European Attraction Limited

Fadlabi (SD) og Lars Cuzner (SE)

Sommaren 1914 vart åtti afrikanarar stilt ut i den såkalla Kongolandsbyen i Frognerparken i Oslo under den storslåtte feiringa av hundreårsjubileet til Grunnlova. Da kunstnarane Fadlabi og Lars Cuzner foreslo å bygge opp Kongolandsbyen på nytt i høve tohundreårsjubileet, skapte det stor debatt i både norske og internasjonale medium.

European Attraction Limited,
European Attraction Limited,

Om prosjektet

Dei to kunstnarane ønskte å bidra til auka refleksjon rundt det dei meinte var ei kollektiv fortrenging av nasjonal rasisme. I den opphavlege Kongolandsbyen frå 1914 vart ei gruppe menn, kvinner og barn frå Senegal stilt ut offentleg som ein del av ei større utstilling som skulle vise fram kulturlivet, framstega og landevinningane innan alle felt i det moderne Noreg. Det ein kan sjå på som ein menneskeleg zoologisk hage, var ein del av nasjonsbygginga som grunnlovsjubileet skulle bidra til. I spissen for arrangementet stod dei leiande mennene i landet, med kong Haakon VII som øvste beskyttar. Ei mengde tilreisande strøymde til hovudstaden, og i lang tid etterpå vart utstillinga referert til som «Eventyret på Frogner». Trass i det enorme besøkstalet – 1,4 millionar menneske i løpet av dei fem månadene utstillinga stod – fekk hendinga merkeleg lite omtale i ettertid.

Fadlabi & Cuzner relanserte ideen om Kongolandsbyen i 2011. Året før hadde dei komme over informasjon om 1914-utstillinga og blitt overraska over kor lite kjend hendinga var tatt i betraktning omfanget den hadde. To år seinare arrangerte dei ein konferanse med kunstteoretikarar og akademikarar kor målet var å skape diskusjon rundt tema som rasisme, antirasisme, representasjon og kulturell dominans, og løfte fram mulege måtar å attskape eller sette i scene Kongolandsbyen på.

Heile vegen frå idé til relansering vart prosjektet møtt av sterke reaksjonar, og fleire gonger undervegs vart planane forsøkt stoppa av frykt for konsekvensane dei kunne få. Kunstnarane spreidde bevisst motstridande informasjon om korleis dei planla å omsette den historiske hendinga til vår tid: Mellom anna bidrog dei til spekulasjonar om i kva grad ein også denne gongen ville stille ut afrikanske menneske. Antirasistiske organisasjonar meinte at arrangementet ville bli ein rein kopi av den opphavlege landsbyen frå 1914 og vidareføre rasistiske haldningar gjennom å stigmatisere menneske med afrikansk bakgrunn.

Nokre få veker før utstillinga opna, vart det offentleggjort at kven som helst, uavhengig av opphavsstad eller hudfarge, kunne delta i prosjektet som «utstillingsobjekt». Da Kongolandsbyen opna, nøyaktig hundre år etter den opphavlege hendinga, herska det stor usikkerheit rundt kven som var publikum, og kven som vart utstilt.

Gjennom iscenesettinga av hendinga ønskte Fadlabi & Cuzner å synleggjere kva for haldningsendringar som faktisk har funne stad i løpet av dei hundre åra som er gått, og å kaste lys over ein gløymt og skambelagt del av nyare norsk historie.

 European Attraction Limited

Publikasjoner

URO - EAL- The Conference
URO - EALtd-nor-cover
URO-EALtd-eng-cover

Detaljer

Adresse

Frognerparken, Oslo

Fylke

Oslo

Kunstnere

Lars Cuzner
Mohamed Ali Fadlabi

Dato

15.05.2014 - 31.08.2014

Produsent (URO)

Bo Krister Wallström

Prosjektleder

Alette Schei Rørvik

Arkitekt

Nicolaj Zamecznik

Ingeniør

Haug og Holm-Bakke AS v/ Øistein Pettersen

Lyd

Eidotech

Samarbeidspartner(e)

Stiftelsen Fritt Ord

Produsert av

KORO (URO)

Fotograf - URO

Alette Schei Rørvik

Program

Kunst til andre offentlige arenaer