Oppdragsportal

Om portalen

Vi opplever for tiden tekniske problemer med oppdragsportalen og jobber med å finne en løsning. Ta kontakt med oss på e-post post@koro.no hvis du har planlagt å lyse ut et oppdrag.

Gjennom Oppdragsportalen til KORO kan offentlege og private aktørar lyse ut kunstrelaterte oppdrag til kuratorar, konsulentar og produsentar. Ved å bruke denne tenesta kan oppdragsgivaren nå ei rekke fagpersonar over heile landet, og ta imot og behandle søknader på ein enkel måte. Utlysingane er samla på ei eiga side i portalen.

Fagpersonar som har kompetanse innan kunst i offentlege rom, kan søke opptak i KORO sitt nettverk for kuratorar og kunstkonsulentar. Nettverket er ein del av Oppdragsportalen. Søknader om opptak i nettverket blir fortløpande behandla av kunstseksjonen i KORO. Dei som blir godkjende for opptak, vil kunne få utlysingar frå offentlege og private aktørar i heile Noreg, inkludert KORO, knytt til aktuelle kunstprosjekt.

Dei som lyser ut oppdrag eller søker om opptak i nettverket, fyller sjølve ut og redigerer prosjekt- og profilsidene sine. Dette sikrar mest mogleg oppdatert og relevant informasjon i portalen.

Oppdragsportalen skal fungere som ein marknadsplass for alle aktørane i feltet. Alle som vil lyse ut oppdrag, kan registrere seg som brukarar, for eksempel kommunar og fylkeskommunar, privatpersonar og andre private aktørar.

Portalen er ikkje meint for utlysing av kunstnaroppdrag, som konkurransar og prekvalifisering.

Utlysing av oppdrag:

– Ein kan lyse ut oppdrag ved å opprette ein brukar og publisere ein utlysingstekst med relevant informasjon. Oppdragsgivaren kan velje om dei ønskjer å publisere utlysinga ope på utlysingssida i Oppdragsportalen, eller om dei vil sende utlysinga til alle eller berre nokre i Nettverket.

– Oppdragsgivaren kan enkelt lese, skrive ut, behandle og svare på innkomne søknader i Oppdragsportalen.

– Ein kan vidaresende kopi av søknadene automatisk til postmottaket til  mottakaren slik at dei blir arkivert.

Søke på oppdrag:

– Dei som er tatt opp i nettverket, kan søke på oppdrag via utlysingssida eller ved å svare på e-post frå oppdragsgivaren. CV og kontaktinformasjon blir automatisk sendt frå profilsida til oppdragsgivaren, og må bli følgd av ein motivasjonstekst for kvart enkelt oppdrag.

Også søkarar som ikkje er tatt opp i nettverket, kan søke på oppdrag som er lyst ut i Oppdragsportalen.