«Dette er et fint sted»

Victor Lind (NO)

Carl Fredriksens Transport var dekknamnet på ein hemmeleg flyktningtransport under den andre verdskrigen. Historia var lite kjend inntil kunstnaren Victor Lind tok initiativ til ein minnestad like ved Carl Berners plass i Oslo, med utsikt mot gartneriet kor flyktningane blei gøymde før reisa til Sverige.

Dette er et fint sted, . Fotograf: Alette Schei Rørvik
Dette er et fint sted, . Fotograf: Alette Schei Rørvik

Om prosjektet

Historia om flyktningsmuglinga byrjar med at fire jødiske brør kom seg unna Statspolitiet under massearrestasjonen av jødiske menn 26. oktober 1942. Dei oppsøkte gartnaren Rolf A. Syversen og bad om å få gøyme seg i gartneriet hans. Syvertsen kjende andre som var involvert i transport av flyktningar til Sverige, og i samarbeid med politimannen Alf Tollef Pettersen, Gerd Pettersen og Reidar Larsen var han med på å hjelpe rundt tusen menneske over grensa, om lag halvparten av dei jødar. Hausten 1943 vart transporten avslørt, og fleire av dei involverte i gruppa blei arresterte og skotne, òg gartnaren Rolf A. Syversen, som etterlét seg kone og ein liten son.

I 2008 tok Victor Lind initiativ til å lage ein minnepark like ved staden der gartneriet låg. Dette er et fint sted ligg mellom Hasleveien og Hekkveien i Oslo, og er laga i samarbeid med arkitektkontoret Snøhetta. Ein stålkanta sti slynger seg opp til det høgste punktet i parken, som har utsikt over heile byen og plassen der gartneriet låg. På utkikksstaden står ein stjernekikert, og i ein lund av kirsebærtre er ei åttekanta stjerne i stein plassert. Eit utdrag frå Jøden av Henrik Wergeland, skrive i 1842, er gravert inn i steinen. Diktsamlinga var Wergeland sitt innlegg i kampen for jødane sin rett til opphaldsløyve i Noreg. Ei anna åttekanta stjerne har ein tekst om hendingane og personane som tok del i redningsaksjonen. I Sukkertoppveien, på fortauet utanfor Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige, er ei stjerne nedfelt med inskripsjonen «Her lå Syversens gartneri.» Det som tidlegare var ei overgrodd skråning, har vorte ein stad for å reflektere over redningsaksjonen og gje den ein større plass i folk si forståing av krigen.

Lind har i tidlegare arbeid via stor merksemd til deportasjonen av norske jødar under krigen, og særleg til spørsmålet om skuld og ansvar. Dette er et fint sted ber med seg ei forteljing om alminnelege menneske som ikkje svikta, men tvert imot hjelpte andre med fare for eige liv.

Publikasjon

Dette er et fint sted_cover

Detaljer

Adresse

Parken ligger mellom Hasleveien og Hekkveien, like ved Carl Berners plass i Oslo

Fylke

Oslo

Kunstner

Victor Lind

Ferdigstilt dato

31.10.2013

Produsent (URO)

Bo Krister Wallström

Produsert av

Oslo kommune
KORO (URO)

Samarbeidspartner(e)

Sparebankstiftelsen DNBNOR
Stiftelsen Wergelandsdagen
Jødisk Museum Oslo
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo

Stenhugger

Johansens Monumenthuggeri

Entreprenør

AGRO Anleggsgartnerservice AS

Landskapsarkitekt

Snøhetta

Prosjektansvarlig

Per Bj. Boym

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til andre offentlige arenaer