av dei gamle plantane mine forsvinne, og heller funne meir hardføre plantar. Då regulerer det seg sjølv. Brunsnigelen går mest laus på prydhageblomane.

Frå litteratur til flyktig lyd
Du har gitt ut tre romanar som er blitt godt mottekne, mellom anna er du blitt promotert i utlandet av NORLA. Men du er altså utdanna biletkunstnar. Er dette prosjektet representativt for resten av kunstnarskapen din?

– I nokre år har eg jobba mest med skrivinga, men no har eg tenkt å kombinere skriving og andre kunstprosjekt. Eg likte at dette var eit temporært prosjekt, og spelet mellom proporsjonane – at eit så lite dyr lagar ein så stor lyd i rommet. Å arbeide med slike prosjekt er veldig annleis enn å skrive. Forskjellane er så store at det ikkje er sikkert at eg klarer å jobbe parallelt med kunstformene. Men eg set pris på variasjonen. I samtidskunsten kan eg jobbe veldig smalt, utan å ta omsyn til eit større publikum. Etterpå kan det vere veldig fint kome tilbake til skrivinga, som er retta mot fleire og meir tilgjengeleg.

Nokre av dei mest eksperimentelle romanane som er komne ut dei siste åra, er skrivne av biletkunstnarar? Som Vibeke Tandberg, Matias Faldbakken og Ingvild Schade.

– Eg føler at eg går motsett veg – at eg er meir tradisjonell i skrivinga enn i biletkunsten. Eg ønskjer å ha den kontrasten.

Då kunstprosjektet ved Campus Kronstad vart opna, ønste Evelid ikkje ei markering, ho ville la opplevinga av lydinstallasjonen tale for seg. Vågestykke har delt informasjon om prosjektet på nettsidene til KORO og gjennom sosiale medium som Facebook.

Del denne artikkelen